hareid_il_logo_135.png









 

16.02. AVDELINGSOPPSETT FOR SENIOR SJUARFOTBALL OG DEI FLESTE UNGDOMSKLASSANE

Hareid damelag under Odden-cupen tidlegare i februar.
Hareid damelag under Odden-cupen tidlegare i februar.

23.01. HAREID MED ÅTTE UNGDOMSLAG I 2016

Småjentelaget i fjor.
Småjentelaget i fjor.

25.11. TRENARETEAM SMÅGUTE- OG GUTELAGA 2016

02.11. SLIK GJEKK DET MED HAREID IL SINE UNGDOMSLAG I HAUST

Ei utgåve av Hareid J16.
Ei utgåve av Hareid J16.

Det har jamt over vore eit godt år for ungdomslaga våre, med både KM-gull og KM-sølv i fangsten.

31.07. NORWAY CUP: BRONSE TIL SMG14!

Eit mobilfoto vi fann av SMG14. Om nokon har eit foto i høgre oppløysing, vennligst send til hareidsida@gmail.com:)
Eit mobilfoto vi fann av SMG14. Om nokon har eit foto i høgre oppløysing, vennligst send til hareidsida@gmail.com:)

I dag tidleg tapte Hareid semifinalen mot UNRWA Football Team knapt 1-0. Men i bronsefinalen mot Farsund hadde Hareid-karane ingen problem og vann 6-0. Måla kom ved Bendik Engen (3), Tarjei Riise, August Brandal og Marcus Vollset. Vi gratulerer både spelarar og leiarar så mykje med bronsemedaljane. PS. Hareid tok også bronse i SMG14-klassen (sjuar) i 2013!

31.07. NORWAY CUP: G16 HERJA, SPELAR NY FINALE PÅ DIREKTESENDT TV

FINALEKLARE: Andreas Rise og Håvard Øvrelid.
FINALEKLARE: Andreas Rise og Håvard Øvrelid.

* Hareid G16 gjorde som i fjor og spelte seg fredag morgon fram til finale i a-sluttspelet i verdas største fotballturnering. Men at det skulle bli heile 6-1 (!) mot Orion Sporting frå Egypt hadde nok dei færraste trudd. Finalen mot Rosendal/Uskedal 2 går klokka 14.45. Og er du ikkje i Oslo kan du sjå kampen direkte på TV2 Sportskanalen. Gå for gull og lykke til!
* SMG14 tapte dessverre 1-0 mot UNRWA frå Palestina i semifinalen. Dei spelar bronsefinale mot Farsund IL klokka 12.30. Lykke til!

30.07. NORWAY CUP: OGSÅ SMG14 TIL SEMIFINALE, G16 SIN SEMIFINALE VART UTSETT

Eit foto frå fjorårets finale i G16-klassen mellom Hareid og Fyllingsdalen. Vi håper på likande scenar i morgon. Då har to Hareid-lag sjansen til å spele seg heilt til finale. GIRRI GIRRI!
Eit foto frå fjorårets finale i G16-klassen mellom Hareid og Fyllingsdalen. Vi håper på likande scenar i morgon. Då har to Hareid-lag sjansen til å spele seg heilt til finale. GIRRI GIRRI!

Det har vore ein ny stor dag for Hareid idrettslag i Oslo.
* Som vi melde tidlegare kvalifiserte G16 seg til semfinale etter to sigrar i føremiddag. Semfinalen mot Orion Sporting skulle ha gått i kveld, men er no utsett til 09.00 i morgon (fredag). Bane: KFUM-2. 
* SMG14 spelte kvartfinale no i kveld. Dei vann 3-0 mot Tornado Måløy FK, eit lag dei tidlegare slo i Selje-cup i vår. Måla til Hareid kom ved August Brandal (2) og Kim A. Alvestad. Også deira semifinale går i morgon 09.00. Kven dei skal møte får vi kome tilbake til.
** Dette er første gong Hareid IL har med to lag i semifinalane i ei og same utgåve av Norway Cup. Vi ønskjer karane lykke til i morgondagens semifinalar. GIRRI GIRRI!
** PS. Send gjerne inn foto til hareidsida@gmail.com.

30.07. NORWAY CUP: SMJ14 UTE

* SMJ14 tapte b-kvartfinalen 1-0 mot Nordby turbojenter. Uansett godt jobba av Hareid-jentene i årets turnering!
* Hareid SMG14 er vidare til kvartfinale etter 4-2-siger mot Rommen. Kvartfinalen går klokka 18.25.
* Hareid G16 er også klare for kvartfinale etter 3-2-siger mot Kvass/Ulvungen. Møter Lebanon klokka 14.30.
** Følg kvartfinalane live på facebook. Girri girri!

29.07. NORWAY CUP ONSDAG ETTERMIDDAG OG KVELD: ALLE HAREID-LAGA VIDARE!

* SMG14 vann 6-1 mot Sandane TIL. Dermed spelar Hareid 1/8-finale mot Rommen i morgon kl. 10.45. Bane: E12 (Ekeberg).
* G16 vann 3-0 mot Øystese. Dermed spelar Hareid 1/8-finale mot nordmørslaget Kvass/Ulvungen kl. 11.40 i morgon. Bane: BE5 (Bjølsen). 
* SMJ14, som spelar i b-sluttspelet, vann 3-0 mot Ørskog. Det betyr kvartfinale klokka 08.55 i morgon på Valle Hovin. Motstandaren er enno ikkje klar.
** Vi ønskjer alle Hareid-laga lykke til. Send gjerne inn bilete og rapportar til hareidsida@gmail.com.

28.07. NORWAY CUP: RESULTATA TYSDAG OG OPPSETT FOR ONSDAGENS KAMPAR

* Endeleg ein opptur for SMJ14, som vann 4-1 mot IL Valder. Dermed tredjeplass på hareidsjentene. Hareid spelar 1/16-finale i b-sluttspelet mot Follese onsdag klokka 11.40. Bane: VE2 (Valle Hovin). 
* Etter to kalassigrar fekk G16 seg ein skikkeleg vekkar då det i dag vart 3-2-tap mot Askvoll og Holmedal (AHIL) i dag. William Valde Bigset og Håvard Øvrelid scora måla for dette Hareid-laget, som uansett får spele a-sluttspel. 1/32-finalen går mot Ørskog/Stordal klokka 11.40 onsdag. Bane: FE4 (Furuset).
* SMG14 vann si gruppe etter deira tredje strake siger i dag. Det vart 2-1-siger etter ein svak 2. omgang mot Sund SK. Kim A. Alvestad og Bendik Engen scora for Hareid. Hareid spelar 1/16-finale mot Sandane (STIL) klokka 16.35. Bane: BE5 (Bjølsen). 
* Uansett; lykke til med kampane i sluttspelet - som vi reknar med går live på facebookprofilen - takka vere tilskodarar som Gry Håbakk Rise, Sindre Breivik og Lena Kathrin Hansen.
* PS. Send gjerne inn foto til hareidsida@gmail.com.

27.07. NORWAY CUP: HAREID IL SINE KAMPAR DAG 3 (TYSDAG)

* G16 møter AHIL (Askvoll og Holmedal IL) på bane VE5 (Valle Hovin) klokka 09.55. Rein gruppefinale (Hareid vinn med uavgjort).
* SMG14 møter Sund på bane E13 (Ekeberg) klokka 16.40. Her gjeld det berre for Hareid å unngå stortap.
* SMJ14 møter IL Valder på bane VE3 (Valle Hovin) klokka 13.00. Her gjeld det for Hareid å vinne for å ta tredjeplassen i gruppa.
** Vi ønskjer Hareid-laga lykke til i morgon. Girri girri!
** PS. Hugs å sende inn foto til hareidsida@gmail.com.

27.07. NORWAY CUP DAG 2: TO KLARE SIGRAR OG EITT TAP, SOM I GÅR

* SMJ14 tapte også 4-1 i dag, denne gongen mot Nordhordaland United. Dermed blir det b-sluttspel på jentene. Kor vidt det blir tredje- eller fjerdeplass i den innleiande gruppa blir avgjort mot Valder i morgon (Valder har eitt poeng på første to).
* SMG14 vann 4-0 mot Ullern Hvit. Dermed er Hareid i realiteten klare for a-sluttspelet. Hareid må tape med mange mål i morgon, samtidig som Ullern slår Indrefjord klart, om det ikkje skal bli minst andreplass i gruppa. 
* G16 vann heile 16-0 mot Rustad. Hareid er klare for a-sluttspelet. Morgondagens kamp mot AHIL avgjer kven som vinn gruppa (Hareid har 29-1 i målforskjell, AHIL 20-0.)

26.07. NORWAY CUP DAG 1: TO SIGRAR OG EITT TAP

* SMG14 opna med 6-0-siger mot Indrefjord frå Finnmark. Stillinga til pause var 5-0. Andreas Nesset jr. scora halvparten av Hareid-måla.
* G16 vann heile 13-1 mot Bergen Nord II. William Valde Bigset scora fem av måla.
* SMJ14 tapte dessverre 4-1 mot Medkila.
** Info om morgondagens kampar kjem seinare i kveld.

26.06. UNGDOMSFOTBALL: AVDELINGSOPPSETT FOR HAUSTEN

Oppsettet finn du her. Hareid G16 er ikkje med her, sidan dei spelar i 1.-divisjon heile sesongen. Elles ser vi at Hareid har med sju ungdomslag i haust, kontra seks i vår. Dette fordi Hareid stiller lag både i SMJ13 og SMJ14 (begge sjuar) til hausten (i staden for niar i SMJ14). Vi gratulerer forresten J16 med eit sterkt opprykk til 1.-divisjon frå vår til haust. Trenar Venthan Ketheeswaran kjem med eit referat frå vårsesongen deira om ikkje så lenge. PS. Hareid SMG14, som vann 1.-divisjon vår som niarlag i 11-arklassen, får ikkje stille 9-arlag i denne avdelinga i haust. Dermed hamnar dei i 1.-divisjon niar.

14.06. SMG14 VANN SELJE-CUP!
Bak frå venstre: Marcus Vollset, Svenning Veiseth, Bendik August Engen, Mathias Riise, August Brandal. Framme: John Arne Apelseth, Kim André Lied Alvestad, Tarjei Dimmen Riise, Håvard Mork Breivik, Andreas Nesset jr.
Bak frå venstre: Marcus Vollset, Svenning Veiseth, Bendik August Engen, Mathias Riise, August Brandal. Framme: John Arne Apelseth, Kim André Lied Alvestad, Tarjei Dimmen Riise, Håvard Mork Breivik, Andreas Nesset jr.

Hareid IL har gode tradisjonar i Selje-cupen. I helga vann Hareid 14-årsklassen etter 5-0 mot Tornado Måløy FK i finalen. Gratulerer til dette laget, som tidlegare i førre veke vann 1.-divisjon SMG14 vår.

08.06. HAREID SMG14 VANN 1.-divisjon VÅR

Måndag var Aksla motstandar på Hareidsmyrane stadion. Hareid vann 6-1 etter at stillinga var 2-1 til pause. Måla til Hareid kom ved August Brandal (4), Andreas Nesset og Håvard Mork Breivik. Dette betyr at Hareid sikra sigeren i 1.-divisjon i vår. Godt jobba av heile gjengen. Så får vi sjå korleis det går når det står om KM-medaljar til hausten. Av: KA

03.06. SMG14 1.-divisjon: HAREID MED BORTESIGER MOT HERD

19.01. Fjerdeplass i KM

* SMG14 deltok i helga i a-sluttspelet i inne-KM (futsal). Dei kom til kvartfinalen, der dei slo Herd 5-2. William Valde Bigset scora fire av måla, Filip Varhaug eitt. I semfinalen tapte Hareid 4-1 mot Aalesund. Varhaug scora for Hareid. I bronsefinalen vart det klart tap mot Emblem. Likevel ei god turnering av Hareid.
* J16 deltok også i a-sluttspelet i helga. Ti lag fordelte på to puljer kjempa om å kome med til semifinalane. Og etter to uavgjorte og to tap vart ikkje Hareid eitt av desse laga.

11.01. LAGBILETE AV GULLGJENGEN

11.01. KM-GULL TIL HAREID!

smg13.jpg

SMG13 vann innandørs-KM (futsal)!

Forhånd.12345...9Neste
ARRANGEMENT

KLUBBKVELD

Tema:

"Frivilligheit" 

4.april kl.18.00

Hareidhallen

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR