hareid_il_logo_135.png









 

20.12. LAGFOTO ALDERSBESTEMT 2016

Om tre dagar fyller fotballgruppa 70 år. I det høvet har gruppa gitt ut eit eige jubileumshefte, som sikkert mange allereien har sett og lest. Nokre av sidene i heftet var sett av til lagbilete frå aldersbestemt fotball. Og sidan nokre av desse bileta vart ein gode del mørkare på trykk enn dei eigentleg skulle vere, så kjem bileta ein gong til her. Namna på alle spelarane og alle leiarane står i heftet.

28.11. HAREID MED FORNYA SATSING PÅ JUNIORGENERASJONEN (NB. HUGS SPELARMØTE FOR JUNIOR OG G16 PÅ HUS TYSDAG 18.00)

Kim-Tore Husøy, her frå ein kamp mot Rollon i 2011.
Kim-Tore Husøy, her frå ein kamp mot Rollon i 2011.

Med Kim-Tore Husøy tilbake som trenar slår Hareid IL Fotball til med ei fornya satsing på juniorfotballen i klubben.

13.11. BITTERT FOR HAREID G15 i "FUTSAL-CUP" I SULAHALLEN

August Julian Brandal, her frå ein kamp mot AaFK tidlegare i år, vart Hareid sin mestscorande spelar med sju mål denne turneringa.
August Julian Brandal, her frå ein kamp mot AaFK tidlegare i år, vart Hareid sin mestscorande spelar med sju mål denne turneringa.

Medan J16 rauk ut i mellomspelet, tok G16 seg vidare frå dette stadiet etter 2-1 mot Stranda og 3-0 mot Hødd.

12.11. "FUTSAL-CUP": BEGGE HAREID-LAGA VIDARE TIL MELLOMSPELET SOM GRUPPETOARAR

* J16 vart nummer to i si gruppe med fire poeng. Anne-Liv Holstad har scora tre av Hareid sine seks mål. I mellomspelet søndag ventar Blindheim og FK Sykkylven. Livescore.
* G15 vart også nummer to i si gruppe, etter seks av ni moglege poeng. Både August Julian Brandal og Bendik August Engen har scora tre mål for Hareid. I mellomspelet søndag skal Hareid møte Hødd og Stranda. Livescore.
** Lykke til!

11.11. KLART FOR INNE-KM ("FUTSAL-CUP")

Jon Arne Apelseth og Henrik Holstad i ein G16-kamp mot Aalesund i haust.
Jon Arne Apelseth og Henrik Holstad i ein G16-kamp mot Aalesund i haust.

Hareid har gode tradisjonar for innefotball, og kan vise til krinsmeisterskap både med den gode gamle filtballen, og den meir nymotens futsalen. Sist KM-tittel kom på nyåret 2015 då SMG13 vart krinsmeistrar. (Forresten er vi usikre på om årets konsept blir rekna som KM eller ei. Turneringane i år blir kalla "futsal-cup"). Korleis det går i år står igjen å sjå. I alle tilfelle er det G15 og J16 som skal forsvare Hareids ære denne helga.

28.10. KM-SØLV TIL J16!

Det såg ikkje ut som at det skulle bli KM-medaljar på Hareid utandørs i år. Men jau. Hareid J16 sette i gang ein skikkeleg sluttspurt og vann KM-sølv (1.-divisjon sjuar) etter 6-2-siger borte mot Hødd i siste runde. Vi gratulerer så mykje! (Ein rapport kjem her på sida i morgon.)

10.09. J16 TAPTE BORTE MOT HERD

Olea Flø Larsen spelte godt i midtforsvaret, men måtte ut med ein skade.
Olea Flø Larsen spelte godt i midtforsvaret, men måtte ut med ein skade.

14.08. DEN ALDERSBESTEMTE FOTBALL SKAL IGJEN RUL(L)E

Frå ein SMG13-kamp på Hareidsmyrane stadion i vår mellom Hareid og Hødd.
Frå ein SMG13-kamp på Hareidsmyrane stadion i vår mellom Hareid og Hødd.

Veka vi snart legg bak oss starta to av seniorlaga på igjen. I løpet av veka som kjem er også dei aller fleste ungdomslaga våre i gang med haustseriane.

03.08. NORWAY CUP DAG 4 (ONSDAG): TRE HAREID-lAG ER MED VIDARE TORSDAG

SMG14 på Norway Cup. Laget er eitt av våre tre som framleis er med i turneringa torsdag.
SMG14 på Norway Cup. Laget er eitt av våre tre som framleis er med i turneringa torsdag.

Det har vore ein Hareid-dag med både store triumfar og gedigne skuffelsar. Men tre av seks lag skal framleis vere med torsdag. Og det er jo ein bra prestasjon.

02.08. DAG 3 HELD FRAM: JENTELAGET VANN SIN TREDJE AV TRE MOGLEGE

Jentelaget etter tre av tre sigrar.
Jentelaget etter tre av tre sigrar.

I kveld var det 3.kamp i gruppespelet for Hareid J16. Jentene slo til nok ein gang og vann sin 3. kamp. Fantastisk innsats av alle jentene. Det var ekstra stas at Ragnhild Holstad kom på kampen. Ho var uheldig og braut foten søndag kveld, og det vanka godt med klemmar og ei gåve frå veninnene. God betring Ragnhild.
Hareid - Trygg Lade 2-0.
1-0 Kethleen Lorenzo Alstadsæter 22 min
Pause
2-0 Anne-Liv Holstad 37 min
Slutt
Helsing Gry H.
PS. Hareid møter Ørsta til 1/16-finale klokka 17.30 på Valle Hovin i morgon, onsdag.
PS 2. Det er no definitivt klart at SMG13 går til a-sluttspelet som gruppevinnar, medan SMG14 går til b-sluttspelet (sjølv om dei avslutta med ein sterk siger). Meir om dette når vi kjem med ei siste oppdatering rundt klokka 23.00 i kveld. Då har også SMJ14 spelt sin siste gruppespelkamp.

02.08. DAG 3 ER I GANG: J16 VIDARE TIL A-SLUTTSPELET ETTER SIGER MOT TERTNES

Jentene jublar for avansement til a-sluttspelet. Ettermiddagens kamp mot Trygg/Lade blir ein rein gruppefinale. Dersom Hareid blir nummer to i denne gruppa møter dei Ull/Kisa til 1/16.finale onsdag. Blir det gruppesiger, blir det Møre-derby mot Ørsta eller Tingvoll.
Jentene jublar for avansement til a-sluttspelet. Ettermiddagens kamp mot Trygg/Lade blir ein rein gruppefinale. Dersom Hareid blir nummer to i denne gruppa møter dei Ull/Kisa til 1/16.finale onsdag. Blir det gruppesiger, blir det Møre-derby mot Ørsta eller Tingvoll.

J16 Tertnes-Hareid 1-2
Kampen gjekk på Voldsløkka.
1 min Anne-Liv 0-1
6 min Anne-Liv 0-2
7 min redusering 1-2
Pause
1-2 slutt :-)
Neste kamp mot Trygg-Lade kl 17.15 i kveld på Valle Hovin.
Helsing Gry H.

01.08. NORWAY CUP DAG 2: JENTELAGET OPNA MED SIGER

20160801_132711.jpg

Hareid J16 måtte vente til måndag før dei fekk spele sin første kamp i årets Norway Cup. Men jentene slo til med ein flott siger.

31.07. HAREID IL SINE NORWAY CUP-KAMPAR MÅNDAG (DAG 2)

* 12.00: J16 møter Rising Star (frå Sør-Korea) på Ekeberg. Dette blir J16 sin første kamp i årets turnering. Dei skal spele to kampar tysdag.
* 14.15: G16 I skal møte Charlottenlund på Valle Hovin. Hareid vann sin første kamp i dag, medan Charlottenlund tapte klart mot Burfjord. Hareid kan vere klare for a-sluttspel allereie måndag om dei vinn denne.
* 18.30: SMJ14 møter Kolbotn på Ekeberg. Kolbotn sitt resultat mot Snøgg søndag kveld er ikkje klart i det dette er skrive. Med tanke på a-sluttspel bør Hareid uansett helst vinne denne, sidan dei tapte mot Eid i dag.
* 19.30: SMG14 møter PACES frå Palestina på Valle Hovin. Hareid treng poeng for å kunne nå a-sluttspelet her, men får ei kjempeutfordring, vil vi tru, i og med at PACES vann heile 11-0 mot Ready i dag.
* 20.30: G16 II møter Austrheim på Ekeberg. Austrheim tapte 12-0 mot Vik i dag. Med siger her er Hareid i a-sluttspelet.
** NB. SMG13 spelar ikkje måndag, men to kampar tysdag.
** PS. Gløym ikkje å sende inn foto og tekst til hareidsida@gmail.com. Girri, girri!

24.06. SLIK GJEKK DET MED UNGDOMSLAGA I VÅR: SPESIELT JENTENE IMPONERTE

Filip Andreas Moldskred i aksjon for G13 niar i ein kamp mot Hødd sist veke.
Filip Andreas Moldskred i aksjon for G13 niar i ein kamp mot Hødd sist veke.

Vi gir deg oversikta over korleis det gjekk med Hareid IL Fotball sine ungdomslag (13-19 år) i vårsesongen. 

17.06. FOTO: HAREID - HERD, JENTER 16 ÅR SJUAR

Hareid kollapsa denne kampen og tapte 6-3. Men laget har levert ein god vårsesong og vart nummer to i si pulje med 22 poeng på 10 kampar. Det betyr at Hareid med god margin er kvalifiserte til 1.-divisjon i haust. Tabellen.

1234...7Neste
ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR