hareid_il_logo_135.png









 

06.08. Hareid - Hødd II 0-7: Møtte overmakta, og vel så det

- Det følest ut som dei hadde dobbelt så mange spelarar som oss, sa ein Hareid-spelar etter kampen. Her ser vi Thor-Ove Brekke flankert av Thomas Lid Kleppe, Henrik Grimstad og Eirik Heltne.
- Det følest ut som dei hadde dobbelt så mange spelarar som oss, sa ein Hareid-spelar etter kampen. Her ser vi Thor-Ove Brekke flankert av Thomas Lid Kleppe, Henrik Grimstad og Eirik Heltne.

Hareid visste det ville bli svært tøft mot eit kanongodt Hødd 2-lag. Og slik vart det også. Det einaste positive for Hareid denne kvelden var talet på betalande tilskodarar.

Vi veit ikkje om Hødd 2 nokon gong har stilt eit så sterkt lag som dei gjorde denne kampen. Det er i alle fall det sterkaste Hødd 2-laget vi kan hugse har møtt Hareid opp gjennom åra. Åtte av dei som starta er faste innslag i a-stallen. To av dei tre andre trenar jamt med a-laget. Med tanke på at Hareid stilte noko redusert, så må vi innrømme at vi på førehand sleit med å finne på grunnar til at Hareid kunne vinne denne kampen.

Og då kampen fekk den starten han fekk, så såg det ut som at det Hareid-spelarane hadde av motivasjon gradvis forsvann. Hødd gjekk ut i hundre og Hareid hadde store problem med å halde følgje. Bortelaget leia 5-0 til pause. Kanskje noko effektivt ut frå sjansestatistikken, men kampen var jo uansett køyrd halvvegs. 0-1 etter ni minutt var det forresten få som forstod spesielt mykje av. Tore Johan Ytre-Hauge vart tatt av ein Hødd-spelar. Samtidig gjekk ballen via Ytre-Hauge og i mål. Ein merkeleg situasjon. Ingen på Hødd jubla. Dei venta kanskje på frisparksignalet, men dommar Ytterland peikte på midtstreken.

0-2 kom på eit fint skot frå Michael Karlsen. Ein god prestasjon, men Hareid-presset var fråverande. 0-3 kom etter 29 minutt signert Elias Nonso Lala - etter ein cornersituasjon. Christian Mork scora Hødd sitt fjerde mål på eit fint langskot. Dagens Hareid-keeper Kevin Aarvik Hestholm klarte seg i dei fleste høve godt, men dette Hødd-målet burde han ha avverga. Før pause la Hødd på til 5-0 ved Michael Karlsen.

Hareid fekk til lite i 1. omgang, men hadde éin stor sjanse. Ola Kalvø Vattøy spelte gjennom Joachim Røyset, som skaut over frå god posisjon.

2. omgang vart langt meir søvndyssande enn den første. Hareid kom meir med i kampen, samtidig som Hødd verka å vere nøgde med det dei hadde prestert. Og dermed tok dei det kanskje litt rolegare.

Hareid kunne ha redusert etter 50 minutt. Joar Møller tok eit kjempeløp på venstresida og la inn til Ronny Jørgensen, som var nære ved å styre ballen i mål. Hødd scora sitt sjette fem minutt seinare. Kim-Tore Husøy sklei ballen i eige mål. Så skjedde det lite den neste halvtimen. 0-7 kom seks minutt før slutt etter ein flott prestasjon av Eirik Heltne.

Summa summarum var det stor forskjell på laga i dag. Dei fleste som starta for Hødd er anten profesjonelle eller semiprofesjonelle, og då skal dei jo også slå fullblods amatørar. Pluss på at Hødd a-lag tok ferien tidleg i juni, medan Hareid nettopp er ferdig med ferien. Så ser vi kva lag som har det beste utgangspunktet per no. Vi tørr påstå at Hødd 2 i dag stilte eit lag som held godt 2.-divisjonsnivå. Hadde skadesituasjonen i a-stallen deira vore like god som no gjennom heile sesongen hadde Hødd 2 garantert leia 3.-divisjon.

Vi takkar Hødd 2 for kampen og håper Hareid viser seg frå ei betre side mot Dahle fredag. Heldigvis fekk vi ingen nye karantenar i dag, så vi håper sende oppover eit slagkraftig lag.

Sagt bak Hareid-benken: "Kan vi finne ein grunn til å levere inn protest på oss sjølve, slik vi berre taper 3-0?"

Respons frå vestsida av tribunen då Hareid fekk sitt første frispark etter 32 minutt: Applaus. 

Ref. HIL

Kampfakta
3.-divisjon avdeling 9, runde 15
Hareid - Hødd 2.-lag 0-7 (0-5)
Hareid stadion
80 betalande + nokre til
Mål: 0-1 Sjølvmål (9), 0-2 Michael Karlsen (19), 0-3 Elias Nonso Lala (28), 0-4 Christian Mork (39), 0-5 Karlsen (40), 0-6 Sjølvmål (55), 0-7 Eirik Heltne (84).
Dommar: Øystein Ytterland, IL Valder (Grei nok, men litt stor respekt for Hødd-spelarane?)
Gult kort: Joachim Røyset, Hareid
Hareid (4-4-2): Kevin Aarvik Hestholm - André Egset Nupen (Audun K. Øvrelid 46), Eiliv-Tore Howlid (Lars Andreas Dahlen Folkestad 49), Marius Rise, Joar Møller (Martin Mork Breivik 60) - Ola Kalvø Vattøy, Kim-Tore Husøy (K), Tore Johan Ytre-Hauge, Joachim Røyset - Thor-Ove Brekke, Ronny Jørgensen.

Hareid-børsen:

Hestholm 5, Nupen 3, Øvrelid 5, Howlid 3, Folkestad 5, Rise 4, Møller 4, Breivik 5, Vattøy 5, Husøy 4, Ytre-Hauge 4, Røyset 4, Brekke 4, Jørgensen 5. 

ARRANGEMENT

KLUBBKVELD

Tema:

"Frivilligheit" 

4.april kl.18.00

Hareidhallen

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR