Skriv ut

14.08. DEN ALDERSBESTEMTE FOTBALL SKAL IGJEN RUL(L)E

Frå ein SMG13-kamp på Hareidsmyrane stadion i vår mellom Hareid og Hødd.
Frå ein SMG13-kamp på Hareidsmyrane stadion i vår mellom Hareid og Hødd.

Veka vi snart legg bak oss starta to av seniorlaga på igjen. I løpet av veka som kjem er også dei aller fleste ungdomslaga våre i gang med haustseriane.

Vi har sett på kva Hareid-kampar som kjem til veka:

* Måndag tek Hareid 2 imot Gjerdsvika til 6.-divisjonskamp. Hareid 2 tapte 4-2 borte mot dette hardtsatsande laget i vår. Hareid 2 har mista mange spelarar til skulegang sidan i vår, men pangopna haustsesongen med 9-0-siger borte mot tabelljumbo fredag som var.

* Tysdag tek SMG14 (sjuar) imot Gursken/Gjerdsvika. Hareid spelar i éi av to 1.-divisjonsavdelingar på dette nivået, og dette er altså første kamp. Vi håper på framleis framgang for Hareid-laget som kom til b-kvartfinale i Norway Cup.

Nemnte kamp går på kunstgras, medan juniorlaget samtidig tek imot Ørsta II på grasbana. Juniorlaget spelar i haust i 3.-divisjon. 

* Onsdag: SMJ14 (sjuar) tek imot Guard/Aksla i 1.-divisjon. Hareid vann vårserien framfor Skodje, laget som slo Hareid i semifinalen under årets Norway Cup.

På motsett banehalvdel (Hareidsmyrane stadion) spelar SMG13 sjuar 2.-divisjonskamp mot Sæbø (femmarlag). 

* Torsdag skal a-laget spele borte mot serieleiar Langevåg. Denne kampen kjem vi truleg tilbake til i ein førehandsomtale onsdag.

Same dag spelar SMG13 (niar) 2.-divisjonskamp borte mot Blindheim. 13-åringane imponerte under Norway Cup, og vi håper dei kan slå bra frå seg også i haust.

Det er også eitt Hareid-lag som spelar heimekamp torsdag. Det er J16. Dei leverte ein veldig god vårsesong og kom på andreplass i 1.-divisjon. Det betyr lite no, fordi alle laga startar med null poeng igjen før haustsesongen. Motstandar torsdag er HaNo.

* Fredag tek Hareid 2 imot Langevåg 2 til ein utsett 6.-divisjonskamp frå i vår.

* Søndag, altså om éi veke, spelar Hareid damelag bortekamp mot Vartdal. Hareid vann éin kamp og tapte fire i vår. Vi håper på god progresjon utover hausten.

** Til alle desse Hareid-laga, og alle dei andre som startar veka etter; lykke til med haustsesongen. Girri, girri!