hareid_il_logo_135.png

14.04. SIF-HAREID 1-2: SIGERSGLISET

Thor-Ove Brekke vart den avgjerande mannen på Siffen. Han gjekk opp i duellen før 1-1, og banka sjølv inn 1-2. "Thoro" hadde god grunn til å smile etter kampen.
Thor-Ove Brekke vart den avgjerande mannen på Siffen. Han gjekk opp i duellen før 1-1, og banka sjølv inn 1-2. "Thoro" hadde god grunn til å smile etter kampen.

Ikkje mykje slår kjensla av å ta tre poeng på bortebane i serieopninga. I kveld kom Hareid under seint i kampen, men ein flott snuoperasjon ordna biffen på Siffen. I fokus: Thor-Ove Brekke.

07.04. HAREID-LGFK 5-1: "THORO" GLIMTA TIL i STONG INN-GENERALPRØVE

Thor-Ove Brekke blir felt, Heldigvis let dommaren spelet gå, slik at Runar Stranden (3) kunne score på ope mål. Dermed 1-0 til Hareid etter 22 minutt.
Thor-Ove Brekke blir felt, Heldigvis let dommaren spelet gå, slik at Runar Stranden (3) kunne score på ope mål. Dermed 1-0 til Hareid etter 22 minutt.

Det seiast at ein dårleg generalprøve gir ei god serieopning. Det får i alle fall LGFK (som stod med fem av dem sigrar i oppkøyringa før i dag) håpe på. Hareid derimot leverte mykje bra spel dei første 55-60 minutta. Og med god effektivitet i tillegg vart generalprøven ei positiv oppleving.

17.03. HAREID - LANGEVÅG: IKKJE PERFEKT, MEN KLAR BETRING

Simon Holstad Grimstad spelte ein god kamp som stoppar for Hareid, og viste at han bør vere aktuell for serielaget i denne posisjonen.
Simon Holstad Grimstad spelte ein god kamp som stoppar for Hareid, og viste at han bør vere aktuell for serielaget i denne posisjonen.

Resultat i treningskampane er for så vidt aldri viktige. Men etter 7-0-kollapsen mot Volda sist treningskamp var det viktig for Hareid å vise moral og guts mot 4.-divisjonskollega Langevåg. Og det klarte Hareid. 

03.03. HAREID-VOLDA 0-7 (0-1): NYTT STORTAP FOR HAREID, KOLLAPSA ETTER PAUSE

Her har Ruben-Kenneth Brandal akkurat avslutta over mål på ein god sjanse i 1. omgang.
Her har Ruben-Kenneth Brandal akkurat avslutta over mål på ein god sjanse i 1. omgang.

Årets tredje stortap av seks moglege er eit faktum. Og det etter at Hareid spelte ein heilt grei 1. omgang. Det som skjedde etter pause var derimot langt under det nivået ein må ha for å kunne få til noko i 4.-divisjon.

25.02. HAREID-ØRSTA 2-3: IKKJE SÅ GALE AT DET IKKJE ER GODT FOR NOKO

Defensive spelarar med nase for mål: Eiliv-Tore Howlid og Ulrik Wingsternes.
Defensive spelarar med nase for mål: Eiliv-Tore Howlid og Ulrik Wingsternes.

På mange måtar var dette ein positiv kamp av Hareid. Men rusk framfor begge måla øydela resultatet og dermed også totaltinntrykket.

20.02. HAREID FEKK BANK I STRYN

Hareid tapte heile 6-0 borte mot Stryn i dag, laurdag. Skal vi finne noko positivt var det at ein fekk testa breidda i stallen. Nyttig erfaring for mange unge spelarar.

Laget: Fredrik Lonbakken - Venthan Ketheeswaran, Jon André Thue, Simon Holstad Grimstad, Jon André Skarshaug - Håvard Knudsen Bjåstad, Nauris Driksna, Gustav Bjørlykke Kløvning - Fredrik Andresen, Runar Stranden, August Brandal. Inn: Arthur Hareide, Benjamin Slettebakk, Ole Magnus Danielsen, Emil Vartdal Hareide, Vagn Scheide Mork.

10.02. Hødd II - HAREID 1-1: SLURVA FRAMFOR HØDD-MÅLET I TAM KAMP

Ruben-Kenneth Brandal re-debuterte for Hareid. Foto: Anders Hjelle Øiestad.
Ruben-Kenneth Brandal re-debuterte for Hareid. Foto: Anders Hjelle Øiestad.

Hareid skapte mest, men sleit med å gjere sjansar til mål. Dermed enda det uavgjort i det som i lange periodar var ein tam og kjedeleg treningskamp.

23.01. BERGSØY-HAREID 7-2: PRØVING OG FEILING (OG EIT PAR LYSPUNKT)

August Brandal og Simon Holstad Grimstad etter at førstnemnde hadde redusert til 4-2.
August Brandal og Simon Holstad Grimstad etter at førstnemnde hadde redusert til 4-2.

Hareid sleppte til alle tilgjengelege spelarar, fleire av dei i nye posisjonar. Formasjonen var også ny. Med litt betre konsentrasjon kunne nok Hareid uansett ha tapt med litt snillare siffer enn tilfellet vart.

24.10. hareid - larsnes/gursken 1-2: tap i årets siste kamp
Hareid beste: Nauris Driksna (t.h.) vart kåra til Hareids beste spelar i dagens kamp mot Larsnes/Gursken.
Hareid beste: Nauris Driksna (t.h.) vart kåra til Hareids beste spelar i dagens kamp mot Larsnes/Gursken.

Hareid spelte årets siste kamp i i årets 4.-divisjon heime mot Larsnes/Gursken laurdag middag. Det enda med eit 1-2-tap i eit nokså sjansefattig kamp. Hazhir Alipoor scora for heimelaget medan Oskar Gunnarstein (straffe) og Christoffer Brune Rekdal scora for gjestane.

15.10. godøy - hareid 3 - 1: gode i første, dårlege i andre
Innbytar Håvard Øvrelid (på biletet) scora Hareid sitt einaste mål.
Innbytar Håvard Øvrelid (på biletet) scora Hareid sitt einaste mål.

Hareid spelte årets siste bortekamp torsdag kveld mot Godøy på Godøya. Det enda til slutt med eit surt 3-1-tap. Hareid leverte ein god første omgang, men ein dårleg start på den andre omgangen gjorde at alle poenga blei att i Godøy. Innbytar Håvard Øvrelid stod for Hareid sitt einaste mål medan Trond Edvard Brynestad (2) og Joakim Austnes scora for heimelaget.

08.10. hareid - emblem 2 - 2: God sluttspurt gav eit poeng
Hareids beste: Venthan Ketheeswaran (t.h.) som scora eit mål og skaffa ei straffe vart kåra til heimelagets beste spelar av lokal jury.
Hareids beste: Venthan Ketheeswaran (t.h.) som scora eit mål og skaffa ei straffe vart kåra til heimelagets beste spelar av lokal jury.

Hareid spelte uavgjort (2-2) i årets nest siste heimekamp mot Emblem. Venthan Ketheeswaran og Alexander Nevstad scora for Hareid medan Emblem sine scoringar kom ved eit sjølvmål og Jan Olav Humborstad.

01.10. ØRsta - hareid 3-1: greittt forsøk, men ikkje godt nok
Her stangar Jon Andre Thue inn 1-1 etter ein corner frå Runar Stranden, men det heldt dessverre ikkje til siger.
Her stangar Jon Andre Thue inn 1-1 etter ein corner frå Runar Stranden, men det heldt dessverre ikkje til siger.

Hareid sitt a-lag reiste til Ørsta torsdag kveld og spelte årets nest siste bortekamp. Det enda til slutt med 3-1-siger til Ørsta. Terje Haugen Øye (2) og Mats Øvrebotten scora for Ørsta medan Jon Andre Thue scora for Hareid.

24.09. hareid - vigra 4 - 1: siger etter tre strake tap
Runar Stranden (t.v.) scora 1-0 medan Ulrik Wingsternes (t.h) sette inn 2-0 på straffe då Stranden vart felt.
Runar Stranden (t.v.) scora 1-0 medan Ulrik Wingsternes (t.h) sette inn 2-0 på straffe då Stranden vart felt.

Hareid sitt a-lag slo Vigra 4-1 på Hareidsmyrane stadion torsdag kveld. Hareid sine scoringar kom ved Runar Stranden, Ulrik Wingsternes, Torgeir Skeide og eit sjølvmål medan Hallvard Hestad stod bak gjestane sitt einaste mål.

18.09. fk sykkylven - hareid 2-1: dårleg start øydela for hareid
Hareids beste: Midtstoppar-duoen Ulrik Wingsternes (t.v.) og Lars Roar Holstad. FKS-spelaren vi ser på biletet er Bengt Hole Alnes som scora FKS sitt første mål.
Hareids beste: Midtstoppar-duoen Ulrik Wingsternes (t.v.) og Lars Roar Holstad. FKS-spelaren vi ser på biletet er Bengt Hole Alnes som scora FKS sitt første mål.

Hareid gjesta Ikornnes Idrettspark torsdag kveld og spelte mot FK Sykkylven. Kampen enda til slutt med ein 2-1-siger til heimelaget. Ulrik Winsternes scora på straffe for Hareid medan Bengt Hole Alnes og Håkon Hanssen sørga for at alle poenga blei att heime i Sykkylven.

10.09. TYNN SUPPE I LANGEVÅG

Hareid a-lag tapte heile 5-1 borte mot Langevåg torsdag kveld. Totalt i år har Hareid 1-10 i målforskjell mot Langevåg, som faktisk ligg under Hareid på tabellen.

03.09. hareid - norborg 2 - 3: greitt forsøk - ikkje godt nok
Jan Tore Fjørtoft (nærast dommaren) blei utvist etter 50 minutt, men Hareid klarte ikkje å utnytte denne fordelen.
Jan Tore Fjørtoft (nærast dommaren) blei utvist etter 50 minutt, men Hareid klarte ikkje å utnytte denne fordelen.

Hareid tok imot Norborg torsdag kveld og tapte 2-3. Thor-Ove Brekke og Alexander Nevtsad scora for Hareid medan Ole-Kristian Aarseth og Øyvind Sundnes (2) sørga for at alle poenga blei med heim til Haram.

20.08. rollon - hareid 2 - 0: kunstgras-marerittet fortsetter
Hareids beste: Lars Roar Holstad (på biletet) var ein av dei betre for Hareid i ein kamp der samhandlinga og det kollektive sat ikkje heilt.
Hareids beste: Lars Roar Holstad (på biletet) var ein av dei betre for Hareid i ein kamp der samhandlinga og det kollektive sat ikkje heilt.

Kampen mellom Rollon og Hareid, torsdag kveld, enda med 2-0-siger til Rollon. Anders Hagen og Kristian Engelstad sørga for at alle poenga blei igjen heime i Larsgården.

13.08. hareid - valder 3 - 1: god start på haustsesongen
Målscorarane: Georg Eikrem Olsen (til venstre), Håvard Øvrelid og Runar Stranden scora for Hareid mot Valder og sørga for årets andre siger på heimebane og at heimelaget starta haustsesongen med tre poeng

Hareid sit a-lag opna haustsesongen med ein 3-1-siger heime mot Valder torsdag kveld. Georg Eikrem Olsen, Runar Stranden og Håvard Øvrelid scora for Hareid. Glen Ørjan Johannessen stod bak scoringa til gjestene heilt på tampen av kampen.

Forhånd.12345...9Neste
ARRANGEMENT

KLUBBKVELD

Tema:

"Frivilligheit" 

4.april kl.18.00

Hareidhallen

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR