hareid_il_logo_135.png









 
28.08. Gjekk i Skodje-fella - igjen
Det vart ein tung kveld for Hareid-supporterane på Skodje. Men vi takkar dei for oppmøtet!
Det vart ein tung kveld for Hareid-supporterane på Skodje. Men vi takkar dei for oppmøtet!

Som i fjor, berre i ein endå meir ekstrem variant, klarte ikkje Hareid å straffe Skodje sin defensive taktikk. Spesielt i 2. omgang la heimelaget alle mann på eigen halvdel. Hareid klarte rett nok å kome til nokre sjansar likevel, men Skodje vann 1-0 etter det vi får kalle ein taktisk triumf.

Hareid hadde ikkje mange spelarar til rådigheit denne kampen, grunna karantenar, skadar og folk som har flytta. Derfor måtte laget komponerast på nytt. Simon Holstad Grimstad fekk ei sentral midtbanerolle denne gongen, medan Hiwa Alipoor og Joar Møller tok posisjonane på venstresida. Begge har vore ute med skadar ei stund. Lars Andreas Dahlen Folkestad gjekk ned igjen i si tidlegare midtstopparrolle, medan Ørjan Engen Grimstad spelte spydspiss.

Før kampen vart det snakka om å lære av feila frå 2-1-tapet i Skodje i fjor, men denne kampen vart langt frå ulik.

*

Det første kvarteret førte Hareid kampen og spelte god fotball langs bakken, utan at dei heilt store sjansane kom. Deretter kom Skodje litt meir med i kampen, vel å merke på dødballar og overgangar. Heimelaget fekk først eit mål annullert før dei tok leiinga etter 22 minutt. Eit frispark frå høgre vart slått inn, og Ronny Pettersen scora på ein retur frå Vagn Scheide Mork. 

Skodje la seg lågt i bana etter scoringa, og Hareid tok gradvis over kampen igjen. Etter 27 minutt fekk Ørjan Engen Grimstad ein bra sjanse etter eit Ola Kalvø Vattøy-frispark, utan gevinst. Rett før pause avslutta Vattøy like utanfor krysset frå skrått hald.

*

2. omgangen kan kort oppsummerast slik: 
* Hareid førte kampen.
* Skodje låg lågt i bana og var flinke til å vinne duellar og klarere.
* Spesielt mot slutten av omgangen skapte Hareid nokre enorme sjansar. Blant anna ved ein av debutantane, Erik Bratland Kolstå, men ballen ville rett og slett ikkje i mål.

Ein frå før av kjedeleg Hareid-dag vart avslutta med at Robin Jackson Indreflø fekk raudt kort. Han kom altfor seint inn i ei takling, men om dette var noko styggare enn eit par av Skodje sine som gav gult kort er vi noko usikre på.

Vi gratulerer Skodje med sigeren.

Ref. HIL

Kampfakta
4.-divisjon runde 14
Skodje - Hareid 1-0 (1-0)
Skodje kunstgras
Tilskodarar: 25
Mål: Ronny Pettersen (22)
Dommar: Vitalij Karpenko, Ellingsøy IL
Gule kort:
Fire til Skodje + Stranden, Hareid
Raudt kort: Indreflø, Hareid
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) - Robin Jackson Indreflø, Martin Nikolai Longva, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Joar Møller - Runar Stranden, Simon Holstad Gimstad (Erik Bratland Kolstø 63), Alexander Nevstad, Hiwa Alipoor (Kristian Larssen Hove 46) - Ola Kalvø Vattøy, Ørjan Engen Grimstad
*** Nevstad, ** Longva, * Møller

ARRANGEMENT

KLUBBKVELD

Tema:

"Frivilligheit" 

4.april kl.18.00

Hareidhallen

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR