Hareid b-lag 1988
A-laget kjempa i toppen av 3.-divisjon (nivå 3) denne sesongen, men det gav ikkje den venta kvaliteten på b-laget. Ein ny regel om at ein no kunne bruke fire spelarar som starta sist a-kamp gav ikkje den effekten Hareid B håpte på. Utover i sesongen vart det mannskapsmangel, grunna "vanlege problem" som at folk reiste i det militære eller grunna lite speletid på a-laget skifta klubb.
"Noe mer betenkelig er det at en del juniorer takket nei til forespørsel om om å spille b-kamp" skriv oppmann Øyvind Hansen i årsmeldinga.
Hareid B enda på 4. plass i 1.-divisjon, bak Volda, Spjelkavik og Langevåg. Erling Fjelly, Ronny Hansen og Magne Krumsvik spelte flest kampar (13). Stein Vik vart toppscorar med 8 mål.