hareid_il_logo_135.png

24.03. A-LAGSPROFILANE: RESTEN AV STØTTEAPPARATET/TRENARTEAMET

vidarvoll.jpg

22.03. STØTTEAPPARAT-PROFIL NUMMER 3: VAGN SCHEIDE MORK

Vagn Scheide Mork er klar for ein ny sesong, no som trenar.
Vagn Scheide Mork er klar for ein ny sesong, no som trenar.

Dagens profil skulle vere kjent for mange rundt om på fotball-Sunnmøre, etter å ha vore keeper for Hareid og Hødd sine a-lag i mange og 20 år til saman. Men i fleire sesongar har Mork også vore trenar, og framfor denne sesongen trappa han ned frå a-lagsfotballen for å konsentrere seg om trenargjerninga.

21.03. STØTTEAPPARAT-PROFIL NUMMER 2: EINAR MAGNE SKEIDE

Einar Magne Skeide er tilbake i Hareid IL etter ein pause på heile 30 år. Skeide var angripar på Hareid i det som no heiter 2.-divisjon i 1984 og 1985. I 1985 scora Skeide heile 30 mål, inkludert treningskampar.

Vi held fram med å presentere teamet rundt a-laget, altså trenarane og støtteapparatet elles. I dag presenterer vi ein av trenarane, Einar Magne Skeide.

20.03. STØTTEAPPARAT-PROFIL NUMMER 1: KRISTIAN ANGELSEN

Lagleiar Kristan Angelsen før ein treningskamp mot Volda tidlegare i mars. Angelsen har hatt dette vervet for a-laget i forskjellige periodar sidan 2004.
Lagleiar Kristan Angelsen før ein treningskamp mot Volda tidlegare i mars. Angelsen har hatt dette vervet for a-laget i forskjellige periodar sidan 2004.

Vi skal også presentere Hareid A sitt trenarteam og støtteapparat. Vi startar med lagleiar Kristian Angelsen, som faktisk også har bursdag i dag. Vi gratulerer!

19.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 25: RUBEN-KENNETH BRANDAL

Slik ser Ruben-Kenneth Brandal ut før sesongen 2016. Ruben debuterte for a-laget i 2006. Så spelte han fast i 2007 og 2008, før ferda gjekk vidare i Hødd. I Hødd fekk han mellom anna med seg eit NM-gull, men i 2014 og 2015 forsvann han meir og meir ut av laget. I år er Ruben tilbake i Hareid. Og det er svært gledeleg.

Om vi då ikkje skulle ha gløymt nokon så er vi i mål med presentasjonane av a-spelarane. Det betyr at a-stallen i år tel 25 mann, inkludert 10 hospitantar frå yngres avdeling (dei frå Hareid 2 som har trena med a-laget er ikkje med her, men i eigen presentasjon). Og i denne presentasjonen avsluttar vi med den einaste nysignerte spelaren i vinter: Ruben-Kenneth Brandal. PS. Før vi tek påskeferie satsar vi på å presentere flest mogleg frå trenarteamet/støtteapparatet.

19.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 24: TORGEIR SKEIDE

Slik ser Torgeir Skeide ut før sesongen 2016.
Slik ser Torgeir Skeide ut før sesongen 2016.

Dagens profil vaks opp i Ulsteinvik, like ved Høddvoll. Men har mykje hareidsblod i seg. Morfaren er Hans Otto Rise - og onklane Harald H. Rise og Magnus Rise. Torgeir har spelt både i Hødd, LGFK og Lokomotiv Oslo. I fjor sommar kom til Hareid, og sist kamp var han kaptein. Så dette blir nok ein viktig spelar for laget i år.

18.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 23: ALEXANDER NEVSTAD

Slik ser Alexander Nevstad ut før sesongen 2016. Blir han stoppar eller midtbanemann i år?
Slik ser Alexander Nevstad ut før sesongen 2016. Blir han stoppar eller midtbanemann i år?

Sidan det snart er både helg og påske køyrer vi på med endå ein profil i dag. No er vi framme ved Alexander Nevstad. Ålesundaren kom til Hareid vinteren 2012, men måtte ein tur innom Bali før han kunne spele seriefotball utpå våren. Sidan var han ein tur innom Larsnes/Gursken FK, før "Nevi" frå våren 2014 av har vore eit relativt fast innslag på Hareid-laget.

18.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 22: HÅVARD ØVRELID

Slik ser Håvard Øvrelid ut før ein ny sesong. La oss håpe "Øvris" kjem seg tilbake på fotballbana så fort som mogleg.
Slik ser Håvard Øvrelid ut før ein ny sesong. La oss håpe "Øvris" kjem seg tilbake på fotballbana så fort som mogleg.

Håvard Øvrelid begynte å trene med a-laget allereie i 2013. Og han scora i a-lagsdebuten i ein treningskamp borte mot Valder i 2014. Men så forsvann han ut ei stund og heldt seg på gutelaget. Der gjorde han det veldig bra, ikkje minst under Norway Cup i 2015. I fjor haust gjorde Håvard comeback på a-laget, og viste der at han absolutt har noko på nivået å gjere. Men på ei av dei første treningane i år braut han dessverre eit bein i foten. Heldigvis kan "Øvris" vere på veg tilbake om allereie nokre få veker.

17.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 21: AUGUST JULIAN BRANDAL

Slik ser snart 15 år gamle August Julian Brandal ut framfor sesongen 2016.
Slik ser snart 15 år gamle August Julian Brandal ut framfor sesongen 2016.

Vår nedteljing til seriestart 14. april held fram. I dag presenterer vi stallens yngstemann. August Julian Brandal a-lagsdebuterte mot Bergsøy i januar, og det med scoring. Han fyller 15 år først neste veke. Ein kar å sjå opp for i åra som kjem.

16.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 20: RUNAR STRANDEN

Her ser vi Runar Stranden, også kalla "Hurtigtoget frå Otnes".
Her ser vi Runar Stranden, også kalla "Hurtigtoget frå Otnes".

Dagens profil kom til Hareid frå Åheim som juniorspelar i 2013. Og sidan har Runar vore den klart mest "meritterte" spelaren i Hareid IL, om vi ser på talet på pokalar: Årets unge spelar på a-laget i 2014 og 2015, årets assist-konge på a-laget i 2014 og 2015, årets spelar på juniorlaget i 2013 - og om vi ikkje tek feil har han også vore toppscorar på juniorlaget ein sesong eller to.

15.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 19: HÅVARD MORK BREIVIK

Slik ser Håvard Mork Breivik ut framfor sesongen 2016.
Slik ser Håvard Mork Breivik ut framfor sesongen 2016.

I vår nedteljing til seriestart 14. april har vi kome til den 19. a-lagsprofilen. Dette er ein kar som berre så vidt har fylt 15 år, men som er svært lovande. Ein relativt fysisk kar med bra teknikk og godt overblikk. Håvard er ein yngre bror av Martin, som spelte 50 a-kampar for Hareid mellom 2011 og 2013.

14.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 18: NAURIS DRIKSNA

Slik ser Nauris Driksna frå Latvia ut før sesongen 2016.
Slik ser Nauris Driksna frå Latvia ut før sesongen 2016.

Mange lag prøver febrilsk å hente inn utanlandske spelarar. Her var det omvendt. Sommaren 2013 sendte latviaren Nauris ei melding til Hareid IL sin facebookprofil om det var mogleg å begynne å spele fotball her. Då hadde han allereie flytta oppover og begynt å jobbe på Spenncon. Svaret var sjølvsagt ja, og sidan har Nauris stort sett spelt fast på Hareid.

12.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 16: VENTHAN KETHEESWARAN

Slik ser Venthan "Luis" Ketheeswaran ut før sesongen 2016.
Slik ser Venthan "Luis" Ketheeswaran ut før sesongen 2016.

Vår nedteljing til seriestart 14. april held fram. Og i dag har vi kome fram til Hareids norskaste tamil; Venthan Ketheeswaran. Ein kjekk kar som i tillegg til å vere ein bra fotballspelar også er trenar for J16/damelaget. A-lagsdebuten fekk han i 2012.

11.03. PRESENTASJON AV HIL2-3-STALLEN DEL 3

hil2_17.jpg

Her kjem dei fem neste spelarane.

11.03. A-PROFIL NUMMER 15: OLE ANDRE NEVSTAD KRAGSET

Når Lensmannen ikkje er ute og fangar skurkar, er han på fotballbana og arresterar angriparar.
Når Lensmannen ikkje er ute og fangar skurkar, er han på fotballbana og arresterar angriparar.

Vår nedteljing til seriestart 14. april held fram. A-profil nummer 15 er "Lensmannen". Han signerte for Hareid vinteren 2011, og fekk bra med speletid dei første par sesongane. Etter kvart har han spelt noko mindre for a-laget, men vart årets spelar for Hareid 2 i fjor.

10.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 14: SIMON HOLSTAD GRIMSTAD

Slik ser Simon ut før sesongstart 2016. Simon starta å trene med a-laget allereie i 2013, og spelte seg inn på laget året etter.
Slik ser Simon ut før sesongstart 2016. Simon starta å trene med a-laget allereie i 2013, og spelte seg inn på laget året etter.

Vår nedteljing til seriestart 14. april held fram. Og i dag har vi kome til ein som heiter både Holstad og Grimstad. Det betyr på ein vassekte hareidsdøling. Her skulle det også vere nok av idrettsgenar på alle sider av slekta. Så det seier seg vel nesten sjølv at Simon skal spele fotball på Hareid.

09.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 13: HIWA ALIPOOR

Slik ser Hiwa Alipoor ut framfor sesongen 2016 (og ja, håret har krympa litt...).
Slik ser Hiwa Alipoor ut framfor sesongen 2016 (og ja, håret har krympa litt...).

Dagens profil debuterte for Hareid IL på andrelaget i 2010. Året etter vart han toppscorar for Flø IL i 6.-divisjon. Sidan den gong har Hiwa Alipoor vore i a-stallen til Hareid, i tillegg til å drive frilans-verksemd som Fellaini-look-a-like.

08.03. A-lAGSPROFIL NUMMER 12: THOR-OVE BREKKE

Slik ser Thor-Ove Brekke ut før sesongen 2016.
Slik ser Thor-Ove Brekke ut før sesongen 2016.

Dagens profil er faktisk både hareidsdøling og pilkar. Etter ein oppvekst på Eggesbønes som sikkert var tragisk på alle moglege måtar, vende "Thoro" endeleg heim til farsbygda Hareid for nokre år sidan. Han starta å trene med a-laget i 2011 og begynte å spele vinteren etter. I seriedebuten scora han to mål i ein minneverdig 5-3-siger mot Stranda. Først og fremst minneverdig fordi det deretter gjekk over ein halv sesong med kampar før neste siger kom.

07.03. A-lAGSPROFIL NUMMER 11: FREDRIK LONBAKKEN

Slik ser Fredrik Lonbakken ut før sesongen 2016.
Slik ser Fredrik Lonbakken ut før sesongen 2016.

Det var på tide å presentere ein keeper igjen, og her kjem den andre av dei to keeperane i årets a-stall; Fredrik Lonbakken. Han fekk sin a-debut i 2013. I år kjempar han med Sigve Overå Hide om å ta over som ny førstekeeper etter Vagn Scheide Mork.

06.03. A-LAGSPROFIL NUMMER 10: JON ANDRE THUE

Slik ser Jon André Thue ut framfor sin andre sesong som Hareid-spelar. PS. Dei som trudde det var uvant for Thue å tape med siffera 7-0 mot Volda må tru om igjen. Som Åheim-spelar i 2013 var han med på å tape med slike siffer så og seie kvar serierunde, sett vekk frå den eine gongen dei slo Hovdebygda.

Etter å ha presentert ni vassekte hareidsdølingar var det på tide å drage fram ein frå framande strøk. Jon André Thue er ein av to frå Vanylven i årets stall, og kombinerer fotballspeling for Hareid med hybelliv i Ulsteinvik. Jon André var stort sett fast på a-laget i fjor og kan fort bli ein veldig viktig mann for laget i år.

12Neste
ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR