hareid_il_logo_135.png









 

12.09. Hareid G16 med ny siger heime mot Volda

lagbilete_g16452.jpg

Hareid G16 spelte i dag heime mot Volda. Kampen enda tilslutt  3-2 til Hareid, mykje takket vere at Hareid var svært effektive framfor mål.

Hareid G16 spelte i dag sin tredje kamp for sesongen mot Volda. Sjølv om det alltid er jamne og tøffe kampar mot nettop Volda har det faktisk enda med tre av tre moglege sigrar til Hareid.
Opninga av dagens kamp var intet unntak. Hareid klarte ikkje å skape det store offensivt, men var gode defensivt, difor blei det ei sjansefattig opning.


Etter 28 minutt blei derimot kampens første mål scora. Ei fin langpasning frå Benjamin Riise Erdal gjekk over Volda sitt forsvar og fram til Sebastian Bjørlykke. På heil-volley chippa han ballen elegant over keeper, og stillinga var 1-0 til Hareid etter eit fint angrep. Det var også stillinga då laga gjekk til pause.


2. omgong fortsatte på samme måte som første, jamnt med mykje duellar, men utan dei store målsjansane. Hareid var derimto effektive i dag, og etter 61. minutt auka dei ledelsen til 2-0. Sebastian Bjørlykke pressa ein Volda-forsvarar til balltap som siste mann, so slo Bjørlykke ballen inn i boksa. Der kom Johannes Knardal springande og scora enkelt på ope mål.


To minutt seinare reduserte Volda til 2-1. Hareid svara med ein gong, og gjekk opp til 3-1 ledelse i det 65. minutt. Sebastian Bjørlykke scora då sitt andre mål for kvelden direkte på frispark.


Resten av kampen handla berre om å gjere alt for å sikre sigeren. Volda reduserte på overtid, men nærmare enn det kom dei ikkje, og det enda difor med Hareid siger. 

|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR