Skriv ut

29.08. HAREID 2 SIGRA I COMEBACKET

Hareid 2-leiren før kampen mot Tjørvåg.
Hareid 2-leiren før kampen mot Tjørvåg.

I årets første Hareid 2-kamp, og den første seriekampen for dei fleste i denne gjengen sidan oktober 2017, vart det ein knapp siger i ein svært tett kamp mot Tjørvåg.

Tjørvåg viste seg å ikkje vere nokon lett motstandar. Dei har ikkje lenger 11-arlag i 6.-divisjon og kom med mange spelarar som har vore profilar der i mange år. Men Tjørvåg hadde ikkje like brei tropp som Hareid 2, som mobiliserte 12 mann til denne sjuarkampen (og Tjørvåg var heller ikkje heldige med skadar utover i kampen).

Kampen bølga fram og tilbake heile vegen. Hareid leia 1-0, Tjørvåg snudde til 1-2, Hareid tilbake til 3-2 og så 4-3 - og til slutt 5-4 etter Joar Møller si avgjerande scoring i det 80. (av 90) minutt.

Tidvis spelte Hareid veldig godt fotball, men som seg hør og bør er det litt rusk i maskineriet etter ein så lang kamppause. 

Uansett kanonartig å slå eit såpass godt Tjørvåg-lag etter ein så spennande kamp. 

Mange gode på Hareid, men kampens store spelar var Håvard Øvrelid med tre scoringar, alle av det flotte slaget.

God dommar var Dag Harald Moldskred frå Hareid IL. 

Ref.

Hareid: Daniel Reite (keeper), Odd-Magne Brandal, Martinus Warholm (K), Øyvind Grimstad Gryt, Antoni Gardshol, Ole André Kragset, Karol Jaszwski, Benjamin Slettebakk, Emil Johannes Dahlen Folkestad, Håvard Øvrelid, Andreas Rise, Joar Møller.