Skriv ut

29.09. NORBORG-HAREID 2-1: MOTGANGEN HAR INGEN ENDE, SER DET UT SOM

Hareid skapte dobbelt så mange kvalifiserte sjansar som Norborg. Likevel enda det i tap.

Vi mista kontakta med vår kontaktperson i Uggedalen etter halvspelt kamp. Men vi har fått leita opp ein del om kampen likevel:

Det vi veit er at Hareid tok leiinga tidleg, i eit angrep der alle dei tre angriparane var involverte. Øvrelid fann Brekke, som igjen fann Stranden, som umarkert heada Hareid i leiinga. 

Etter 13 minutt slo Norborg tilbake. Då var det ein av deira spelarar som fekk stå umarkert og setje inn 1-1.

Det var også pausestillinga, etter ein omgang der begge laga skapte fire sjansar kvar, ifølgje Norborg sin twitterprofil.

Kristoffer Søviknes heada Norborg i leiinga etter 60 minutt, noko som også vart kampens siste mål. Men dette var ein omgang Hareid dominerte og burde fått meir ut av.

Ifølgje Norborg skapte heimelaget fem kvalifiserte sjansar, mot 11 til Hareid. Ein Hareid-representant telde 3-7 i sjansar. Uansett: Vi ser kven som skapte mest.

Det betyr som kjent lite i fotball. Hareid tapte sin fjerde kamp på rad, og har ein stor jobb å gjere dei tre siste kampane om det skal bli plass i den nye 4.-divisjonen. 

Det positive var at Valder tapte, medan Ørsta berre tok eitt poeng. Så sjølv om Norborg no er tre poeng framfor Hareid, ligg Hareid framleis på rettesida av det som ser ut til å bli streken (om det ikkje skjer noko spesielt i 3.-divisjon på slutten).

Hareid: Sigve Overå Hide - Lars Roar Holstad, Håvard Mork Breivik, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna (Robin Jackson Indreflø 46) - Kim-Tore Husøy (Eiliv-Tore Howlid 40), Torgeir Skeide (K), Roar Amundsen - Runar Stranden, Thor-Ove Brekke, Håvard Øvrelid.
*** Øvrelid, ** Amundsen, * Stranden

Andre resultat: Skodje - SIF 0-6, Godøy - Ørsta 2-2, FK Sykkylven - Valder 2-1, LGFK - Emblem 1-4, Stranda - Langevåg 0-1.