hareid_il_logo_135.png









 

01.07. SIF - Hareid 4-1: Stressa topplaget i 77 minutt

Kenneth Kjevik (9) vart til slutt tremålsscorar, men SIF hadde lenge store problem mot karar som Marius Rise og Vagn Scheide Mork - som hadde full kontroll i denne situasjonen i 1. omgang.
Kenneth Kjevik (9) vart til slutt tremålsscorar, men SIF hadde lenge store problem mot karar som Marius Rise og Vagn Scheide Mork - som hadde full kontroll i denne situasjonen i 1. omgang.

Eit nykomponert Hareid-lag let seg ikkje affisere og kjempa godt mot gode SIF i store delar av vårsesongens siste 3.-divisjonskamp. Stillinga til pause var 1-1 etter at Alexander Nevstad hadde utlikna på straffe for Hareid. Utover i 2. omgang vart Hareid slitne, og SIF vann til slutt komfortabelt 4-1.


Før kampen:

Vi må truleg tilbake til 1998 for å finne ein 3.-divisjonskamp der Hareid var levna så få sjansar til å ta poeng som i denne. I timane før kampstart var oddsen på SIF-siger heilt nede på 1.03. Det er sjeldan vi ser i nokon som helst slags divisjon. Hareid mangla mellom andre Ytre-Hauge, Husøy, Jørgensen, Kragset og Howlid (i tillegg til dei langtidsskadde), og starta med ein ung 11-der der "den bakre trearen" med Mork, Nupen og Rise representerte rutinenen. For å stille med reservar vart det henta inn spelarar frå Hareid 2 og juniorlaget.

Stemninga i troppen var det fint lite å utsetje på. Laget tok båt til Skarbøvika, og vi vart einige om at alle skulle jobbe til dei stupte denne kampen. Så fekk det bere eller briste.

Laget vart sett opp i ein 4-4-2-formasjon med Thor-Ove Brekke som ein slags hengande spiss.

1. omgang:

Med tanke på motstanden var Hareid sin 1. omgang noko av det beste laget har vist denne sesongen. Når Hareid-spelarane stressar SIF så hardt at dei begynner å slå langt nesten kvar gong dei får ballen, så veit vi at spelegleda, klokskapen og innsatsen er på topp. Men dei som ser føre seg at Hareid stod lågt og "donka" ballen i hytt og gevær må tru om igjen. Slik var det ikkje før pause på Siffen. Hareid var flinke til å ta ned ballen og spele han langs bakken. Med litt fleire marginar hadde Georg Eikrem Olsen blitt spelt gjennom fleire gonger enn han vart.

Men det begynte ikkje spesielt bra for Hareid sin del. Vi har hatt det med å sleppe inn minst eitt mål dei første ti minutta, og slik vart det også denne gongen. Ei misforståing mellom Vagn Scheide Mork og André Egset Nupen gjorde at måltjuven Kenneth Kjevik kunne setje inn 1-0 på enkelt vis frå kort hald.

Deretter var det Hareid for alle penga ein periode. Frå det 12. til det 13. minutt fekk Hareid tre cornerar, og det kunne sjå ut som at SIF var noko stressa. Kanskje undervurderte dei motstandaren, for sebratrøyene sov i timen då Thor-Ove Brekke vart spelt gjennom etter 16 minutt. SIF-keeper Thorsen kom ut og felte Brekke, og Hareid fekk ei soleklar straffe. Mange dommarar hadde nok i same slengen vist ut Thorsen, men det skjedde ikkje. Kim-Tore Husøy var ikkje med, ei heller Ronny Jørgensen - så Alexander Nevstad fekk sjansen frå 11-meteren. Og scora sikkert.

Så tok SIF over igjen. Dei burde ha scora etter 19 minutt, men spelet deira sat neppe heilt etter planen. Det siste kvareret før pause var Hareid det beste laget. Georg Eikrem Olsen kunne fort ha sendt bortelaget i leiinga etter å ha blitt spelt gjennom av Martin Mork Breivik, men avslutninga vart redda av Thorsen.

Hareid hadde ein del andre friske angrep utan utteljing. 

1-1 til pause var heilt greitt ut frå spel og sjansar.

2. omgang:

Etter pause var SIF det beste laget. Dei siste 15 minutta var sebratrøyene heilt overlegne, men det var stor spenning heilt til 3-1 kom etter 77 minutt.

Vi fekk uansett tidleg sjå at SIF ikkje hadde planlagt å slå mykje langt denne omgangen. Etter 49 minutt skapte dei ein trippelsjanse. Vagn Scheide Mork redda to av forsøka, medan det siste var eit skot utanfor. Hareid levde farleg, og etter 54 minutt kom 2-1 då Peter Daniel Baade fann nettmaskene etter eit innlegg frå høgre. 

Hareid begynte etter kvart å gå tomme. Men raudtrøyene hadde ein del dødballforsøk og andre OK angrepsforsøk, så vi trur neppe Svein Slinning følte seg trygg før Kenneth Kjevik sette inn 3-1 etter 77 minutt. Tre minutt seinare scora Vigras store son endå ein gong. Og SIF hadde sjansane til å få sitt femte mål også. Men det kom aldri.

Konklusjon:

SIF vann fortent, men eit ungt Hareid-lag kan ta med seg mykje frå denne kampen - spesielt frå 1. omgang. Viser vi denne innsatsen og spelegleda i fleire av haustkampane skal vi i alle fall ikkje rykke ned med fem poeng som total poengfangst. Ein del spelarar vil forsvinne utover hausten til studium ulike stader i landet, men vi veit jo også at ein del av dei som stod over i dag er tilbake til hausten. Får vi inn eit par ekstra spelarar anten i løpet av sommaren (slik at vi slepp å frykte at vi ikkje kan stille lag til visse kampar) så kan det bli mykje moro i haust.

Vi ønskjer alle spelarar og leiararar takk for vårsesongen. Det har vore mykje motgang, men spelarane har takla det fint. No gjeld det å få trena best mogleg i juli, slik at vi er best mogleg budde til haustopninga mot Stranda, som kjem alt 31. juli.

Ref. HIL

Kampfakta
3.-divisjon avdeling 9, runde 13
Skarbøvik IF - Hareid IL 4-1 (1-1)
Siffen stadion
Ca. 60 tilskodarar
Mål: 1-0 Kenneth Kjevik (9), 1-1 Alexander Nevstad (16, straffe), 2-1 Peter Daniel Baade (54), 3-1 Kjevik (77), 4-1 Kjevik (80)
Dommar: Jan Lund, Godøy IL
Gule kort HIL: Vagn Scheide Mork, André Egset Nupen, Alexander Nevstad
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork - Audun K. Øvrelid, André Egset Nupen (Benjamin Slettebakk 79), Marius Rise (K), Lars Andreas Dahlen Folkestad - Martin Mork Breivik, Alexander Nevstad, Joachim Røyset, Martinus Røyset Bakken (Fredrik Andresen 79) - Thor-Ove Brekke (Christer Adrian Mork 68), Georg Eikrem Olsen

Hareid-børsen:

Mork - 7 (Hareids beste)
Øvrelid - 6
Nupen - 6
Rise - 7
Folkestad - 6
Breivik - 7
Nevstad - 6
J. Røyset - 6
Bakken - 6
Brekke - 7
Olsen - 6

Det var god innsats over heile linja i dag, så det er vanskeleg å trekke fram enkeltspelarar framfor andre. Men Vagn Scheide Mork hadde fleire kanonredningar i mål, i forsvaret vann Marius Rise svært mange duellar (spesielt i lufta), på høgresida sprang Martin Mork Breivik opp og ned heile kampen (+ god med ball) og etter eit fall i formkurva i juni fekk vi endeleg sjå Thor-Ove "Dyret" Brekke i sitt ess igjen - no i ei rolle som ein slags hengande spiss. 

Brekke måtte forresten ut på båre med ein nakkeskade midtvegs i 2. omgang, men det ser heldigvis ut til å gå bra.

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR