hareid_il_logo_135.png









 
09.10. endeleg kom sigeren, 2-1 mot langevåg i knokkelkamp
hiwa.jpg

- Ein viktig siger.

Av Hazhir Alipoor

Orda kjem frå Hareid-trenaren Hans Gisle Holstad, etter 2-1-sigeren mot Langevåg.
- Det var ein viktig siger som vi til slutt fortente å vinne. I dag kjende eg igjen litt av det gamle disiplinerte laget sjølv om eit par faste spelarar var vekke. Det er store skiftingar på laget. Det er ikkje bra, likevel dei som var med tok ansvar som var veldig gledeleg. Det var ein viktig siger.

Sist Hareid vann ein kamp var i haustopninga mot Godøy. Sidan har Hareid spelt jamne kampar som har anten endt i tap eller uavgjort. Men i dag kom sigeren.

Dagens første sjanse kom etter ti minutt. Ulrik Wingsternes slo gjennom til Ola Kalvø Vattøy etter ein flott raid, sistnemnde avslutta på keeper. Like etter var LIL nære, men det vart berre nesten. Første halvtimen var sjansefattig. Men etter 34 minutt hadde Børge Holen god moglegheit for å sende LIL i leiinga, men avslutninga var svak. Tre minutt seinare var Georg Eikrem Olsen frampå utan suksess. Etter 39 minutt tok Hareid leiinga ved Martinus Røyset Bakken. Hiwa Alipoor la inn frå venstre, Runar Stranden heada til Vattøy som vidare spelte til Bakken som avslutta flott frå kort hald. Like før dommar blåste av omgangen rota Hareid i forsvaret som førte til stor sjanse imot, heldigvis blokka Alipoor eit LIL-skot.
2. omgangen starta med mykje krig om ball. Likevel utlikna LIL etter 57 minutt. Holen stod på omtrent på straffemerket og putta inn 45 graders pasning frå venstresida. Etter målet var det meir og meir midtbanekrig og mykje langballar utover kampen. Likevel tok Hareid leiinga igjen. Etter 69 minutt avslutta Thor-Ove Brekke veldig fint frå ca. 20 meter etter pasning frå Olsen. Fem minutt seinare avslutta Bakken frå distanse då LIL-keeperen var langt ute, men det vart berre nesten. Lars Austnes hadde to gode skot i det 78. og 83. minutt for LIL. På overtida kunne Bakken punktere kampen, men keeperen redda fint. Like etter kunne LIL utlikne på ei heading, men Vagn Scheide Mork redda flott. Dermed vart det siger til Hareid som var fortent.

Kampfakta
4.-divisjon runde 20
Hareid – Langevåg 2-1 (1-0)
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 60
l: 1-0 Bakken (39), 1-1 Holen (57), 2-1 Brekke (69)
Dommar: Jan Erik Myklebust, Åmdal IL
Gule kort: Bakken, Møller (Hareid).
Hareid (4-3-3): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø, Ulrik Wingsternes, Ørjan Engen Grimstad, Hiwa Alipoor - Thor-Ove Brekke, Joar Møller, Ola Kalvø Vattøy (Fredrik Andresen 83) - Runar Stranden, Martinus Røyset Bakken, Georg Eikrem Olsen + Ivar André Aadland på slutten for (?).
*** Alipoor, ** Wingsternes, *Mork

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR