hareid_il_logo_135.png









 

20.12. LAGFOTO ALDERSBESTEMT 2016

Om tre dagar fyller fotballgruppa 70 år. I det høvet har gruppa gitt ut eit eige jubileumshefte, som sikkert mange allereien har sett og lest. Nokre av sidene i heftet var sett av til lagbilete frå aldersbestemt fotball. Og sidan nokre av desse bileta vart ein gode del mørkare på trykk enn dei eigentleg skulle vere, så kjem bileta ein gong til her. Namna på alle spelarane og alle leiarane står i heftet.

28.11. GODE PRESTASJONAR I "FUTSAL-CUP"

Grunna tekniske problem fekk vi dessverre ikkje oppdatert Hareid-sida i helga. Men kort oppsummert:
* SMG13 gjekk vidare frå både gruppespelet og mellomspelet i futsal-cup, men rauk til slutt ut mot Hødd i kvartfinalen (3-2-tap). Uansett godt jobba av det unge Hareid-laget.
* G16 derimot slo Hødd 1 i kvartfinalen, etter å ha tatt seg greitt vidare frå både gruppspelet og mellomspelet. I semifinalen vart det derimot 3-2-tap mot Ørskog/Stordal. Uansett ei god turnering av Hareid-karane. 
* Tre Hareid-lag har forresten nådd semifinalen i futsal-cup i haust. Ikkje verst. (Det blir ikkje spelt bronsefinalar i desse turneringane.)
* Hareid arrangerte i helga futsal-kampar i G11-klassen.
** Les meir om alt dette på Hareid IL sin facebook-profil.

14.08. DEN ALDERSBESTEMTE FOTBALL SKAL IGJEN RUL(L)E

Frå ein SMG13-kamp på Hareidsmyrane stadion i vår mellom Hareid og Hødd.
Frå ein SMG13-kamp på Hareidsmyrane stadion i vår mellom Hareid og Hødd.

Veka vi snart legg bak oss starta to av seniorlaga på igjen. I løpet av veka som kjem er også dei aller fleste ungdomslaga våre i gang med haustseriane.

04.08. SMG14 UTE

Hareid sitt SMG14-lag har levert ei god turnering. Først var det berre så vidt dei ikkje gjekk vidare til a-sluttspelet - før dei har levert varene i b-sluttspelet. Men i kvartfinalen i ettermiddag vart det altså stopp. Løvenstad II vart for sterke med siffera 2-1. Uansett bra jobba av SMG14. Akkurat i kveld er det sikkert litt bittert å ryke når ein er så nær semien, men om nokre dagar vil truleg dei fleste sjå tilbake på ei god turnering. Bra jobba!

04.08. NORWAY CUP DAG 5 ER I GANG: SMG14 VIDARE I B-SLUTTSPELET

Hareid vann lokalderbyet. Foto: Unni Bergdal.
Hareid vann lokalderbyet. Foto: Unni Bergdal.

SMG14 er klare for kvartfinale i b-sluttspelet etter å ha slått Haddal 7-1. No ventar kvartfinale mot Løvenstad II klokka 16.35. Kampen går på Ekeberg. Girri, girri!

03.08. NORWAY CUP DAG 4 (ONSDAG): TRE HAREID-lAG ER MED VIDARE TORSDAG

SMG14 på Norway Cup. Laget er eitt av våre tre som framleis er med i turneringa torsdag.
SMG14 på Norway Cup. Laget er eitt av våre tre som framleis er med i turneringa torsdag.

Det har vore ein Hareid-dag med både store triumfar og gedigne skuffelsar. Men tre av seks lag skal framleis vere med torsdag. Og det er jo ein bra prestasjon.

03.08. NORWAY CUP DAG 4: RAPPORT FRÅ IVRIG FOTBALLMAMMA (SMG14)

20160802_161105.jpg

03.08. NORWAY CUP DAG 4 (ONSDAG), FØRSTE OPPDATERING: TO HAREID-LAG VIDARE, EITT UTE

* Første ute i dag var SMJ14. Dei hadde ingen problem med å slå Leirgulen 4-0 i 1/32-finalen i a-sluttspelet. Hanna Holstad Grimstad scora alle Hareid-måla. Allereie klokka 15.40 spelar Hareid 1/16-finale i denne klassen. Motstandar er Årvoll, og kampen blir spelt på Ekeberg.

02.08. DAG 3 HELD FRAM: JENTELAGET VANN SIN TREDJE AV TRE MOGLEGE

Jentelaget etter tre av tre sigrar.
Jentelaget etter tre av tre sigrar.

I kveld var det 3.kamp i gruppespelet for Hareid J16. Jentene slo til nok ein gang og vann sin 3. kamp. Fantastisk innsats av alle jentene. Det var ekstra stas at Ragnhild Holstad kom på kampen. Ho var uheldig og braut foten søndag kveld, og det vanka godt med klemmar og ei gåve frå veninnene. God betring Ragnhild.
Hareid - Trygg Lade 2-0.
1-0 Kethleen Lorenzo Alstadsæter 22 min
Pause
2-0 Anne-Liv Holstad 37 min
Slutt
Helsing Gry H.
PS. Hareid møter Ørsta til 1/16-finale klokka 17.30 på Valle Hovin i morgon, onsdag.
PS 2. Det er no definitivt klart at SMG13 går til a-sluttspelet som gruppevinnar, medan SMG14 går til b-sluttspelet (sjølv om dei avslutta med ein sterk siger). Meir om dette når vi kjem med ei siste oppdatering rundt klokka 23.00 i kveld. Då har også SMJ14 spelt sin siste gruppespelkamp.

31.07. HAREID IL SINE NORWAY CUP-KAMPAR MÅNDAG (DAG 2)

* 12.00: J16 møter Rising Star (frå Sør-Korea) på Ekeberg. Dette blir J16 sin første kamp i årets turnering. Dei skal spele to kampar tysdag.
* 14.15: G16 I skal møte Charlottenlund på Valle Hovin. Hareid vann sin første kamp i dag, medan Charlottenlund tapte klart mot Burfjord. Hareid kan vere klare for a-sluttspel allereie måndag om dei vinn denne.
* 18.30: SMJ14 møter Kolbotn på Ekeberg. Kolbotn sitt resultat mot Snøgg søndag kveld er ikkje klart i det dette er skrive. Med tanke på a-sluttspel bør Hareid uansett helst vinne denne, sidan dei tapte mot Eid i dag.
* 19.30: SMG14 møter PACES frå Palestina på Valle Hovin. Hareid treng poeng for å kunne nå a-sluttspelet her, men får ei kjempeutfordring, vil vi tru, i og med at PACES vann heile 11-0 mot Ready i dag.
* 20.30: G16 II møter Austrheim på Ekeberg. Austrheim tapte 12-0 mot Vik i dag. Med siger her er Hareid i a-sluttspelet.
** NB. SMG13 spelar ikkje måndag, men to kampar tysdag.
** PS. Gløym ikkje å sende inn foto og tekst til hareidsida@gmail.com. Girri, girri!

31.07. NORWAY CUP DAG 1: TRE SIGRAR OG TO TAP

Frå G16 II sin kamp. Foto: Rolf P. Almli.
Frå G16 II sin kamp. Foto: Rolf P. Almli.

24.06. SLIK GJEKK DET MED UNGDOMSLAGA I VÅR: SPESIELT JENTENE IMPONERTE

Filip Andreas Moldskred i aksjon for G13 niar i ein kamp mot Hødd sist veke.
Filip Andreas Moldskred i aksjon for G13 niar i ein kamp mot Hødd sist veke.

Vi gir deg oversikta over korleis det gjekk med Hareid IL Fotball sine ungdomslag (13-19 år) i vårsesongen. 

08.05. MANGE HAREID-KAMPAR I VEKA SOM KJEM

Frå juniorkampen Hareid - Emblem i første serierunde.
Frå juniorkampen Hareid - Emblem i første serierunde.

Vi har tatt ein kik på Hareid-kampane i ungdoms- og seniorfotballen.

01.05. HAREID-KAMPAR I UNGDOMS- OG SENIORFOTBALLEN I VEKA SOM KJEM

Hareid og LGFK møtest til 4.-divisjonskamp på Hareid torsdag. Her frå ein kamp mellom laga før seriestart.
Hareid og LGFK møtest til 4.-divisjonskamp på Hareid torsdag. Her frå ein kamp mellom laga før seriestart.

29.04. SMÅGUTELAGA MED SIGER OG TAP

Glimt frå Hareid-Hasundgot.
Glimt frå Hareid-Hasundgot.

Les referata.

21.04. HAREID SMG13 9-AR SLO TILBAKE

Etter eit stortap mot Bergsøy sist veke slo Hareid tilbake og slo Spjelkavik i går. Les referatet.

1234...9Neste
ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR