hareid_il_logo_135.png









 
04.08. Hovdebygda - Hareid 0-8: Grei gjennomkøyring

Hareid leia 6-0 etter ein god og effektiv 1. omgang. Etter pause hadde Hovdebygda vel så mange store sjansar som Hareid. Men to mål av Ola Kalvø Vattøy ordna 8-0-siger. Måla til Hareid før pause kom ved Ørjan Engen Grimstad (2), Martin Nikolai Longva, Eiliv-Tore Howlid, Vattøy og comeback-kid Per Ståle Nykrem.

Hareid reiste innover med 17 spelarar der alle skulle spele minst éin omgang. Dei som berre spelte 1. omgang sprang 200-meterar i 2. omgang, medan dei som kom på bana til 2. omgang då hadde nokre 200-meterar i føtene. Om det var ein av grunnane til at Hareid spelte betre i etter pause enn før vitast ikkje.

I alle tilfelle viste Hareid mykje bra angrepsspel dei første 46 minutta. Ørjan Engen Grimstad fekk fornya tillit som spiss (stoppar i 2. omgang) og opna målballet etter seks minutt. Robin Jackson Indreflø slo ballen i bakrommet. Det såg ut som Hovdebygda-keeperen hadde kontroll. Men han glei. Og dermed fekk Grimstad ein grei jobb. 

Per Ståle Nykrem hugsar mange som a-lagsspelar mellom 2006 og 2010, og deretter frå eit kort comeback hausten 2012. Denne kvelden var han tilbake i rekkjene. Og etter 12 minutt la Nykrem på til 2-0. Han trefte næraste hjørne etter eit flott framspel av Runar Stranden. Omgangens finaste angrep kom nok likevel etter 15 minutt. Fleire spelarar var involverte i klikk-klakk-spelet før Nykrem spelte gjennom Grimstad, men sistnemnde bomma frå kort hald.

3-0 skulle kome berre to minutt seinare. Stranden vart felt inne i 16-meteren. Og Ola Kalvø Vattøy var sikker frå straffermerket. Etter 27 minutt la Grimstad på til 4-0 frå kort hald. Innlegget frå venstre vart slått av backen Thor-Ove Brekke. 5-0 kom då Nykrem slo eit frispark frå distanse. Martin Nikolai Longva stod klar på bakarste stong og heada ballen i næraste kryss. 

Etter 37 minutt kom dagens første Hovdebygda-sjanse, men deira tidlegare trenar Vagn Scheide Mork redda flott. Like før pause la Eiliv-Tore Howlid på til 6-0 etter å ha heada inn ein corner frå Nykrem.

*

Om Hovdebygda ikkje spelte nokon stor kamp defensivt heva dei seg mange hakk offensivt i 2. omgang. Vi noterte fire-fem feite sjansar. Men slik vi forstod det var den faste spissen deira utilgjengeleg denne kampen. Og det kan forklare kvifor ballen aldri gjekk forbi Vagn Scheide Mork.

I ein av duellane med Mork fekk dessverre Mork ein ribbeinsskade som gjer at han er uaktuell for spel dei neste to-tre vekene.

Hareid hadde innimellom nokre gode angrep også i 2. omgang. Men avslutningane var ikkje av same kaliber. I alle fall ikkje før i det 83. minutt. Då la Ola Kalvø Vattøy på til 7-0 etter ei pasning frå Ivar André Aadland. Minuttet seinare scora Vattøy igjen, då etter at Georg Eikrem Olsen var nest sistemann på ballen.

Deretter vart Vattøy tatt av bana til fordel for oppmann EOT. Og han kunne både hatt to målgjevande og eitt mål dei siste fem minutta. Men nok om det. Det enda 8-0 denne måndagskvelden på Gullhøna stadion.

Alt i alt mange gode tendensar frå Hareid si side, samtidig som det er mykje å jobbe med fram mot haustopninga neste veke. 

Positivt at fleire spelarar fekk score. I tillegg til eit par av målscorarane målscorarane og keeper Mork synest vi Alexander Nevstad var blant Hareids beste spelarar.

Onsdag spelar Hareid ny treningskamp, då borte mot divisjonskollega Ørsta.

Ref. HIL

Kampfakta
Treningskamp, 4. august
Hovdebygda - Hareid 0-8 (0-6)
Gullhøna stadion
10 tilskodarar
Mål: 0-1 Grimstad (6), 0-2 Nykrem (12), 0-3 Vattøy (17, straffe), 0-4 Grimstad (27), 0-5 Longva (31), 0-6 Howlid (44), 0-7 Vattøy (83), 0-8 Vattøy (84)
Dommar: Henning Skjeret, Volda TI
Gule kort: Eitt til Hovdebygda
Hareid (4-4-1-1): Vagn Scheide Mork (K) - Robin Jackson Indreflø (Fredrik Andresen 46), Eiliv-Tore Howlid (Ulrik Wingsternes 46), Martin Nikolai Longva (Lars Andreas Dahlen Folkestad 46), Thor-Ove Brekke (Ivar André Aadland 46) - Alexander Nevstad, Joachim Røyset - Ola Kalvø Vattøy (Einar Orten Trovåg 86), Per Ståle Nykrem (Simon Holstad Grimstad 46), Runar Stranden (Georg Eikrem Olsen 46) - Ørjan Engen Grimstad

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR