hareid_il_logo_135.png









 

26.07. Hareid - ÅVK 3-3: Rota vekk sigeren

Georg Eikrem Olsen viste gryande haustform mot ÅVK, då han båe scora og skaffa Hareid eit straffespark.
Georg Eikrem Olsen viste gryande haustform mot ÅVK, då han båe scora og skaffa Hareid eit straffespark.

Hareid såg ut til å gå mot ein grei 3-1-siger i treningskampen mot Åram/Van.kam. torsdag kveld, men to baklengsmål på tampen sørgja for "poengdeling". Uansett var nok dette ei grei økt for begge lag, der Hareid sleppte til fleire spelarar som ikkje har spelt a-lagsfotball i vår. 

Hareid stilte ein tropp på 18 spelarar denne kampen, der alle fekk sjansen til å vise seg fram. Vi kjem nærare tilbake til kven som debuterte og gjorde comeback i Statistikkhjørnet seinare. Det mest gledelege var uansett å sjå Joar Møller tilbake etter tre månader på sidelinja.

Frå a-stallen var ikkje Ronny Jørgensen, Martin Mork Breivik, Martinus Røyset Bakken og Georg Rise Gaasø med denne kampen. 11-aren vart sett opp ut frå kven som kan spele mot Stranda tysdag. Derfor starta Lars Andreas Dahlen Folkestad og Audun K. Øvrelid på benken. 

ÅVK mangla også nokre sentrale spelarar, men stilte eit ganske godt lag. 

Berre nokre sekund var spelt då ÅVK med litt meir hell kunne ha tatt leiinga, men misforståinga mellom Vagn Scheide Mork og Ole André Kragset vart ikkje skjebnesvanger. Hareid låg lågt i bana i starten av kampen, som var jamn spelemessig. Vi noterte ytterlegare ein halvsjanse til ÅVK før Hareid på vakkert vis tok leiinga etter 18 minutt. Eiliv-Tore Howlid spelte fram til Georg Eikrem Olsen. Ca. 25 meter frå mål vende han vakkert opp før han iskaldt plasserte ballen i lengste hjørne. Spisskollega Christer Adrian Mork hadde også ein bra sjanse denne perioden som han dessverre brende. 

Så skjedde det lite fram mot pause. Hareid hadde brukbar kontroll på kampen og var det laget som fekk til mest spelemessig. Men to minutt før pause svikta konsentrasjonen nokre sekund. Det utnytta den kjappe spissen Torgeir Halsen, som vart spelt gjennom og scora sikkert åleine med keeper Mork.

*

I store delar av 2. omgang var Hareid det beste laget. To minutt var spelt då Georg Eikrem Olsen og Kim-Tore Husøy kombinerte fint. Husøy spelte presist inn til Olsen, som vart felt inne i 16-meteren. Straffa sette som vanleg Husøy i mål. Dermed 2-1. Etter 49 minutt kunne leiinga ha vore dobla, men headinga til Christer Adrian Mork gjekk i stonga.

Utover i omgangen gjorde Hareid ein del byte, noko som naturleg nok gjorde at spelet ikkje flaut like godt. Elling Flister kunne ha utlikna etter 64 minutt, men skaut utanfor. Ni minutt seinare gjekk Hareid opp i 3-1. André Egset Nupen slo ein presis ball i bakrommet. Audun K. Øvrelid tima løpet godt. Den første avslutninga hans gjekk rett på ÅVK-keeper "Bergebluesen", men returen sette 15-åringen sikkert i mål. 

ÅVK hadde ikkje med seg så mange innbytarar, og mange trudde kanskje at dei skulle gå tomme mot slutten. Men nei. Sju minutt før slutt klarte ikkje heimelaget å klarere eit innlegg frå venstre. Jon A. Ekrem visste det neppe sjølv, men ballen gjekk via vedkommande ÅVK-spelar og i mål. Det gjekk mot eit 3-2-resultat, men Torgeir Halsen hadde ikkje gjort seg ferdig for dagen. To minutt på overtid mista Hareid ballen på midtbana. Halsen fekk ballen i bakrommet, og scora deretter eit nesten identisk mål som 1-1.

Dermed enda denne treningskampen 3-3.

*

Hareid leverte ein ujamn match, men utbytet var nok godt. Ein del spelarar verka litt rustne og hadde berre godt av denne gjennomkøyringa. Offensivt sat samspelet mellom Olsen og Mork fint. Husøy var også flink til å komme i rommet bak spissane, sjølv om avslutningane til Hareid-kapteinen i hovudsak gjekk over denne torsdagskvelden. Defensivt så var det positivt at ÅVK kom til få sjansar, men bortelaget var relativt effektive. At motstandaren ikkje scora eit einaste dødballmål er jo også noko å ta med seg.

Tvi, tvi. Dette var trening. Tysdag startar alvoret igjen med bortekamp mot Stranda i 3.-divisjon.

Kampfakta
Treningskamp, 26. juli
Hareid - Åram/Vanylvskameratane 3-3 (1-1)
Hareidsmyrane stadion
Ca. 20 tilskodarar
Mål: 1-0 Georg Eikrem Olsen (18), 1-1 Torgeir Halsen (43), 2-1 Kim-Tore Husøy (47, straffe), 3-1 Audun K. Øvrelid (73), 3-2 Jon A. Ekrem (83), 3-3 Halsen (90+2)
Dommar: Per Inia Brekke
Ingen kort
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork - Alexander Nevstad (Joar Møller 66), Marius Rise, Eiliv-Tore Howlid (André Egset Nupen 46), Ole André Kragset (Lars Andreas Dahlen Folkestad 60) - Joachim Røyset, Kim-Tore Husøy (K) (Hiwa Alipoor 76), Tore Johan Ytre-Hauge (Ivar André Aadland 81), Thor-Ove Brekke - Georg Eikrem Olsen (Venthan Ketheeswaran 81), Christer Adrian Mork (Audun K. Øvrelid 61)
*** Olsen, ** Nevstad, * CA Mork


ARRANGEMENT

KLUBBKVELD

Tema:

"Frivilligheit" 

4.april kl.18.00

Hareidhallen

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR