hareid_il_logo_135.png









 

08.09. EOIL - Hareid 2-2: Ei lita bragd i Fræna

Tomålsscorar Georg Eikrem Olsen, den gode keeperen Vagn Scheide Mork og den ferske kapteinen Thor-Ove Brekke.
Tomålsscorar Georg Eikrem Olsen, den gode keeperen Vagn Scheide Mork og den ferske kapteinen Thor-Ove Brekke.

Med tanke på at Hareid starta kampen med berre fire a-lagsspelarar i a-lagsalder (VS Mork, Kragset, Olsen, Brekke) trudde både oddssetjarar og andre at det skulle bli stygge siffer til fordel EOIL denne laurdagskampen. Men eit nykomponert Hareid-mannskap med mange spelarar frå juniorlaget og b-laget spelte godt og kunne fort ha slått det fysiske EOIL. Reisefølgjet sa seg uansett greitt nøgde med eitt poeng. 

Frå a-lagsstallen anno hausten 2012 mangla både Kim-Tore Husøy (pappaperm i utlandet), Ronny Jørgensen (reise), Marius Rise (studentsamling i Valencia), Martinus Røyset Bakken (skipsdåp i Vietnam), Tore Johan Ytre-Hauge (karantene), Lars Andreas Dahlen Folkestad (karantene), Ola Kalvø Vattøy (skade), Joar Møller (sjukdom), André Egset Nupen (pause) og Eiliv-Tore Howlid (skade). Husøy, Jørgensen, Rise, Howlid, Ytre-Hauge, Nupen og Møller har til saman spelt vel 1600 Hareid-kampar, så det var ikkje ei heilt ubetydeleg fråversliste lagleiinga måtte hanskast med før denne kampen. 

Det høver med å takke Vagn Scheide Mork og Einar Orten Trovåg for at det i heile tatt vart stilt lag mot EOIL. Til saman brukte dei mellom seks og sju timar i telefon for å skarpe saman eit lag, fordelt på ca. 20 personar som vart førespurde. Enkelte av dei som har trena ein del med a-laget, men ikkje er så sentrale som dei lista opp over, kunne heller ikkje bli med til Fræna. Men:

Gledeleg var det at klubbelegenda Per Ståle Nykrem takka ja til å bidra i ein vanskeleg situasjon. Han var sist sett på a-laget våren 2010. Alexander Nevstad bur i Bergen, men tok seg ein tur heim denne helga. Både for å spele fotball og å besøke familien. I tillegg vart Antoni Gardshol og Christer Adrian Mork med frå HIL 2, medan Fredrik Andresen, Venthan Ketheeswaran, Martin Mork Breivik og Audun K. Øvrelid var innslaga frå junior- og gutelaget. Dei to sistnemnde har fått mykje speletid på a-laget i år, medan dei førstnemnde er ferskare i a-lagssamanheng. Til saman stilte Hareid med 12 spelarar. Pluss at oppmann EOT hadde med seg sko (som han ikkje fekk behov for).

*

Med den nyvalde kapteinen Thor-Ove Brekke i spissen gjekk Hareid hardt ut ein slags 4-3-3-formasjon med kjappe Olsen og Andresen på sidene. Før det var spelt fem minutt hadde Hareid skapt to gode sjansar. Like etter brende EOIL ei god moglegheit.

Det roa seg meir etter dette. Hareid visste at EOIL var eit kontringssterkt lag og ville lære av feila frå 6-3-tapet i vår (trenarane VS Mork og SD Slettebakk hadde definitivt gjort heimeleksa si til denne kampen, eller heiter det borteleksa?). Likevel stod ikkje Hareid spesielt lågt i bana. Men forsvaret var flinke til å falle av dei gongene EOIL prøvde seg på overgangar. Etter 33 minutt tok Hareid leiinga. Georg Eikrem Olsen hadde først brent ein stor sjanse frå kort hald. Men Brekke vann ballen og spelte han tilbake til Olsen, som frå skrått hald banka ballen høgt i mål. Dermed 0-1. Men Hareid klarte ikkje å halde oppe trykket etter scoringa. Etter 39 minutt mislukkast Hareid i å klarere vekk ballen. Torbjørn Trøen var både god og heldig då han limte ballen i hjørnet frå ca. 15 meter skrått. 1-1 til pause var vel greitt ut frå spel og sjansar. Hareid stod ikkje tilbake for heimelaget på nokon måte gjennom dei første 40 minutta. 

*

Også i 2. omgang opna Hareid forrykande. Først banka Thor-Ove Brekke ballen i tverrleggjaren etter ein dødball. Så skaut Christer Adrian Mork utanfor åleine med EOIL-keeper Ranheim. Hareid spelte godt det første kvarteret av 2. omgang, men så begynte heimelaget å komme nærare og nærare. EOIL fekk tre-fire gode sjansar som dei ikkje klarte å omsetje i mål. Men så var det litt meir Hareid igjen ein periode. EOIL hadde gjennom heile kampen kjempeproblem med farta til kantane Olsen og Andresen, og det var nettopp denne duoen som sørgja for at Hareid gjekk opp i leiinga. Andresen fossa fram høgresida og la inn. Olsen la ballen presist nede i lengste hjørne frå ca. 20 meter. Men nok ein gong slo EOIL tilbake, og det på litt heldig vis. Ein av spissane deira oppsøkte den gode Hareid-keeperen Vagn Scheide Mork i ein situasjon i 16-meteren. Trass i "konstruksjonen" fekk EOIL straffe. Asbjørn Stranda utlikna.

På tampen av kampen bølgja spelet fram og tilbake. Begge lag hadde sjansane til å ta leiinga, utan suksess. Det kunne like gjerne ha enda 3-3, 4-4 eller 5-5. Men 2-2 var vel objektivt sett fair nok.

*

Denne kampen viste at breidden i Hareid-stallen ikkje er så dårleg som enkelte vil ha det til. Vi har spelarar som til vanleg held til på juniorlaget og HIL 2 som held eit godt nivå. Svært gledeleg å sjå ein spelar som til dømes Fredrik Andresen herja som han gjorde på dette nivået. Framtida til klubbens a-lag er kanskje ikkje så mørk som vi tidvis har frykta.

No får vi håpe at ein del av dei som ikkje var med denne gongen melder seg på fram mot neste kamp, heime mot Surnadal laurdag om sju dagar. Ingenting hadde vore kjekkare enn ei god treningsveke med sterk konkurranse om plassane på laget.

Ref. HIL

Kampfakta
3.-divisjon avdeling 9, runde 20
Elnesvågen og omegn IL - Hareid IL 2-2 (1-1)
Tornes kunstgras
Ca. 35 tilskodarar
Mål: 0-1 Olsen (33), 1-1 Trøen (39), 1-2 Olsen (72), 2-2 Stranda (75, straffe)
Dommar: Modolf Holm
Gule kort Hareid: Gardshol, Kragset, Nevstad + eit par til EOIL
Hareid (4-3-3): Vagn Scheide Mork - Audun K. Øvrelid, Antoni Gardshol, Ole André Kragset, Martin Mork Breivik - Per Ståle Nykrem, Alexander Nevstad, Thor-Ove Brekke (K) - Fredrik Andresen, Christer Adrian Mork (Venthan Ketheeswaran 85), Georg Eikrem Olsen.

Hareid-børsen:

VS Mork. Står godt gjennom heile kampen. Har eit par redningar av høg klasse. Etter kvart såg det ut som at EOIL-spelarane fekk stor respekt for Vagn, noko som førte til skotvegring. 8
Øvrelid. Kanskje hans beste a-kamp så langt. Går tøft i duellane og spelar elles med stor ro. 7
Gardshol. Ein kamp som på mange måtar minnte oss om debuten hans mot Hødd a-lag vinteren 2009. Null respekt! 7
Kragset. Ny god kamp frå Lensmannen. Arresterte alle som prøvde å komme forbi han. 8
Breivik. Litt nølande før 1-1-målet til EOIL. Elles solid. God både offensivt og defensivt. 7
Nykrem. Roleg og konstruktiv med ball. God innpiskar. Elles heldt kondisen overrskande godt. 7
Nevstad. Den på midtbana som lukkast best med sine offensive raid. Gjer elles ein formidabel jobb som "skogryddar". 7
Brekke. Nær scoring sjølv, men fekk inn ei målgjevande pasning. Gjekk først i krigen som kapteinar skal. 7
Andresen. Litt av ein debut frå start! Distanserte venstrebacken til EOIL gong på gong, på gong, på gong. Litt uryddig med ball, men hadde ei målgjevande. 7
CA Mork. Tydeleg plaga av lyskestrekken sin, men gjorde ein god jobb i duellane. 6
Olsen. Kjekt å sjå Olsen tilbake i god gammal scoringsform. Høgrebacken til EOIL hadde enorme problem med farta til tomålscoraren. 8

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR