hareid_il_logo_135.png









 

20.12. LAGFOTO ALDERSBESTEMT 2016

Om tre dagar fyller fotballgruppa 70 år. I det høvet har gruppa gitt ut eit eige jubileumshefte, som sikkert mange allereien har sett og lest. Nokre av sidene i heftet var sett av til lagbilete frå aldersbestemt fotball. Og sidan nokre av desse bileta vart ein gode del mørkare på trykk enn dei eigentleg skulle vere, så kjem bileta ein gong til her. Namna på alle spelarane og alle leiarane står i heftet.

28.11. GODE PRESTASJONAR I "FUTSAL-CUP"

Grunna tekniske problem fekk vi dessverre ikkje oppdatert Hareid-sida i helga. Men kort oppsummert:
* SMG13 gjekk vidare frå både gruppespelet og mellomspelet i futsal-cup, men rauk til slutt ut mot Hødd i kvartfinalen (3-2-tap). Uansett godt jobba av det unge Hareid-laget.
* G16 derimot slo Hødd 1 i kvartfinalen, etter å ha tatt seg greitt vidare frå både gruppspelet og mellomspelet. I semifinalen vart det derimot 3-2-tap mot Ørskog/Stordal. Uansett ei god turnering av Hareid-karane. 
* Tre Hareid-lag har forresten nådd semifinalen i futsal-cup i haust. Ikkje verst. (Det blir ikkje spelt bronsefinalar i desse turneringane.)
* Hareid arrangerte i helga futsal-kampar i G11-klassen.
** Les meir om alt dette på Hareid IL sin facebook-profil.

31.01. HAREID G12 PÅ FUTSAL-TURNERING

Bak frå venstre: Jena Thas, Christian Mork Breivik, Magnus Teige, Murad Jemal Mohamedosman . Framme frå venstre: Nikolas Brandal, Noah Indreflø Elvanes, Julian Varhaug.
Bak frå venstre: Jena Thas, Christian Mork Breivik, Magnus Teige, Murad Jemal Mohamedosman . Framme frå venstre: Nikolas Brandal, Noah Indreflø Elvanes, Julian Varhaug.

Les rapporten til trenar Sindre Breivik.

25.11. TRENARETEAM SMÅGUTE- OG GUTELAGA 2016

04.10. Gutar 12 år i år

Denne flotte gjengen med spelarar fødd i 2003 og 2004 har i år hatt to felles lag i G12 serien. Torsdag spelte vi årets siste seriekamp mot Spjelkavik. Tilsaman har gutane scora over 200 mål i serien, vunne 20 kampar og tapt 2. Kjekt å sjå at trening gir resultat:-) Vi gler oss til neste kapittel!

MVH

Vegard, Trenar G12

02.09. G10 på Gursken-cup

Hareid G10 (f.2004) var søndag på Gursken Cup, og hadde ei flott turnering i flotte omgivelsar på River-Plate i Gursken. Arrangør hadde laga ei flott ramme rundt Gursken Cup, og veret var også som bestilt, med sol og fin temperatur. Vi var 6 gutar som var med denne gongen, Julian Varhaug, Noah Elvanes, Magnus Teige, Jena Thas, Nikolas Brandal og Christian Mork Breivik. Laget spelte tre kampar, mot Bergsøy 3, Volda og Gurskøy, og gjorde det svært godt. Diplom og premiar venta etter siste kamp. Flott Cup av Gursken. Heider til alle spelarane som sto på i alle kampane. Godt jobba !!

Med sportsleg helsing, Sindre Breivik, Trenar G10

27.06. G11 oppsummerer vårsesongen
unnamed.jpg
16.06. G10 på jubileumsturnering i Spjelkavik laurdag

Denne gongen hadde SFK (Sunnmøre Fotballkrins) laga til Jubileumsturnering, i høve 100-årsfeiringa av krinsen. Det vart arrangert turneringar på svært mange baner rundt om på Sunnmøre denne dagen. Hareid sitt G10-lag hadde fått gleda av å stille på turnering i Spjelkavik. Her har dei fått til eit flott anlegg for fotball, både med kunstgras, gras og hall. Veret på Laurdag var fantastisk, og spelarane våre var klare til turnering. Det vart spelt 3 kampar, mot Hødd Svart, Guard Blå og Langevåg Blå. Mange spennande og jamne kampar vart det, og vi tok det lengste strået i alle. Flott jobba av alle spelarane, vi hadde gode periodar og andre som vi må jobbe meir med. Viktigaste er uansett at ein har det kjekt med å spele fotball, og ikkje minst ha det kjekt med kompisane sine. Premiar til slutt er alltid kjekt å få. Sportsleg helsing Sindre B, Trenar G10.

05.05. G10 på miniturnering
Framme frå venstre: Julian Varhaug, Magnus Teige, Vibusan Premakumar. Bak frå venstre: Jena Thas, Nikolas Brandal, Christian Mork Breivik. Mangla på bildet gjer hospitantane frå G9, Borgar Moe-Dyrhaug og Olavius Vikebakk, då bildet vart teke i etterkant av turneringa.
Framme frå venstre: Julian Varhaug, Magnus Teige, Vibusan Premakumar. Bak frå venstre: Jena Thas, Nikolas Brandal, Christian Mork Breivik. Mangla på bildet gjer hospitantane frå G9, Borgar Moe-Dyrhaug og Olavius Vikebakk, då bildet vart teke i etterkant av turneringa.

Søndag hadde G10 miniturnering på Hareidsmyrane kunstgras frå kl.13-15.30. Veret var faktisk svært bra denne dagen, samanlikna med dagen før, då det både var snø og kaldt.

28.04. G10 på Tafjord-cup

09.03. Hareid har meldt på 14 lag i barnefotballen
Eit niårslag frå 2013.
Eit niårslag frå 2013.

* I morgon går fristen til å melde på lag i barnefotballen ut. Hareid IL har meldt på 14 lag; G8 x 3, G9 x 2, G10 x 1, G11 x 2, G12 x 1, J8 x 2, J10 x 2, J11 x 1. 
* Dessutan har J16 meldt på eit ekstra sjuarlag, slik vi kjem opp i like mange ungdomslag som i fjor (åtte).
* Pluss fire seniorlag har Hareid dermed 26 lag i år. Men det blir nok endå fleire. For sjuårslaga har ikkje starta opp endå, og dei blir meldt på seinare.

17.12. G11 kosa seg på cup

Her er G11 gutane etter ein futsalkamp i Stordalshallen den 15.desember. Det vart 3 jamne kampar og vi hadde det skøy :-) Mvh Peter, trenar.

16.10. G10 på turnering

15. oktober arrangerte G10 miniturnering med lag frå Ørsta, Hødd og Bergsøy. Turneringa skulle eigentleg spelast i september, men vart utsett av ymse årsaker. Alle klubbane var enige i å prøve 7ar turnering og stilte med to lag kvar. Vi var spente på om gutane klarte overgangen til større bane, men dette gjekk fint. Laga har i år fått skikkelig god matching i turneringane mot dei andre store klubbane på Søre Sunnmøre.  Det har vore ei fin og jamn pulje med mange tette oppgjer. G10 har gjennom heile sesongen  hatt eit godt treningssamarbeid med G11, og omtrent halvparten av spelarane har også fått hospitert i kampar med dei. Den siste store utfordringa i år blir Tarecupen i november. Ref. V. Knardal.

12.09. Jenter 2002 på cup i Spjelkavik

Frå venstre: Hanna H Grimstad, Silje Å Bjåsted, Renate Wisth, Amalie Koppen, Frida J Dyrvik, Kristine Bigset, Shajeena Jeyathas, Celine Gyllensten, Inga Dreveland
Frå venstre: Hanna H Grimstad, Silje Å Bjåsted, Renate Wisth, Amalie Koppen, Frida J Dyrvik, Kristine Bigset, Shajeena Jeyathas, Celine Gyllensten, Inga Dreveland

Hareid sine jenter 2002 var laurdag på cup i Spjelkavik, og gjorde sine saker bra. 

04.09. Gutar 11 år med god flyt

G11.JPG

Gutane har fått seg ein oppsving i år og har vunne mange kampar og spelt godt. Dei har faktisk vunne 7 av dei 8 siste kampane. Sist mot Haddal der bildet er frå. Eit samarbeid med G10 har vore veldig bra. LG11 har fått eit slagkraftig lag i 7-arserien og G10 har fått utfordringar mot gutar som er eitt år eldre enn dei og fått erfaringar når dei skal spele 7-arkampar sjølv neste sesong.

Gutane på bildet er: Framme: Christian, Sebastian. 2. rekke: Stian, Adolphus, Daniel, Patrick, Ole-Martin. Bakerst: Markus, Johannes, Victor.

02.09. Gutar 9 år på miniturnering

Framme frå venstre: Magnus Teige, Jena Thas, Noah Indreflø Elvanes. Bak frå venstre: Vibusan Premakumar, Julian Varhaug, Christian Mork Breivik og Jørgen Drevland.
Framme frå venstre: Magnus Teige, Jena Thas, Noah Indreflø Elvanes. Bak frå venstre: Vibusan Premakumar, Julian Varhaug, Christian Mork Breivik og Jørgen Drevland.

Hareid sine gutar 9 år var søndag ettermiddag på miniturnering hos Hødd i Ulsmohallen. Ein kan vere glad for at turneringa gjekk innandørs, for det regna kraftig heile ettermiddagen.

17.06. Gutar 12 år på Selje-cup

Bak frå venstre: John Arne Apelseth, Håvard Mork Breivik, Tarje Riise, Svenning Veiseth, August Brandal, Pål Apelseth (Head coach). Framme frå: Henrik Holstad, Kim Andre Alvestad, Bendik Engen, Mathias Rise, Andreas Nesset jr., Henrik Thorseth
Bak frå venstre: John Arne Apelseth, Håvard Mork Breivik, Tarje Riise, Svenning Veiseth, August Brandal, Pål Apelseth (Head coach). Framme frå: Henrik Holstad, Kim Andre Alvestad, Bendik Engen, Mathias Rise, Andreas Nesset jr., Henrik Thorseth
1234Neste
ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR