hareid_il_logo_135.png









 

21.04. HAREID - LANGEVÅG 0-3: GRÅTT OG TRIST, SLIK SOM VERET

PÅ RÆVA: Det ville seg ikkje for Nauris Driksna og Hareid denne kalde og våte torsdagskvelden.
PÅ RÆVA: Det ville seg ikkje for Nauris Driksna og Hareid denne kalde og våte torsdagskvelden.

Etter den oppløftande generalprøven mot LGFK og sigeren på Siffen i serieopninga var det knytta ei viss forventing til Hareid i årets første heimekamp i serien. Men Hareid skuffa stort. Prestasjonen var omtrent like bra som veret. Og veret var ikkje bra (bortsett frå ein periode i andre omgang, slik som Hareid).

At Hareid skulle få ein tøff kamp mot Langevåg hadde vi for så vidt rekna med. Men ikkje at Hareid skulle gi vekk poenga på ein så lettvint måte som i dag. Alle måla til Langevåg var av det lettkjøpte slaget. Og hadde bortelaget vore endå litt betre til å utnytte Hareid sine mange slurvefeil, så kunne siffera blitt endå større.

Men la oss gå tilbake til starten. Dei 10-15 første minutta var ganske jamne. Langevåg var eit lite hakk kvassare enn Hareid, men ingen av laga kom til kvalifiserte sjansar. Så, i det 16. minutta, rota Hareid vekk ballen like utanfor eigen 16- meter. Og når presset i etterkant av balltapet var så godt som fråverande, så fekk Simon Vågnes ein grei jobb med å setje inn kampens første mål. Rare balltap begge vegar prega kampbiletet etter 0-1. Kampen var lenge ganske jamspelt, men spesielt Hareid hadde det med å tenke for vanskeleg i gode posisjonar i og rundt Langevåg sin 16-meter. Etter 22 minutt klarte endeleg Hareid å spele seg gjennom bortelagets forsvar. Men det flotte angrepet enda med at Runar Stranden si avslutning strauk stonga.

Det kunne i store periodar sjå ut som fleire av Hareid-spelarane sleit med sjølvtilliten. I alle fall var det mange som spelte med stor innsats og stor ro mot SIF som i dag såg ut til å vere stressa og nervøse når dei fekk ballen. Slik såg det meir og meir ut utover i første omgang. Det gjaldt først og fremst utespelarane. Men då 0-2 kom etter 34 minutt var det rett og slett etter ei keepertabbe. Eit relativt slapt innlegg glei mellom fingrane til Fredrik Lonbakken og i mål. Slikt skjer no og då, men var i grunnen typisk for denne Hareid-prestasjonen.

Inn mot pause var det ingenting som tyda på at Hareid skulle redusere med det første. Og sjølv om det vart gjort to byte i pausen var Langevåg også i ein god periode utover i 2. omgang det førande laget, sjølv om ein middels kritisk trenar også vil finne mykje å plukke på i gultrøyene sin prestasjon. I det 55. minutt kunne Langevåg ha gått opp i 3-0. Då klarte heldigvis Fredrik Lonbakken å avklare. Men få sekund seinare varta bortelaget opp eit angrep langs bakken der Hareid ikkje klarte å henge med. Og Simon Vågnes kunne sette inn sitt tredje for dagen (sjølv om vi er usikker på om han bør krediterast for 0-2).

Etter 0-3 såg Langevåg ut til å ta det rolegare. Og Hareid fekk vere meir med. Hadde Thor-Ove Brekke treft betre med headinga si etter 76 minutt, eller Ruben-Kenneth Brandal sett den store sjansen sin minuttet etter, så kunne det faktisk blitt spennande mot slutten. Men så lenge det stod 0-3, og Hareid aldri klarte å få reduseringa, så hadde jo Langevåg heller ingen grunn til å stresse allverda.

Det enda i eit heilt fortent tap for Hareid, som må finne tilbake til «godkjensla» så fort som mogleg. For neste veke ventar ein knalltøff bortekamp mot Valder.

Tvi, tvi.

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon 2016, runde 2
Hareid – Langevåg 0-3 (0-2)
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 80
Mål: Vågnes 3 (om vi legg godviljen til)
Dommar: Martin Solheim, Spjelkavik IL
Gule kort: Brandal, Hareid og Holen, Langevåg
Hareid (4-3-3): Fredrik Lonbakken (Sigve Overå Hide 77) – Venthan Ketheeswaran (Ole André Kragset 77), Alexander Nevstad (Jon André Skarshaug 84), Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna (Joar Møller 46) – Ruben-Kenneth Brandal (K), Jon André Thue (Eiliv-Tore Howlid 46), Torgeir Skeide – Runar Stranden, Thor-Ove Brekke (Martinus Røyset Bakken 77), Robin Jackson Indreflø (Fredrik Andresen 61).
*** Grimstad, ** Indreflø, * Driksna

Andre resultat torsdag:

* SIF – Ørsta 7-1 (Nokon som såg den kome?)
* LGFK – Valder 3-1
* Stranda – Godøy 1-5
* Skodje – Emblem 2-1 (Tru det eller ei…)
* FK Sykkylven – Norborg 4-0

ARRANGEMENT

KLUBBKVELD

Tema:

"Frivilligheit" 

4.april kl.18.00

Hareidhallen

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR