hareid_il_logo_135.png









 

16.06. HAREID-STRANDA 0-2: MOTGANGEN HELD FRAM

I lange periodar av kampen skjedde det så lite på halvdelen til Stranda at to måsar begynte å bygge reir der. Men det betyr jo absolutt ingenting så lenge det er Stranda som scorar og ikkje Hareid...
I lange periodar av kampen skjedde det så lite på halvdelen til Stranda at to måsar begynte å bygge reir der. Men det betyr jo absolutt ingenting så lenge det er Stranda som scorar og ikkje Hareid...

Etter ein slik kamp sit vi igjen med ei kjensle av at Hareid enda opp med tre poeng enn færre enn fortent. Men slik er det ofte for lag i motgang.

Denne kampen er i grunnen ganske grei å oppsummere. Det var Hareid som hadde ballen mest og som «spelte» mest fotball (ikkje fantastisk fotball, men betre enn Stranda). Og til langt ut i kampen var det Hareid som skapte det som kom. Ikkje veldig mange sjansar, men eit par-tre veldig store som burde gitt utteljing vart registrerte. Stranda låg bakpå og var ganske gode i forsvar. Men dei brukte nesten ein time på å skape sin første sjanse.

Om vi tek det heile frå starten av, opna Hareid beste. Og etter 11 minutt avslutta Runar Stranden i stonga. Åtte minutt seinare skaut Robin Jackson Indreflø utanfor frå ganske bra hald. Resten av omgangen spelte Hareid grei fotball, men skapte ikkje fleire store sjansar.

Hareid pressa på frå start av i andre omgang. Etter 57 minutt kom Hareid sin tredje sjanse for kampen. Indreflø kom til avslutning frå få meter. Kanskje kom det heile litt for brått på han, for skotet gjekk rett på keeper – som stod på rett plass til rett tid akkurat då. Like etter denne sjansen fekk Stranda sin første for kvelden. Sigve Overå Hide redda flott.

Med dryge kvarteret igjen å spele vart Hareid etter alt å døme snytt for straffespark. Håvard Øvrelid vart lagt i bakken etter eit flott raid, men dommar Steinsbu vinka spelet vidare. Dei fleste trudde nok anten at dette skulle ebbe ut i 0-0, etter at Hareid skulle få det avgjerande målet.

Men typisk nok for eit lag i motgang: Stranda fekk eit frispark som vart stussa vidare i mål frå Martin Hole. 0-1 i det 84. minutt. Hareid pressa då på så godt dei makta etter scoringa, men dessverre vart føresetnadene verre då Lars Roar Holstad kokte over og vart utvist i det 88. minutt. Etter å ha blitt sparka av ein Stranda-spelar (som fekk gult), kom Holstad med ein hemnaksjon som gav direkte raudt. Dermed 10 mot 11 på tampen. Stranda kontra deretter inn 0-2 ved Trym Jarvik. Hareid kom til nokre småfarlege skot på slutten, men fekk aldri reduseringa. Og då enda dette med eit surt tap.

Vi kan ikkje gjere anna enn å be Hareid-spelarane stå på vidare. Tidlegare i år hadde Hareid medgang. No er laget i motgang. Og vi får berre håpe spelarane taklar dette på beste måte og kjem sterkt tilbake mot Skodje laurdag neste veke. Det er siste vårkampen.

Vanskeleg å trekke fram enkeltspelarar i dag. Men vi tek sjansen på å framheve 15 år gamle Håvard Mork Breivik. Han fekk ikkje til alt han prøvde på, men vann mange duellar og slo fleire fornuftige pasningar. Elles synest vi Lars Roar Holstad spelte ein god kamp i midten bak. Dessverre rulla han ned gardina og dermed kan vi ikkje gi han stjerne. Så vi gir backane pluss i margen denne gongen. Det var ikkje mange gongane Stranda kom rundt på sidene, og backane til Hareid vart også konstruktive offensivt.

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon 2016 runde 10, torsdag 16. juni
Hareid – Stranda 0-2 (0-0)
Hareid stadion
Tilskodarar: Ca. 75
Mål: 0-1 Hole (84), 0-2 Jarvik (90)
Dommar: Bjarte Steinsbu
Gule kort: Øvrelid, Hareid + to på Stranda
Raudt kort: Holstad, Hareid
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide - Venthan Ketheeswaran, Alexander Nevstad, Lars Roar Holstad, Nauris Driksna - Ruben-Kenneth Brandal (K), Håvard Mork Breivik (Joar Møller 90), Jon André Thue (Torgeir Skeide 52) – Robin Jackson Indreflø (Eiliv-Tore Howlid 66), Håvard Øvrelid (Ola Kalvø Vattøy 80), Runar Stranden.
*** Breivik, ** Ketheeswaran, * Driksna

Andre resultat: Langevåg – SIF 4-1, Godøy – LGFK 2-3, Emblem – Norborg 0-2, Valder – Skodje 0-1

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR