Skriv ut

24.06. SLIK GJEKK DET MED UNGDOMSLAGA I VÅR: SPESIELT JENTENE IMPONERTE

Filip Andreas Moldskred i aksjon for G13 niar i ein kamp mot Hødd sist veke.
Filip Andreas Moldskred i aksjon for G13 niar i ein kamp mot Hødd sist veke.

Vi gir deg oversikta over korleis det gjekk med Hareid IL Fotball sine ungdomslag (13-19 år) i vårsesongen. 

Heile seks av Hareid sine ungdomslag enda på første- eller andreplass i sine avdelingar. Det inkluderer tre av tre jentelag. 

* J16 (sjuar): Hareid enda på ein flott andreplass i si våravdeling. Laget fekk 22 poeng av 30 moglege. Herd vann avdelinga med 24 poeng. Hareid skal spele 1.-divisjon til hausten. Tabellen.

* SMJ14 I (sjuar): Hareid vann si 1.-divisjonsavdeling og spelar dermed sjølvsagt 1.-divisjon til hausten også. Laget tok imponerande 25 av 27 moglege poeng. Herd enda like bak med 24 poeng. Tabellen.

* SMJ14 II (sjuar): Dette Hareid-laget spelte i 2.-divisjon. Der gjorde dei sine saker veldig bra. Andreplass med 15 av 18 moglege poeng. Berre Skodje, som vann alle sine kampar, gjorde det betre. Tabellen.

* Juniorlaget (11-ar): Laget var involvert i fleire jamne kampar, men vann ingen (av fem). Dermed nedrykk til 3.-divisjon. Tabellen.

* Gutelaget (11-ar): Spelar i 1.-divisjon, og serien går både vår-haust. Det har gått i rykk og napp med dette Hareid-laget, som står med tre sigrar og fem tap. Ligg på sjetteplass av ti lag. Tabellen. (Hareid har også slått Stranda borte, men det ser ut som Stranda har trekt laget.)

* Gutelaget (sjuar): Hareid vann si avdeling med 15 poeng av 18 moglege. Ein flott prestasjon, men grunna spelarmangel ser det ikkje ut som Hareid stiller lag i denne klassen i haust. Tabellen.

* SMG14 (sjuar): Også dette Hareid-laget vann si avdeling med 15 av 18 moglege poeng. Det betyr 1.-divisjonsspel til hausten. Tabellen.

* SMG13 (niar): Har spelt 1.-divisjon i vår. Med mange 12-åringar på laget har Hareid fått mange utfordringar. Men det vart til slutt to sigrar også, i tillegg til seks tap. Tabellen.

* SMG13 (sjuar): Har spelt 2.-divisjon i ei Søre-avdeling. Det har gått veldig bra. Hareid enda på andreplass med 15 av 18 poeng. VanKam vann avdelinga. Tabellen.