hareid_il_logo_135.png









 
14.08. Olsen-scoring gav etterlengta Hareid-siger: 2-1 mot Godøy
Thor-Ove Brekke etter at dei tre poenga var i hamn.
Thor-Ove Brekke etter at dei tre poenga var i hamn.

Godøy opna sterkt og leia ein periode heilt fortent 1-0 på Hareid stadion. Men Hareid var best dei siste 60 minutta, og seine scoringar av Øyvind Hagen og Georg Eikrem Olsen ordna ein etterlengta 2-1-siger til Hareid.

Av Hazhir Alipoor

- Vi vann fordi vi er betre trena enn dei. Godøy køyrde kampen første 20 minutta, men i 2. omgang eigde vi kampen. Alt i alt fortent sjølv om vi var heldige i 1. omgang, sa Hareid-kapteinen Vagn Scheide Mork etter kampen.

Godøy starta best

Godøy opna kampen farleg og hadde skapt fire målsjansar då ti minutt vart spelt. Etter 18 minutt la Georg Eikrem Olsen inn, men Ørjan Engen Grimstad heada i tverrleggjaren. Joakim Austnes var farleg frampå for gjestane etter 23 minutt; Vagn Scheide Mork redda fint. Etter 27 minutt gjekk Godøy opp i leiinga ved Trond Edvard Brynestad som skaut frå ca. 18 meter. Lars Andreas Dahlen Folkestad kunne ha utlikna rett før pause, men headinga gjekk like over. 0-1 var nokså OK ut i frå spel og sjansar. Men Godøy kunne ha leia meir enn 1-0, med litt meir effektivitet dei første ti minutta.

Olsen avgjorde

Men 2. omgangen vart heilt annleis. Bortelaget skapte lite, medan hareidsdølingane pressa godt og jobba bra både offensivt og defensivt. Dryge eit kvarter før slutt utlikna Hareid. Øyvind Hagen tok frisparket frå om lag 30 meter som Godøy-keeperen var sjanselaus på. Etter 83 minutt gjekk Hareid opp i leiinga ved Olsen som plasserte fint frå skrått hald etter å ha dribla eit par spelarar.

Alt i alt var dette ein bra kamp av Hareid som hadde ein dårleg start, men spelte godt dei siste 60 minutta. Godøy var god i starten av kampen då Hareid var ikkje heilt på, men då Hareid fekk i gang maskineriet hadde ikkje Godøy noko å komme med.

Etter seks seriekampar utan siger (fire av dei uavgjorte) smakte det derfor svært godt med siger mot Godøy, som i sommar har forsterka laget med mellom anna den tidlegare Aalesund-spelaren Joakim Autsnes.

Emblem neste

I vårkampen tapte Hareid 7-0 borte mot Emblem. Neste veke er det Emblem sin tur å ta turen over fjorden. Då skal Hareid revansjere seg,  ifølgje kaptein Vagn Scheide Mork.

- Vi har litt å revansjere etter vårkampen. Eg trur det er mogleg å vinne sjølv om vi gjekk på eit stygt tap mot dei sist. Vi har eit bra lag for tida, og bør kunne gi dei hard kamp om poenga.

Kampfakta
4.-divisjon, runde 12
Hareid – Godøy 2-1 (0-1)
Hareid stadion
Tilskodarar: 115
Mål: 0-1 Brynestad (27), 1-1 Hagen (78), 2-1 Howlid (83).
Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy IL
Gult kort Hareid: Indreflø
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø (Nauris Driksna 76), Martin Nikolai Longva, Ulrik Wingsternes, Øyvind Hagen (Thor-Ove Brekke 76) – Ola Kalvø Vattøy, Alexander Nevstad, Joachim Røyset, Georg Eikrem Olsen - Lars Andreas Dahlen Folkestad, Ørjan Engen Grimstad (Eiliv-Tore Howlid 81)
*** Hagen, ** Longva, * Folkestad

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR