hareid_il_logo_135.png









 
16.06. Valder - Hareid 1-1: Ny jamn kamp, tredje uavgjorte på rad
Ein OK kamp av eit nykomponert Hareid-lag, her ved Ulrik Wingsternes (bak) og Alexander Nevstad. Men det begynner å bli mange "heiderlege" uavgjort-kampar no.
Ein OK kamp av eit nykomponert Hareid-lag, her ved Ulrik Wingsternes (bak) og Alexander Nevstad. Men det begynner å bli mange "heiderlege" uavgjort-kampar no.

Simon Holstad sende Hareid i leiinga etter ti minutt. Henrik Hole Oksnes utlikna etter 31 minutt. Og fleire mål vart det ikkje i ein jamn kamp på Valdervoll der Hareid hadde dei største sjansane på tampen.

Grunna karantenar og eit reisefråfall måtte Hans Gisle Holstad og trenarane gjere tre endringar frå start. Ulrik Wingsternes, Runar Stranden og 15-åringen Simon Holstad Grimstad fekk sjansen. Ikkje verst at Hareid å stille eit så slagkraftig lag med tanke på at ytterlegare fire mann frå før av var uaktuelle av ulike grunnar. Også benken var god.

Hareid i leiinga

Valder har vore i kjempeslag den siste tida og mobiliserer for opprykk, men bortelaget Hareid gjekk respektlaust til verket. Etter seks minutt hamra Øyvind Hagen ballen i tverrleggjaren og ned på streken (enkelte meinte han også var over streken, men målteknologi er enno ikkje innført i denne divisjonen). Fire minutt seinare drog Simon Holstad Grimstad med seg ballen inn i 16-meteren og sende han iskaldt forbi keeperen. Dermed 0-1.

Valder slo tilbake

Hareid var best dei første 15-20 minutta, men Valder (som hadde medvind) styrte deretter showet inn mot pause. Etter 31 minutt kom 1-1 då Henrik Hole Oksnes heada ballen i mål etter ein corner. Fire minutt før pause stod det også 1-1 i tverrleggjarskot etter eit godt forsøk frå ein Valder-spelar.

2. omgang var jamn og bølgja fram og tilbake. Valder hadde dei første store sjansane. Mathias Dyb kom åleine mot Vagn Scheide Mork etter 60 minutt, men sistnemnde redda greitt. Valder følte seg også snytt for eit straffespark denne perioden. Vi stod ikkje godt nok plassert til å sjå om dei hadde ei god sak.

Best på tampen

Mange venta eit stort press mot Hareid-målet dei siste 20 minutta. Men det vart motsett. Valder hadde ein del spel, men litt overraskande valde dei å avslutte mange av angrepa sine med ufarlege langskot frå både 30 og 40 meter. Hareid kom på mange gode overgangar. Innbytar Christer Adrian Mork var farleg frampå etter 72 minutt då han vart spelt gjennom av Øyvind Hagen, men «Bromle» fekk ikkje treff. Vi fekk sjå fleire gode kombinasjonar med mellom anna Mork, Hagen, Håkon Orten Trovåg og Fredrik Andresen som viktige deltakarar. Då Hareid fekk ein stor sjanse etter 91 minutt var det igjen Hagen som fann Mork inne i boksen. Det var berre så vidt Valder-keeperen fekk redda. Dommar Eldevik la til seks minutt utan at nokon av laga klarte å avgjere. Og 1-1 var vel eit relativt rettvist resultat?

- Greitt med uavgjort

- 1-1 borte mot Valder seg eg på som akseptabelt. Spesielt med tanke på at vi måtte gjere fleire rokeringar på laget i dag. Det var greitt med 1-1 i dag. Vi var best i første del av 1. omgang. Etter pause vart det meir panisk, men vi hadde 2-3 kjempesjansar og dei 1-2, seier Hareid-trenar Hans Gisle Holstad.

Barnebarnet Simon Holstad Grimstad var nøgd etter å ha scora sitt første seriemål for Hareid.

- Veldig herleg å score. Då eg kom åleine med keeper trudde eg først det var offside. Men det var det ikkje. Så då skaut eg ballen i mål, seier 15-åringen.

Hareid står no utan sigrar på dei fire siste, men har spelt uavgjort mot både FK Sykkylven, Ørsta og Valder – lag som ligg høgt oppe eller er venta å kjempe høgt på tabellen.

Ref. HIL

Kampfakta
4.-divisjon runde 11 (framskunda frå juli)
Valder – Hareid 1-1 (1-1)
Valdervoll
Tilskodarar: 65
Mål: 0-1 S. Grimstad (10), 1-1 H. Oksnes (31)
Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy – 6
Gult kort Hareid: Nevstad
Hareid (4-2-3-1): Vagn Scheide Mork (K) – Håkon Orten Trovåg, Ulrik Wingsternes, Ørjan Engen Grimstad, Nauris Driksna – Alexander Nevstad, Simon Holstad Grimstad (Thanusan Tharumalingam 90) – Runar Stranden (Christer Adrian Mork 61), Ola Kalvø Vattøy (Ivar André Aadland 72), Georg Eikrem Olsen (Fredrik Andresen 75) – Øyvind Hagen
*** Ø. Grimstad, ** Wingsternes, * Trovåg

ARRANGEMENT

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR