hareid_il_logo_135.png









 

Historikk Hareid 2 - 2009

HPIM0999.JPG

Les om då Hareid 2 vart starta opp etter nesten eit tiårs fråver.

Dei første planane
Hareid hadde ikkje stilt 2.-lag i seriesystemet sidan 2001, men utover hausten 2008 begynte det å gå litt lause diskusjonar mellom styremedlem Vagn Scheide Mork og dåverande juniortrenar/oppmann Einar Orten Trovåg. Tanken var først å droppe juniorlag i 2009, grunna liten spelarstall, og starte eit Hareid 2-lag med ei blanding av juniorar og spelarar som ikkje ønska å spele for a-laget (eller ikkje var gode nok, men likevel ville spele fotball for Hareid). Men Trovåg fann 15-16 spelarar i junioralder som ville spele fotball i 09, og dermed var konklusjonen at det var grunnlag for eit lag i juniorserien.

Skipinga
Tankane om eit Hareid 2-lag vart likevel ikkje lagt heilt vekk. Mork og Trovåg heldt dialogen, og sistnemnte fekk i oppgåve å sjå om han fekk tak i ti "b-spelarar", slik at dei kunne supplere med a-lagsreservar og stille eit lag i lågaste divisjon. Men skulle det bli nok folk kunne det dannast ein eigen b-stall med eigne treningar. Trovåg visste at dåverande a-spelar Espen Beiermann ønska å trappe ned, og tok eit telefon. Desse to brukte eit par dagar på å ringe litt rundt, og fann ut at det var interesse for å lage eit heilt nytt lag. Ein viktig faktor til dette var at verken Brandal eller Hjørungavåg hadde stilt lag på nokre sesongar, og at Hareid kommune mangla eit skikkeleg breiddetilbod.

Journalist Sondre Åkervik lyste ut eit møte om Hareid II 2009, som vart heldt på klubbhuset i starten av november. Fotballformann Jan Endre Rise møtte opp, i tillegg til Trovåg, Beiermann, Åkervik, Alexander Paus, Arve Haugland, Kim Lillebø, Øyvind Grimstad Gryt og Magne Kjell Wingsternes (og eit par til?). Til trass for at oppmøtet ikkje var all verda var det einigheit om å prøve å starte opp lag, sidan ein hadde seks-sju andre namn på lista (Fredrik Bøe, Peter Paus, Stig Engen med fleire). Laget skulle utelukkande vere finansiert av kontingent, sidan a-lagsstyret ville ha full utnytting av sponsormarkanden. Trovåg og Beiermann vart sett opp som trenarar, med førstnemnte også i oppmannrolla. Det vart ei trening før jul med 12 spelarar. Vidare etter nyttår vart det vekselvis trent inne og ute, stort sett to gonger i veka. Treningsoppmøtet varierte, og det var lenge litt usikkert om det var nok grunnlag for lag. For å sjekke interessa skikkeleg vart det i januar spelt treningskamp mot Hødd junior 2 to gonger. Den første enda med 8-2-siger, men kampen vart berre så vidt fullført med 11 mann etter eit par skadar. Den andre kampen enda med 10-0-siger. Då var benken fyllt opp, og laget såg ut til å sitte bra. Det vart meldt på lag i 5. divisjon, som frå og med denne sesongen var lågaste nivå.

Krøll med kretsen
Men så kom den store utfordringa: Trass munnleg avtale om at HIL 2 skulle få møte lokale lag, vart laget som einaste lag frå Ytre Søre sett opp i ei avdeling med lag frå Ålesund og Indre Sunnmøre. Dette var ikkje aktuelt, grunna reising (tidsbruk) og pengebruk. Etter hissig telefonering og mediautspel frå både trenarar og spelarar gjekk det etter veldig mykje om og men i boks. Kretsen gjekk seinare ut offentleg og kritiserte Hareid sin åtferd i denne saka. Og vi skal vere dei første til å innrømme at den både var usmakleg og kynisk, men fotball engasjerer som det heiter.

Treningskampane
HIL 2 vart sett opp (altså i det siste og avgjerande oppsettet) i avdeling med Gursken/Larsnes, Hasundgot, Flø, Åheim, Kvamsøy, Tjørvåg, Gjerdsvika, Bergsøy 2 og Haddal. G/L spelte i 4. divisjon året før, medan Haddal gjorde comeback etter fleire års fråver. Elles var dei andre laga med i 6. divisjon året før. Etter Hødd junior-kampane spelte HIL 2 ytterlegare fem treningskampar. Det vart tidvist spelt veldig god fotball. Ein spelar som Sturla Pilskog hadde kome på plass, og i februar/mars flytta både Rune Husø Johansen og Roy André Øvrelid heim og slutta seg til laget. Erdal Aydin spelte også treningskampane, men valte overraskande å gi seg rett før seriestart (seinare eit kjapt comeback for a-laget).

Resultat treningskampar:
Bergsøy II - HIL II 1-2
HIL 2 - Hasundgot 5-4
HIL 2 - Gursken/Larsnes 3-3
HIL 2 - Sæbø 7-3
HIL 2 - Lokomotiv Oslo ("påskekamp") 5-2

God vårsesong
Åheim vart før sesongen peika ut som den store avdelingsfavoritten, og Hareid møtte dei heime i første seriekamp. HIL 2 begynte svak og låg under 0-2, men kom tilbake og vann 7-4. Den einaste a-spelaren som vart brukt var Kim-Tore Husøy, som hadde karantene. Han scora tre av måla. Elles i vårseongen brukte HIL 2 null, éin eller maks to a-spelarar. Stallen var så stor og a-stallen så skadeutsett at det var ein grei deal. I andre kamp spelte HIL 2 1-1 borte mot Hasundgot. Så følgde ei fin sigersrekke med 5-2 mot Flø heime, 2-0 mot Gjerdsvika borte, 4-3 mot Kvamsøy heime og 7-2 mot G/L borte. I kamp nummer 14 for året kom det første tapet: 2-5 heime mot Tjørvåg (karantener på viktige Beiermann og Fredrik Bøe). Tjørvåg var ansett som eit botnlag før sesongen, men vart i staden årets store positive overrasking. Hareid slo tilbake og vann 19-1 mot Haddal heime i neste kamp. Ifølgje stordal.nu er det tidenes største siger for eit andrelag på Sunnmøre gjennom historia. Neste kamp borte mot Bergsøy 2 vart ein rein toppkamp mellom dei to til då øverste laga. I motsetning til HIL 2 pøsa BIL 2 på med a-spelarar. I ein jamn kamp vart det 3-2-nederlag for Hareid. I siste vårkamp venta ein svært vanskeleg bortekamp mot Åheim. Hareid mangla viktige Sturla Pilskog og toppscorar Peter Paus hans spissmakker Roy André Øvrelid. Likevel vart det 2-0-siger. Forsvarsspelet var meget godt, og spissen (!) André Nupen, som gav seg på a-laget denne sommaren, scora og hadde målgivande. Til sommaren leia Hareid 2 5. divisjon.

Varierande haustsesong
Opninga på haustsesongen var svak: 0-2-tap heime mot Hasundgot. Dette var straffa for å ha tatt to månadars treningspause om sommaren. Kampen var Sturla Piloskogs siste, sidan han flytta til Oslo. Så følgde tre strake sigerar: 8-1 borte mot Flø, 13-0 heime mot Gjerdsvika (John Anders Liaset scora fem i hans første kamp dette året, sett vekk frå eit lite innhopp med påfølgande strekk i andre serierunde) og 3-2 borte mot Kvamsøy. Hareid 2 leia 5. divisjon fire runder før slutt. Men resten av sesongen vart øydelagt av karantener, skadar og generelt lite folk å plukke av. Det begynte med 8-1-tap heime mot G/L, som hadde forsterka laget sitt kraftig sidan sist. I neste kamp hadde HIL 2 seks karantener (!), og måtte stille eit nytt og juniorprega lag på Tjørvåg si grusbane i neste kamp. HIL 2 storspelte og leia 3-0 til pause, men hadde ikkje med innbyttarar. Så kombinasjonen av det og at Tjørvåg faktisk var eit godt lag førte til 3-5-tap. Nest siste kamp vart spelt på ei søkkvåt grasbane på Haddal. Det enda med 10-3-siger. I siste serierunde venta Bergsøy 2 på Hareidmyrane. Vinnarane kunne nå kvaliken, men ingen av laga ønska nok det inst inne. Lite klaffa for HIL 2 i haglveret, og det vart 0-4-tap mot eit godt lag.

Oppsummering
Dermed vart det 5. plass for Hareid 2. Kanskje litt kjedelig med tanke på at vi var serieleiarar nesten heilt inn, men kvalikspel var uansett ikkje ønska. Det fekk Gursken/Larsnes og Tjørvåg spele. Bergsøy 2 tok tredjeplassen, medan årets skuffelse Åheim enda på 4. plass. Tabellen var eigentleg delt i to. Dei fem nemnte laga var klart betre enn røkla. Hasundgot med spelarar som Georg Aursnes og Stig Haugland skuffa og enda på 6. plass ti poeng bak HIL 2. Kvamsøy kom på plassen bak, dei var heller ikkje så altfor verst. Gjerdsvika på 8. plass var veldig gode rundt sommaren og tok nokre skalpar då, men varierte altfor mykje. Flø på 9. plass skuffa enormt. Dei hadde to strake 2. plassar i 6. divisjon før dette, men var no dårleg trente og lite samspelte. Stakkars Haddal enda sist med eitt poeng og 152 baklengs.

Totalt sett var prosjektet Hareid 2 ein suksess. Men skal det vere lag i 2010 må nok nokre nye spelarar på plass i staden for dei seks-sju som slutta utover i sesongen. Eventuelt må ein lage ei ordning der ein i mykje større grad brukar a- eller junior-spelarar.

Toppscorar vart Peter Paus med 22 mål. Han spelte også nest flest kampar (21). Einar Orten Trovåg var den einaste som spelte alle 25. Sjå elles adelskalender i eit anna dokument under historikk.

Standard lagoppstilling HIL II 2009:

Keeper: Håkon Lonbakken
Høgreback: Paul Magne Worren/Åge Møgster (Kim Lillebø)
Stoppar 1: Alexander Paus (Møgster)
Stoppar 2: Rune Husø Johansen (kaptein)
Venstreback: Einar Orten Trovåg
Indreløpar 1: Arve Haugland
Defensiv midt: Espen Beiermann
Sentral midt: Sturla Pilskog (vår), André Nupen (haust)
Indreløpar 2: Fredrik Bøe
Spiss 1: Peter Paus
Spiss 2: Roy André Øvrelid

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR