hareid_il_logo_135.png









 

01.06. Bergsøy - Hareid 2-1: Klar nivåheving, ingen poeng, ny alvorleg skade

Thor-Ove Brekke gjorde livet surt for Kjetil Steinsvik Paulsen gjennom store delar av kampen, men sistnemnde vart likevel matchvinnar til slutt.
Thor-Ove Brekke gjorde livet surt for Kjetil Steinsvik Paulsen gjennom store delar av kampen, men sistnemnde vart likevel matchvinnar til slutt.

Ein kan vel neppe seie at Hareid hadde marginane på si side i botnoppgjeret mot Bergsøy fredag kveld. Det opne oppgjeret enda med 2-1-siger til vertane etter ei avgjerande scoring i det 90. minutt. Tidlegare i kampen fekk endå ein Hareid-spelar ein alvorleg skade då Nikolai Røyset i verste fall rauk alle banda i eine kneet.

Før kampen:

Etter eit par kampar med hazardiøst forsvarsspel der Hareid aldri var nære å ta poeng, var det denne fredagen duka for botnoppgjer mot Bergsøy - eit lag som i motsetnad til Hareid verken av seg sjølve eller andre var venta å ligge under streken på dette tidspunktet av sesongen. Hareid stilte med bortimot fullt lag med tanke på kven som har vore med i vår, og hadde eit sterkt fokus på å tette igjen bakover. Laget gjekk ut i 4-5-1 med Kim-Tore Husøy som defensiv midtbanespelar, Tore Johan Ytre-Hauge lengre framme på midten - og Ronny Jørgensen som einsam spiss. Ole André Kragset var tilbake som midtstoppar, medan Marius Rise vart flytta ut på venstrebacken.

1. omgang:

Det tok vel eigentleg aldri av denne omgangen. Hareid låg lågt i bana, medan Bergsøy stod høgare og trilla ball. Heimelaget hadde eit visst press gjennom heile omgangen, men Hareid skapte dei fleste og største sjansane før pause. Etter 23 minutt skaut Ronny Jørgensen over frå kort hald. Same mann mista balansen då han kom åleine mot Bergsøy-målet etter 40 minutt. Heimelaget skapte også ein slags sjanse til Hareid då Sander Nyland var nære ved å rote ballen i eige mål etter eit relativt svakt frispark frå Kim-Tore Husøy. Bergsøy sin eine store sjanse denne omgangen kom då Frank Sverre Skorpen stupheada utanfor ti minutt før pause.

Dessverre for Hareid vart Nikolai Røyset stygt skadd etter 22 minutt. I verste fall er kneet hans øydelagt i lang, lang tid. Utruleg synd for Hareid, som i ein tidlegare vårkamp mista Joar Møller for fleire månader då han braut eit bein i ryggen.

2. omgang:

Dette var ein omgang det skjedde langt meir. Spenninga var svært stor. Etter 50 minutt mista Hareid ballen unødvendig på venstresida. Ballen gjekk etter kvart inn i feltet, der Frank Sverre Skorpen heada i mål frå kort hald. Berre seks minutt seinare svarte Hareid. Høgreback Nikolay Sundgot slo ein glimrande stikkar i bakrommet. Georg Eikrem Olsen var på rett plass til rett tid - og gjorde ingen feil åleine med Sander Nyland. Bergsøy styrte framleis mykje av kampen, og kom til fleire halvsjansar utover i omgangen. Etter kvart begynte Hareid også å bli farlege - spesielt på overgangar. Joachim Røyset avslutta utanfor etter 70 minutt, medan Georg Eikrem Olsen skaut over både i det 76. og 88. minutt etter gode innlegg frå sida.

Men som typisk er, spesielt når Hareid har møtt Bergsøy dei siste par åra, så avgjer dei kvite og raude heilt på tampen. I det 90. minutt får Bergsøy-kaptein Kjetil Steinsvik Paulsen sjansen frå kort hald og set ballen i mål. Ole André Kragset er nær ved å avverge, men ikkje nær nok. Bergsøy vinn 2-1.

Oppsummering:

Defensivt heva Hareid seg mange hakk i høve kampane mot EOIL og Surnadal. Sjølv om ting kunne blitt gjort annleis framfor begge baklengsmåla var Hareid mykje tettare opp i motstandarane enn i dei føregåande kampane. Og på dødball kom det null baklengs imot denne gongen. Hareid låg lågt i bana gjennom store delar av kampen, men skapte likevel sjansar nok til å kunne tatt både eitt og tre poeng frå dette lokaloppgjeret. Ein kan gjerne seie at Bergsøy spelte best fotball og dermed vann fortent, men Hareid kan i alle fall ikkje skuldast for å ha hatt flaks...

Tabellsituasjonen kunne vel sett betre ut, men vi får glede oss til heimekampen mot det gamle storlaget Sunndal neste laurdag. Og trene godt før den tid.

Så får vi også ønske Bergsøy lykke til med resten av sesongen. Vi spådde før sesongen at dei ville kjempe langt oppe på øvre halvdel, og det meiner vi framleis at dei kan gjere. Bergsøy er eit jamt over rutinert lag med mange solide fotballspelarar. Litt ironisk var den svenske importen som kom inn i 2. omgang lagets svakaste spelar.

Ref. HIL

Kampfakta
3.-divisjon avdeling 9, runde 9
Bergsøy - Hareid 2-1 (0-0)
Bergsøy kunstgras
Ca. 200 tilskodarar
Mål BIL: Frank Sverre Skorpen (50), Kjetil Steinsvik Paulsen (90)
Mål HIL: Georg Eikrem Olsen (56)
Dommar: Sindre Eikrem, MSIL - God
Gule kort: Ulrik Wingsternes, Andreas Johann Kurseth (BIL), Thor-Ove Brekke (HIL)
Hareid (4-5-1): Vagn Scheide Mork - Nikolai Røyset (Nikolay Sundgot 22), Lars Andreas Dahlen Folkestad, Ole André Kragset, Marius Rise -  Joachim Røyset, Thor-Ove Brekke, Kim-Tore Husøy, Tore Johan Ytre-Hauge (K), Georg Eikrem Olsen - Ronny Jørgensen

Hareid-børsen:

Mork. Kan lite gjere med måla. Får elles få avslutningar å bryne seg på. Opptrer generelt sett trygt og rutinert. Klar nivåheving i høve dei to siste kampane. 6
N. Røyset. Startar bra, men må uheldigvis tidleg ut. -
Folkestad. Ikkje heldig før 1-0-målet, men elles klinka han til i duellane utan hemningar. God kamp. 6
Kragset. Godt å sjå han tilbake i manesjen. Som vanleg null respekt for nokon og gir alt i alle duellar. Dessverre uheldig på 2-1. 6
Rise. Plasserer seg godt, men har endå eit gir å gå på i duellspelet. 5
J. Røyset. God kamp. Frisk offensivt. Etter kvart solid defensivt. 6
Husøy. Tilbake i rolla han hadde mellom 2003 og 2006, den defensive på midten. Det gjekk svært så bra. Kontant i duellespelet. Smart med ball. Stort sett gode dødballar. Eit vellukka taktisk trekk å bruke han på midbana. 7
Brekke. Får den vanskelege oppgåva med å ta ut løpssterke Paulsen. Klarer det til ei viss grad. Vinn mange duellar også mot andre BIL-spelarar. 5
Ytre-Hauge. Spelar i ei meir offensiv rolle denne gongen, men blir vel så ofte involvert defensivt. Gjer ein manns jobb og vel så det. 6
Olsen. Endeleg nærmar han seg fjorårsforma. Tørr ofte å utfordre i fart, og då blir det trøbbel for motstandarane. Scorar eit fint mål og kunne fort ha fått eitt eller to til. 6
Jørgensen. Inga enkel rolle å vere einsam spiss, men er det nokon som kan klare det så er det Ronny J. Svært god til å skjerme ball og å halde på det. Får av den grunn mange frispark. Kreativ med ball. Kjem til to store sjansar. Einaste minuset var at han ikkje scora. 7
Sundgot. Etter eit par svake kampar var han endeleg tilbake på eit bra nivå. Stort sett trygg bakover. Finfin målgjevande på 1-1. 6

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR