hareid_il_logo_135.png

18.05. Hareid - EOIL 3-6: I nedoverbakke

Det var all grunn til å vere skuffa i dag. Hareid-spelarane her frå venstre J. Røyset, N. Røyset, Sundgot, Rise, Breivik og Mork.
Det var all grunn til å vere skuffa i dag. Hareid-spelarane her frå venstre J. Røyset, N. Røyset, Sundgot, Rise, Breivik og Mork.

Slepp eit lag inn seks mål så taper ein omtrent alltid, same kva divisjon det er snakk om. Greitt nok at EOIL var effektive i dag, men Hareid må heve forsvarsspelet mange hakk om det skal vere håp om ståplass i denne divisjonen. Hareid leia faktisk både 1-0 og 2-1, men det stod 2-5 til pause. I 2. omgang var heimelaget best, men klarte for sjeldan å trenge gjennom eit kompakt EOIL-forsvar.

12.05. Averøykameratene - Hareid 3-2: Frykteleg surt...

Hareid måtte spele i AK sine mørke bortedrakter, sidan AK er raude og kvite. Medan Hareid har eitt raudt og eit kvitt sett. Her ser vi Martin Mork Breivik byte med Martinus Røyset Bakken. Til venstre trenar Bjørge Worren og til høgre lagleiar Kristian Angelsen. Foto: Anders Hjelle Øiestad

Hareid låg under 2-0 etter 29 minutt, men reduserte ved Ronny Jørgensen like etter. I underkant av ein halvtime før slutt utlikna Thor-Ove Brekke. Dessverre avgjorde Stig Roar Søbstad til 3-2 etter 79 minutt.

04.05. Hareid - Brattvåg 1-1: Nærast sigeren, men OK

Hareid start med denne 11-aren, og fullførte med dei same 11 spelarane. Bak frå venstre: Ronny Jørgensen, Kim-Tore Husøy, Marius Rise, Joachim Røyset og Thor-Ove Brekke. Framme: Vagn Scheide Mork, Nikolai Røyset, Georg Eikrem Olsen, Martin Mork Breivik, Nikolay Sundgot og Tore JOhan Ytre-Hauge.

I ein jamn kamp på Hareid stadion var heimelaget klart nærast sigeren på tampen. Men enkelte vil sikkert hevde at 1-1 var eit noko lunde rettferdig resultat. Begge måla vart scora i 1. omgang. Martin Sundenes sende Brattvåg i føringa, medan Kim-Tore Husøy utlikna for Hareid.

|

01.05. LGFK - Hareid 2-2: Takk skal du ha, Vagn!

Banens beste spelar og banens nest beste spelar; Vagn Scheide Mork og Kim-Tore Husøy
Banens beste spelar og banens nest beste spelar; Vagn Scheide Mork og Kim-Tore Husøy

Etter tapet mot Dahle sat vi med ei kjensle at at dette var ein kamp vi burde tatt poeng i. I dag var det motsett. Ja, også Hareid hadde nokre sjansar. Men med tanke på at Vagn Scheide Mork redda to straffespark og hadde ei heil rekkje andre gode redningar, så er eitt poeng borte mot eit godt LGFK-lag i aller høgste grad heilt greitt.

|

28.04. Hareid - Dahle 2-3: Burde tatt poeng

Hareid ved (frå venstre) Joachim Røyset, Thor-Ove Brekke og Lars Andreas Dahlen Folkestad var livsfarlege på dødball. Røyset og Folkestad scora kvar sitt mål på denne måten, medan Brekke headar utanfor i denne situasjonen.

Det vart ein spesiell ettermiddag i Hareidsmyrane. Kunstgrasbana vart klar i tolvte time, men grunna ymse trafikkulykker kom ikkje dei to Åmdal-dommarane fram i tide. 40 minutt forseinka kom kampen i gang. Hareid var slappe i 1. omgang, og eit effektivt Dahle-lag leia 2-0 halvvegs. I 2. omgang dominerte Hareid fullstendig og utlikna kjapt til 2-2. Men på den einaste Dahle-sjansen denne omgangen fekk dei utteljing, og Hareid brende fleire store sjansar før slutt. Dermed 3-2-tap i ein kamp vi ut frå det som skjedde i 2. omgang burde tatt minst eitt poeng i.

|

23.04. Hødd II - Hareid 5-1: Det gjekk som det måtte gå

Medan det framleis stod 0-0: Lagleiar Kristian Angelsen og hjelpemann Anders Hjelle Øiestad møtte opp tidleg for at spelarane skulle få det lett med å finne rett drakt og shorts på Høddvoll.
Medan det framleis stod 0-0: Lagleiar Kristian Angelsen og hjelpemann Anders Hjelle Øiestad møtte opp tidleg for at spelarane skulle få det lett med å finne rett drakt og shorts på Høddvoll.

Hødd stilte med ni a-lagsspelarar frå start og leia 2-0 alt etter 22 minutt. Etter 3-0 halvvegs vann Hødd til slutt 5-1. Joachim Røyset scora Hareid sitt trøystemål.

|

13.04. Hareid - Stranda 5-3: Til topps i 3.-divisjon

Han hadde aldri scora i kamp tidlegare. I serieopninga mot Stranda slo den tidelgare friidrettsutøvaren Thor-Ove Brekke til med to mål og godt spel.
Han hadde aldri scora i kamp tidlegare. I serieopninga mot Stranda slo den tidelgare friidrettsutøvaren Thor-Ove Brekke til med to mål og godt spel.

Det er berre å nyte det medan vi er der. Etter 5-3-siger i ein dramatisk og knalltøff kamp er Hareid faktisk på topp i 3.-divisjon avdeling 9. Enn så lenge...

09.04. NM: Valder - Hareid 4-2 (1-1)

Thor-Ove Brekke (til venstre) jobba heorisk på midtbana og var Hareid sin beste spelar. Men det var Adrian Blindheim (11) som stal showet med tre scoringar i denne cupkampen. PS. På Hareid IL sin facebookprofil kan du sjå dei utrulege bileta frå då Martinus Røyset Bakken vart snytt for straffe i 1. omgang.

Eit skadeskote Hareid-lag mangla det vesle ekstra og rauk ut av cupen etter ein jamn kamp mot Valder. Tore Johan Ytre-Hauge og Joachim Røyset scora Hareid sine mål. 

29.03. Hareid - MSIL 1-5: X-files

Hareid hadde mange dødballar denne kampen, men der var MSIL såpass resolutte at Hareid ikkje kom til.
Hareid hadde mange dødballar denne kampen, men der var MSIL såpass resolutte at Hareid ikkje kom til.

I ein av dei raraste kampane Hareid har spelt i manns minne vart det eit klart tap mot 4.-divisjonslaget MSIL. Bortelaget leia 5-0 midtvegs etter ei sløv førestelling av Hareid. For å sitere X-files-reklamen, oversett til nynorsk: Du trur det ikkje får du får sjå det. Så parkerte grøntrøyene bussen i eigen femmeter i 2. omgang, medan Hareid hadde ballen 90 % av tida. Det resulterte i éi redusering. Det burde blitt fleire.

|

24.03. Hareid - Eid 2-4: - Vi kunne like gjerne ha vunne

Georg Eikrem Olsen scora Hareid sitt første mål mot Eid.
Georg Eikrem Olsen scora Hareid sitt første mål mot Eid.

Det sa Hareid-trenar Bjørge Worren etter Hareids første tap på seks kampar. Sjølv om Eid til slutt vann fortent spelte Hareid godt lenge.

|

17.03. HGV Finalerunden: Heimesiger etter opphenting

I ein ikkje altfor velspelt finale heldt Mats Øvrebotten på å øydelegge håpet for heimelaget Hareid med sine to scoringar. Men Hareid hadde ein sluttspurt på lur, og vann 3-2 etter scoringar frå Marius Rise, Kim-Tore Husøy og Ronny Jørgensen.

|

10.03. HGV semifinale a-sluttspel: Heimesiger i spennande lokalderby

Kim-Tore Husøy scora to mål, ei målgjevande pluss eit kjempeskot med ei tilsvarande kjemperedning av Hødd-keeper Alme. Derfor vart Husøy kåra til banens beste. Her saman med Filip Moldskred frå juryen.

Vi kunne vel sikkert ha skrive referatet på førehand: Hødd trilla ball langs bakken, og prøvde å spele ut motstandaren. Hareid låg lågare i bana, vann duellar, og slo i bakrom. Robin Hjelmeseth og Kim-Tore Husøy spelte hovudrollene. Og akkurat slik vart det. Hareid og Husøy drog det lengste strået.

|

26.01. Hareid - ÅVK 2-7: Skremde ingen, sett vekk frå oss sjølve

ÅVK avgjorde i praksis torsdagens treningskamp i løpet av dei 16 første minutta. Då leia dei alt 3-0. Hareid var ikkje til stades og fekk bortimot ingenting til å stemme i 1. omgang. Etter pause vart det ein del betre. Då vann ÅVK berre 2-1. 

18.01. Bergsøy - Hareid 1-1: Kjekt å komme i gang

Taktikkprat i pausen. Bak: Nikolai og Joachim Røyset, samt Alexander Nevstad. Framme; Lars Henrik Hasund, Marius Rise og Thor-Ove Brekke. Vi ser også ryggen til Svein Dag Slettebakk.
Taktikkprat i pausen. Bak: Nikolai og Joachim Røyset, samt Alexander Nevstad. Framme; Lars Henrik Hasund, Marius Rise og Thor-Ove Brekke. Vi ser også ryggen til Svein Dag Slettebakk.

Det var mykje som ikkje stemte for begge lag, pluss litt som fungerte. Med andre ord akkurat som det skal vere i sesongens første treningskamp. 1-1 var ut frå spel og sjansar eit greitt resultat. 

|

01.03. HG Vintercup kamp 2: Etterlengta Hareid-triumf mot ÅVK

Thor-Ove Brekke plaga livet av ÅVK-spissen Ole Per Kragset og vart lønna med pokalen for kampens bestemann.
Thor-Ove Brekke plaga livet av ÅVK-spissen Ole Per Kragset og vart lønna med pokalen for kampens bestemann.

Oppgjeret Hareid - ÅVK har blitt litt av ein klassikar dei siste par-tre åra. Det synest sikkert i alle fall ÅVK-leiren. Men Hareid hadde bestemt seg. No var det dags at slå vanylvingane ein gong for alle. Og etter ein tøff kamp vart det Hareid som til slutt vann 3-1.

|

16.02. Hareid - Skodje 7-1: Divisjonsforskjell, og ikkje berre på papiret

Ungguten Martin Mork Breivik viste spennande takter mot Skodje. Her skal han ta ein av mange cornerar i 2. omgang.
Ungguten Martin Mork Breivik viste spennande takter mot Skodje. Her skal han ta ein av mange cornerar i 2. omgang.

Fotballen er rar og rund seiast det. I fjor haust vann Skodje 2-0 i KM-finalen mot ÅVK. For tre veker sidan vann ÅVK 7-2 mot Hareid. Og i dag vann Hareid 7-1 mot Skodje. Det var heilt fortent. 

|

02.02. Hareid - Vartdal 5-2: Back on track

Kim-Tore Husøy og Marius Rise scora to mål kvar i deira første kamp som spissduo.
Kim-Tore Husøy og Marius Rise scora to mål kvar i deira første kamp som spissduo.

Etter marerittkampen mot ÅVK sist veke var det godt å sjå at Hareid spelte ein flott 1. omgang mot Vartdal der både innsats, humør, spel, sjanseskaping og delvis sjansesetting var på plass. Hareid leia 5-0 halvvegs. I 2. omgang skapte Hareid til tider mange store sjansar. Ifølgje Leifen frå lokalavisa vann Hareid sjansestatistikken 15-3 i 2. omgang. Men sluttresultatet vart 5-2. Uansett vart det viktig å riste av seg den svake kampen mot ÅVK sist veke.

Forhånd.12
INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR