hareid_il_logo_135.png









 

Treningskampane til a-laget

14.02 Langevåg
21.02 Bergsøy
14.03 Spjelkavik
21.03 Træff
28.03. Hødd junior

A-laget har til no spelt ein treningskamp, over ser du dei andre kampane som er planlagte til no.
Medan Hødd sitt juniorlag valsar over det som er i kvaliken i Sunnmørshallen, som i fjor, er det vanskelegare å seie kvar Bergsøy står. Dei spelte sin første treningskamp under nyetrenaren Lars Petter Rønnestad i dag søndag, då dei slo Åheim 5-2. Åheim vann 6. divisjon avdeling 2 i fjor. Bergsøy har mista mange spelarar dei siste åra, spesielt til Hareid, og har i tillegg det vanlege problemet med at mange er sjøfolk. Så spørs det om LPR klarer å få pilkarane opp igjen i 3. divisjon, etter tre år på nivået under.

Hødd a-lag, som Hareid spelte 4-4 mot tidlegare i veka, spelte to kampar på CLS denne helga. 2-1 mot Levanger og 0-0 mot Ranheim (tap på straffekonk). Hødd stilte omtrent det same laget som mot Hareid. Ørjan E. Grimstad, som vi kjenner godt, kom inn begge kampane. Mange vil nok bli overraska om ikkje Ørjan blir fast på Hødd i år.

Kor gode Langevåg og Vika blir i år veit vi lite om, men Vika satsar hardt og har for andre vinteren på rad bytta ut over halve stallen.

eot

Svart dag for hareidsfotballen

Guttelaget tapte sine tre første kvalikkampar, det same gjorde juniorane, som i dag tapte 9-0 for Herd. Tidlegare i kvaliken har Hareid tapt 7-4 mot Bergsøy (som var ein grei prestasjon sidan Hareid berre mønstra 11 mann) og så 1-9 for Volda.

Dette blir første gong at Hareid verken får gutte-eller juniorlaget til 1. divisjon, etter at det nye systemet med vinterserie som kvalik vart innført.

Ein får berre tenke framover, og hugse på at det er mange talent i hareidsfotballen. Men no når tre svært sentrale spelarar har gått til Hødd er det ikkje ei sjølvfølge at juniorlaget går til 1. divisjon.

Guttelaget ute av dansen

Det blir spel i 2. divisjon på det svært unge guttelaget til Hareid i år. Laurdag morgon tapte Hareid heile 22-1 mot AaFK. Høgreback Håkon Orten Trovåg scora for raudtrøyene.

Sidan gutane tidlegare har tapt både mot Herd og Spjelkavik, vil det truleg ikkje ha noko å seie om Hareid skulle slå Aksla i Ratvika tirsdag 10. februar - som er den siste kvalikkampen.

B-treningane framover

Det er framleis ikkje for seint å hive seg på den nystarta laget Hareid 2. Laget trenar to gonger i veka, måndag og onsdag kl. 20.45. Som regel blir det ei innetrening og ei ute no i vinter. Spelarane får tilsendt sms med kvar treningane blir heldt før kvar økt.

Som dei som har lest artikkelen til Sondre Åkervik lenger nede har forstått, så har Hareid 2 alt spelt to treningskampar, begge mot Hødd junior B. Først vann Hareid 8-2, og i går enda det 10-0, sjølv om Hødd stilte med eit sterkare lag då.

Kan Hareid 2 vere noko for deg, ring Einar Orten Trovåg (90137211) eller Espen Beiermann (95112743).

Hareid 2 kan gjerne tenke seg treningskampar mot lag frå 4. eller 5. divisjon, eller juniorlaget. Ta kontakt med EOT.

Hareid overraska alle

Eit B-prega Hareid spelte 4-4 mot eit så godt som toppa Hødd i ein treningskamp onsdag.

Nettsida manglar web-redaktør

Etter at Kristian Angelsen gav seg som web-redaktør etter førre sesong har sida no stått utan redaktør ei stund. Dette er ikkje heile grunnen til at sida har vore dårleg oppdatert ei stund. Tekniske problem skal også ha sin del av skulda.

Yngres avdeling er dei som skal styre med sida og organisering av den, og vi trur ei ny og god løysing vil kome på plass snart. Inntill vidare får vi berre prøve å oppdatere så godt vi kan.

 

Mvh Einar Orten Trovåg, styreleiar Hareid IL Fotball senior

Hareid med ny samarbeidsavtale med Hødd

Etter tre veker med forhandlingar har Hareid og Hødd inngått ein ny samarbeidsavtale.

 

50-åring med hattrick

Hareid 2 slo Hødd 2 junior 10-0 i ein treningskamp på Hareidsmyrane stadion fredag kveld. I sentrum av hendingane: Stig Andor Engen med tre mål.

Ny laginndeling G16 og G19

Det vert prøveordning med ny laginndeling for G16 og junior fram til påske. Les under for meir informasjon.

Lagleiar møte onsdag 14.01 klokka 19

Hei og Godt Nytt År.
Det vert lagleiarmøte for yngres avdeling i fotball onsdag 14.01.2009 i klubbhuset klokka 19. Klikk "les meir" for innkalling med sakliste. Alle lag må ha ein representant på plass. Helsing Styret i Yngres avdeling.

Sesongen 2009 startar også for Hareid2

Hareid 2 startar sesongoppkøyringa måndag 5. januar med trening i Hareidhallen klokka 21.00-22.00.
Onsdag 7. januar blir det først spelarmøte klokka 20.15, og deretter trening på kunstgraset.

Hareid 2 begynner å få på plass ein mange aktuelle namn, men no står det igjen å sjå kven som dukkar opp på trening.
Dersom du skal vere med på Hareid 2 men ikkje kan kome på spelarmøtet, ta kontakt med Espen Beiermann eller Einar Orten Trovåg

Grendacup: Orten trur Suit Up overraskar

Hus sin kaptein Bjørn Vegard Bjåstad er nok revansjesugen etter fjorårets noko skuffande Hus-innsats. Men kva må Bjåstad putte i drikkeflaskene til laget dersom det skal bli suksess i år? Foto: facebook

Hus sin kaptein Bjørn Vegard Bjåstad er nok revansjesugen etter fjorårets noko skuffande Hus-innsats. Men kva må Bjåstad putte i drikkeflaskene til laget dersom det skal bli suksess i år? Foto: facebook

Den siste gruppa er nok både den sterkaste og den mest opne. Tre lag stikk seg litt meir ut enn dei andre, men også eit fjerde lag i denne gruppa kan hevde seg.

Forhånd.1...330331332333
ARRANGEMENT

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR