hareid_il_logo_135.png









 

07.10. Hareid - MSIL 1-2: Kriga ut av stilen

For 11 år sidan scora Eiliv-Tore Howlid seks mål heime mot MSIL. I dag gjekk lite vegen for veteranen. Flyet hans frå Oslo vart forsinka, og dermed rakk ikkje Howlid kampen. Då han endeleg kom på bana leia MSIL alt 2-1.
For 11 år sidan scora Eiliv-Tore Howlid seks mål heime mot MSIL. I dag gjekk lite vegen for veteranen. Flyet hans frå Oslo vart forsinka, og dermed rakk ikkje Howlid kampen. Då han endeleg kom på bana leia MSIL alt 2-1.

MSIL måtte vinne, og det såg du på dei. Kampen var jamn, men Hareid var aldri i nærleiken av det nivået laget har vore på elles i haust. Det skal også MSIL ha sin del av æra for. Dei scora to kjappe mål ein halvtime før slutt. Håkon Orten Trovåg reduserte for Hareid på overtid.


Tunge forfall

Hareid er vande med å mange spelarar kvar kamp, men det var nok tungt å svelge at den rutinerte duoen Tore Johan Ytre-Hauge og Ronny Jørgensen måtte stå over med skadar. I tillegg var Joar Møller utilgjengeleg. Og flyet til Eiliv-Tore Howlid nådde ikkje Vigra i tide. Dermed kom ikkje veteranen før til 2. omgang. 

I høve sist kamp gjekk Joachim Moldskred inn igjen i midtforsvaret, medan Marius Rise gjekk opp på midten. Lars Henrik Hasund tok venstrebacken til Møller, medan Georg Eikrem Olsen var tilbake i favorittrolla som spiss.

Jamn 1. omgang

Vi såg tidleg at MSIL var svært tende til denne kampen. Dei gav alt heile vegen, og pola lange ballar opp mot Hallvard Westad og Marius Bendik Brækken på topp. Hareid fekk aldri spelet til å gli slik det har gjort så godt denne hausten, men forsvaret stod bra i 1. omgang. Kanskje var det også ein del spelarar som var nervøse og spelte med høge skuldre. Hareid skapte ein stor sjanse då Lars Andreas Folkestad ruva høgast i feltet på ein corner, men headinga vart så vidt redda på streken. For MSIL sin del var Westad nær scoring då Hareid-forsvaret ikke fekk klarert ved eit høve. Alt i alt ein jamn og lite underhaldande 1. omgang i regnveret.

MSIL avgjorde

Hareid skulle gå i strupen på MSIL i 2. omgang, og klarte for så vidt å presse grøntrøyene bakpå nokre få minutt. Men bortelaget tok over initiativet og scora to mål i deira gode periode. Westad klinka inn eit mål via stonga etter 60 minutt. Og berre tre minutt seinare scora Morgan Segafredo etter ei mølje framfor MSIL-målet. Hareid sette inn Eiliv-Tore Howlid og la om til tre spissar, og seinare vart også Marius Rise flytta opp - slik at Hareid spelte med fire mann oppe. Men det var ikkje før klokka nærma seg 90 minutt at Hareid klarte å sette inn eit skikkeleg press. Georg Eikrem Olsen var frykteleg nær då han kom seg rundt på venstresida og avslutta via MSIL-keeperen og utanfor. Innbytar Håkon Orten Trovåg scora vakkert frå 20 meter etter ein retur. Men då var tilleggstida så godt som ute, og den entusiastiske MSIL-leiren kunne bryte ut i jubel. 

Oppsummering

Når du vinn kamp etter kamp så blir sannsynlegheita større og større for at du før eller seinare går på ei mine. Dermed så må Hareid tåle å gå på eit tap, sjølv om det var mot eit lag mange hakk lengre ned på tabellen. Det kladda verkeleg i dag, men det er berre to veker sidan Hareid spelte ein god kamp og vann 4-2 heime mot topplaget Spjelkavik. Og vi får berre gratulere MSIL med ein sterk siger. Dei ville mest og vann heilt fortent.

Rotterace

Hareid har inga målsetjing om å rykke opp, men sjansen er der framleis. Dersom Langevåg gjer jobben mot Godøy i morgon er stoda slik i toppen: Hareid (42), Langevåg (41), Spjelkavik (40), Valder (39). Kan ein få det meir spennande?

Ref. HIL

Kampfakta:
4.-divisjon runde 20
Hareid - MSIL 1-2 (0-0)
Hareidsmyrane stadion, vel 50 tilskodarar
Mål: 0-1 Hallvard Westad (60), 0-2 Morgan Segafredo (63), 1-2 Håkon Orten Trovåg (90+3)
Dommar: Torbjørn Krøvel, Ørsta IL
Gult kort: Nikolai Røyset, Hareid

Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork - Nikolai Røyset, Lars Andreas Folkstad, Joachim Moldskred, Lars Henrik Hasund - Fredrik Aursnes, Marius Rise, Joachim Røyset, Nikolay Sundgot - Kim-Tore Husøy (K), Georg Eikrem Olsen
Inn: Eiliv-Tore Howlid for Sundgot (67), Ole André Kragset for Hasund (85), Håkon Orten Trovåg for N. Røyset (87). 

Børs:

Scheide Mork - 5
N. Røyset - 4
Folkestad - 5 (Hareids beste)
Moldskred - 5
Hasund - 4
Aursnes - 4
J. Røyset - 4
Rise - 4
Sundgot - 4
Olsen - 4
Husøy - 4 

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR