hareid_il_logo_135.png









 

30.08. Hareid - Emblem: Hareid pressa og pressa, men ballen ville ikkje i mål...

hareid_emblem_a-lag.jpg

Hareid A-lag spelte i kveld 0-0 heime mot Emblem. Sjølv om Hareid pressa voldsomt på i 2. omgong klarte dei ikkje å få ballen i mål, og då enda det med poengdeling mellom laga. 

Hareid viste frå start av at dei ønskte å styre dagens kamp, og skapte det aller meste av farlegheiter innledningsvis. Etter ti minutt spelt skulle Hareid komme til ein av kampens største sjansar. Det blei kombinert fint på Hareid si høgreside slik at Fredrik Andresen fekk slått eit hardt, lavt innlegg inn bak Emblem sitt forsvar. Der kom August Brandal i full fart, han fekk avslutta, men Emblem sin keeper stod dessverre for ei kjemperedning. 

Etter den gode opninga av Hareid jamna kampen seg litt meir ut, uten at nokon av laga skapte særleg med sjansar. Det tok faktisk 42 minutt før neste store Hareid sjanse kom. Sjansen kom etter at Henrik Hareide Holstad slo eit godt innlegg bak forsvarsrekka til Emblem, nok ein gong var August Brandal der, men han fekk akkurat ikkje ei tå på ballen. 

I 2. omgong var det Emblem som starta best, og dei hadde blant anna ein kjempesjanse etter to minutt spelt. Då var det berre ei fantastisk beinparade frå Rikard Osnes som gjor at Hareid hold nullen. Den kjempesjansen til Emblem var eigentleg den einaste store sjansen dei hadde i 2. omgong. Derifrå og ut var det Hareid som pressa på.

Hareid skapte ein heil haug av sjansar, mykje takket vere dagens bestemann, Ruben Kenneth Brandal. Han stod for ein stor del av sjansane, både med gode skot og smarte pasningar. Men verken Ruben Kenneth Brandal eller noken andre på Hareid-laget klarte å få ballen i mål, og då endar det ofte med 0-0. 

*

Vi skraut over forsvaret etter forrige kamp, og nok ein gong imponert Hareid. Dagens resultat medfører nemleg at Hareid no har holdt nullen seks(!) gongar denne sesongen. Forsvarsmessig er det liten tvil at Hareid er veldig gode. Offensivt har det dessverre blitt scora for få mål, men vi veit at slike ting kan snu fort, og vi håper at det løsnar allereide neste veke borte mot Rollon.

Girri, girri! 

Ref.

Hareid stilte med følgande lag: Rikard Osnes, Martin Nikolai Longva, Tarje Riise, Nauris Driksna, Henrik Holstad - Benjamin Reite, Ruben Kenneth Brandal, Andreas Nesset -  August Julian Brandal, Fredrik Andresen, Sebastian Bjørlykke (Kim-Andre Lid Alvestad).

***Ruben Kenneth Brandal **Andreas Nesset Jr. *Henrik Hareide Holstad

|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR