Skriv ut

19.04. REISEBREV FRÅ TYRKIA DAG 4

tyrkia_x.jpg

A-laget sin treningsleir er no over halvvegs.

Denne gongen er det Andreas Skotheim og Christian Mork Breivik frå rom 2209 som har skrive reisebrev frå sydlege strøk. 

Vi sto opp klokka 08:30, og spiste frokost kl 09:00.

Kl 10:00 var det vidare på dagens første økt, der vi hadde den fjerde speløkta denne veka. Det var relativt høg temperatur fra begge laga. Klokka 13:00 var det sta å spise lunsj, der det sjeldent er stor variasjon mellom det folk spiser.

Deretter var det avslapping, bading og soling fram til klokka 17:00, då begynte dagens andre treningsøkt. Denne økta var det ikkje noko spel mellom dei to laga, men ballbehandling og skuddkonkurranse.

Markus Hareide stakk av med seieren og er derfor «skyttarkongen».

Vidare klokka 19:30 var det middag og rett etter var det eit kort møte før det var diverse konkurranser mellom inndelte lag.

Deretter var det litt fritid for laget der nokon for på pub for å sjå fotballkamp mens andre var igjen på hotellet og slappa av og spelte kortspel.