hareid_il_logo_135.png









 

20.12. LAGFOTO ALDERSBESTEMT 2016

Om tre dagar fyller fotballgruppa 70 år. I det høvet har gruppa gitt ut eit eige jubileumshefte, som sikkert mange allereien har sett og lest. Nokre av sidene i heftet var sett av til lagbilete frå aldersbestemt fotball. Og sidan nokre av desse bileta vart ein gode del mørkare på trykk enn dei eigentleg skulle vere, så kjem bileta ein gong til her. Namna på alle spelarane og alle leiarane står i heftet.

21.11. SMJ14 OGSÅ TIL SEMIFINALEN I FUTSAL-CUP

Sist helg var det G15 som vart slått ut i semifinalen i futsal-cup. Og helga som var leid SMJ14 same skjebne. Hareid vann si gruppe både i gruppespelet og mellomspelet. Men i semfinalen vart det 3-2-tap mot Aksla, som også vann turneringa. Silje Årsbog Bjåstad vart Hareids mestscorande spelar i turneringa med fem mål. Bra jobba! Livescore.

28.10. SMJ14 VART AVDELINGSVINNARAR. VI GRATULERER!

20161027_195053.jpg

Slo Skodje i siste kampen. Les rapporten.

22.09. FOTO: SÅ FEKK SMJ14 BRONSEMEDALJANE FRÅ NORWAY CUP

31.08. SMJ14 (1.-div.) FOSSAR VIDARE

Vann på Valderøya tysdag. Les rapporten frå kampen.

14.08. DEN ALDERSBESTEMTE FOTBALL SKAL IGJEN RUL(L)E

Frå ein SMG13-kamp på Hareidsmyrane stadion i vår mellom Hareid og Hødd.
Frå ein SMG13-kamp på Hareidsmyrane stadion i vår mellom Hareid og Hødd.

Veka vi snart legg bak oss starta to av seniorlaga på igjen. I løpet av veka som kjem er også dei aller fleste ungdomslaga våre i gang med haustseriane.

07.08. NORWAY CUP-SPESIALISTEN BÅRD

Bård Grimstad intervjua av Mini Jacobsen under Norway Cup-finalen i 2014.
Bård Grimstad intervjua av Mini Jacobsen under Norway Cup-finalen i 2014.

For fjerde år på rad kom Hareid IL heim frå Norway Cup med medaljar. Og for fjerde år på rad var Bård Grimstad sterkt involvert. Han har vore anten hovudtrenar eller hjelpetrenar for SMG14 som tok bronse i 2013, G16 som tok sølv i 2014, G16 som tok gull i 2015 - og no SMJ14 som fekk bronse. Totalt har Hareid IL sju medaljeplasseringar i Norway Cup. Sjekk "Merittar" i menyen til venstre for meir info.

04.08. NORWAY CUP 2016: DETT VAR DETT

Hareid SMJ14 tapte i kveld 2-0 mot Skodje i semifinalen i a-sluttspelet. Dermed er Hareid-jentene ute, men delt bronse er jo ikkje så verst det heller (det blir ikkje spelt bronsefinale). For fjerde år på rad tek eit Hareid-lag ein pallplass i a-sluttspelet i sjuarfotball i verdas største fotballturnering. Og dette var første gong eit jentelag frå Hareid fekk medalje i a-sluttspelet. Bra jobba!
* Til slutt takkar vi alle Hareid-laga for innsatsen i årets Norway Cup. Alle har vist seg som fantastiske representanar for idrettslaget. Sportsleg har det vore eit godt år. Fem av seks lag gjekk til a-sluttspelet. Eitt lag tok bronse i a-sluttspelet, eitt kom til kvartfinale i a-sluttspelet, og eitt kom til kvartfinale i b-sluttspelet. Bra jobba!

04.08. NORWAY CUP DAG 5 HELD FRAM: G16 UTE, SMJ14 TIL SEMIFINALE!

* I sin andre kamp i dag vann Hareid SMJ14 3-0 mot Oppegård i kvartfinalen i a-sluttspelet. Dermed blir dei det første jentelaget frå Hareid som når ein semifinale i eit a-sluttspel i verdas største fotballturnering. Gratulerer så mykje! Semifinalen går allereie i kveld, klokka 21.10, på Ekeberg. Lykke til!
* G16 II rauk ut i kvartfinalen i a-sluttspelet i ettermiddag. Motstandar var Tjørvåg. Etter at stillinga var 0-0 halvvegs kollapsa Hareid i 2. omgang. Tjørvåg vann 4-1, etter at Hareid også hadde fått utvist ein spelar. Sjølvsagt svært surt å avslutte ei elles god turnering på ein heller dårleg måte, men vi skal hugse at laget også har vist mykje bra i Oslo denne veka. Bra jobba!

04.08. NORWAY CUP DAG 5 (TORSDAG): HAREID HAR TRE LAG I KVARTFINALANE

Tidlegare i dag avanserte SMG14 til kvartfinalen i b-sluttspelet, medan G16 gjorde det same i a-sluttspelet. No er det også klart at SMJ14 skal spele kvartfinale i dag. Dei vann 4-2 mot Ørsta i 1/8-finalen i a-sluttspelet torsdag føremiddag. Kvartfinalen mot Oppegård IL går klokka 15.40 på Ekeberg. Lykke til!

03.08. NORWAY CUP DAG 4 (ONSDAG): TRE HAREID-lAG ER MED VIDARE TORSDAG

SMG14 på Norway Cup. Laget er eitt av våre tre som framleis er med i turneringa torsdag.
SMG14 på Norway Cup. Laget er eitt av våre tre som framleis er med i turneringa torsdag.

Det har vore ein Hareid-dag med både store triumfar og gedigne skuffelsar. Men tre av seks lag skal framleis vere med torsdag. Og det er jo ein bra prestasjon.

03.08. NORWAY CUP DAG 4 (ONSDAG), FØRSTE OPPDATERING: TO HAREID-LAG VIDARE, EITT UTE

* Første ute i dag var SMJ14. Dei hadde ingen problem med å slå Leirgulen 4-0 i 1/32-finalen i a-sluttspelet. Hanna Holstad Grimstad scora alle Hareid-måla. Allereie klokka 15.40 spelar Hareid 1/16-finale i denne klassen. Motstandar er Årvoll, og kampen blir spelt på Ekeberg.

02.08. DAG 3 HELD FRAM: JENTELAGET VANN SIN TREDJE AV TRE MOGLEGE

Jentelaget etter tre av tre sigrar.
Jentelaget etter tre av tre sigrar.

I kveld var det 3.kamp i gruppespelet for Hareid J16. Jentene slo til nok ein gang og vann sin 3. kamp. Fantastisk innsats av alle jentene. Det var ekstra stas at Ragnhild Holstad kom på kampen. Ho var uheldig og braut foten søndag kveld, og det vanka godt med klemmar og ei gåve frå veninnene. God betring Ragnhild.
Hareid - Trygg Lade 2-0.
1-0 Kethleen Lorenzo Alstadsæter 22 min
Pause
2-0 Anne-Liv Holstad 37 min
Slutt
Helsing Gry H.
PS. Hareid møter Ørsta til 1/16-finale klokka 17.30 på Valle Hovin i morgon, onsdag.
PS 2. Det er no definitivt klart at SMG13 går til a-sluttspelet som gruppevinnar, medan SMG14 går til b-sluttspelet (sjølv om dei avslutta med ein sterk siger). Meir om dette når vi kjem med ei siste oppdatering rundt klokka 23.00 i kveld. Då har også SMJ14 spelt sin siste gruppespelkamp.

31.07. HAREID IL SINE NORWAY CUP-KAMPAR MÅNDAG (DAG 2)

* 12.00: J16 møter Rising Star (frå Sør-Korea) på Ekeberg. Dette blir J16 sin første kamp i årets turnering. Dei skal spele to kampar tysdag.
* 14.15: G16 I skal møte Charlottenlund på Valle Hovin. Hareid vann sin første kamp i dag, medan Charlottenlund tapte klart mot Burfjord. Hareid kan vere klare for a-sluttspel allereie måndag om dei vinn denne.
* 18.30: SMJ14 møter Kolbotn på Ekeberg. Kolbotn sitt resultat mot Snøgg søndag kveld er ikkje klart i det dette er skrive. Med tanke på a-sluttspel bør Hareid uansett helst vinne denne, sidan dei tapte mot Eid i dag.
* 19.30: SMG14 møter PACES frå Palestina på Valle Hovin. Hareid treng poeng for å kunne nå a-sluttspelet her, men får ei kjempeutfordring, vil vi tru, i og med at PACES vann heile 11-0 mot Ready i dag.
* 20.30: G16 II møter Austrheim på Ekeberg. Austrheim tapte 12-0 mot Vik i dag. Med siger her er Hareid i a-sluttspelet.
** NB. SMG13 spelar ikkje måndag, men to kampar tysdag.
** PS. Gløym ikkje å sende inn foto og tekst til hareidsida@gmail.com. Girri, girri!

31.07. NORWAY CUP DAG 1: TRE SIGRAR OG TO TAP

Frå G16 II sin kamp. Foto: Rolf P. Almli.
Frå G16 II sin kamp. Foto: Rolf P. Almli.
123456Neste
ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR