hareid_il_logo_135.png









 
24.10. Hareid - valder 2-1: NÅR ENDEN ER GOD ER ALT BERRE GODT
Takk for alt, Kisse!
Takk for alt, Kisse!

Hadde alt godt feil veg kunne Hareid ha rykt ned i morgon. I staden gjekk alt Hareid sin veg. Og i legendariske Hans Gisle "Kisse" Holstad sin siste kamp som Hareid-trenar vart det 2-1-siger mot Valder. Tabellen viser at Hareid som i fjor endar på femteplass. Kven hadde trudd det for tre veker sidan?

Av Hazhir Alipoor

1. omgangen handla for det meste om stillingskrig der Hareid var litt farlegare enn Valder. Etter åtte minutt stod Tobias Blindheim åleine i feltet, men headinga gjekk like utanfor. Etter 20 minutt testa Georg Eikrem Olsen skotfoten etter eit fint raid, men skotet vart ikkje noko av. Tre minutt seinare sende Ola Kalvø Vattøy Hareid i leiinga. Runar Stranden spelte 45 grader ut til Vattøy som drog av ein mann før han avslutta fint. To minutt seinare la Stranden inn, men verken Hiwa Alipoor, Vattøy eller Olsen klarte å avslutte skikkeleg. Like før pause kunne Valder utlikne, men Fredrik Lonbakken redda bra eit godt slått frispark.

2. omgangen var langt frå første – sjansemessig. 2. omgangen skapte Valder litt meir. Etter 46 minutt skaut Glenn Ørjan Johannessen frå kort hald, men Lonbakken redda fint. Etter 55 minutt hadde var Olsen åleine med keeper etter at han hadde snappa ein ball på venstresida, men avslutninga var svak. Etter 60 minutt var Blindheim farleg frampå for gjestane, men Lonbakken redda til corner, som Valder scora på etter ei heading av Shafi Elmi. Etter utlikninga handla nesten alt om sjansesløsinga til Hareid. Etter 72 minutt heada Stranden fra ca. 5 meter, men enda i corner. Etter 85 minutt var Thor-Ove Brekke åleine med keeper, men skaut rett på. Etter 92 minutt hadde Stranden nok ein sjanse, men scora ikkje. I staden scora han eit minutt seinare med heading frå kort hald. Det var det siste som skjedde i sesongen 2014.

Trenar Hans Gisle Holstad var naturleg nok nøgd etter kampen.

- Dette var ein jamn kamp som vi fortente å vinne. Vi fekk store rom å spele på etterkvart og hadde fleire store sjansar. Heilt på slutten scora vi ved Runar (Stranden). Eg er glad for at han scora i dag. Han har utvikla seg godt utover sesongen, men det har vore mykje nesten for han, seier Holstad og legg til etter spørsmål om sjansesløsinga:

- Ja, vi hadde mange store sjansar, det var utruleg at vi ikkje scora på dei.

Kampfakta
3.-divisjon runde 22
Hareid - Valder 2-1 (1-0)
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 60
Mål: 1-0 Vattøy (23), 1-1 Elmi (61), 2-1 Stranden (93)
Dommar: Jan Helge Lund, Godøy IL.
Gule kort: Stranden, Olsen (Hareid).
Hareid (4-4-2): Fredrik Lonbakken (Vagn Scheide Mork 89) – Robin Jackson Indreflø (Joar Møller 87), Ulrik Wingsternes (K), Martin Longva, Nauris Driksna – Runar Stranden, Simon Holstad Grimstad (Ørjan Engen Grimstad 68), Alexander Nevstad, Georg Eikrem Olsen – Ola Kalvø Vattøy (Eiliv-Tore Howlid 68), Hiwa Alipoor (Thor-Ove Brekke 75).

*** Lonbakken
** Longva
* Stranden

Sluttabellen

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR