hareid_il_logo_135.png









 

04.03. Hareid sel sesongkort i år

Har du tenkt deg på stort sett alle heimekampane til Hareid a-lag i år? Då er eit sesongkort noko for deg. På styremøtet måndag vart det bestemt at vi (for første gong?) skal gi ein rabatt til alle travarar som møter opp kamp etter kamp.
Eit sesongkort for vaksne vil koste 500 kroner. Sidan billettprisane er sett opp til 60 kroner i høve kretsen sine nye retningslinjer, og Hareid har 11 heimekampar, ser du at du lett kan tene pengar på dette.
For honnørar vil ikkje sesongkortet koste meir enn 300 kroner.
Fotballgruppa har sett i gang dette tiltaket for at du skal få sjå god fotball for ein billeg og svært enkel måte!

Vi kjem tilbake med meir info når korta ligg ute for sal.

03.03. Tre hareidsdølingar i Hødd-troppen

Hodd.no har no offentleggjort troppen som skal møte Molde onsdag. I januar/februar gjekk tre hareidsdølingar frå Hareid til Hødd, og samtlige er med i troppen.
* Ørjan Engen Grimstad (19) har imponert i Hødd-trøya gjennom fire kampar, og vi reknar med at han startar kampen. Skal ein halde styr på Diouf-spissane til Molde må ein ha ein med farta til Ørjan.
** Christian Mork (16) fekk sin første a-kamp for Hødd mot Brattvåg for ei og ei halv veke sidan. Christian markerte seg sterkt den halvtimen han spelte med mål, målgivande + han laga straffe. Om Christian får starte mot Molde veit vi ikkje, men vi reknar jo nesten med at han får prøve seg ei stund.
*** Ruben-Kenneth Brandal (18) er ikkje i a-stallen til Hødd, og har ingen a-kampar der ute. Det var litt rart at han ikkje fekk prøve seg mot Brattvåg, men no har han kome med i troppen for første gang. Vi tvilar på at han får starte mot Molde, men det hadde vore kjekt om han fekk prøve seg.

03.03. Trappar Aydin opp?

Erdal Aydin har trent med a-laget i det siste, og kan gjere comeback for a-laget vel to år etter han var der sist. Aydin, som fylte 20 år i desember, var i a-stallen frå 2004 til 2006, og fekk med seg 31 kampar og to mål. I 2005 var Aydin også med på juniorlaget som tok bronsje i serien, og han starta finalen i junior-inne-KM som Hareid vann 6-2 mot Stranda.
   I 2007 la Aydin først opp før han begynte på Hjørungavåg som hadde lag i 6. divisjon det året. Til hausten tok naboen Anders Mork over juniorlaget, og då melde Eral overgang til Hareid igjen. Men den hausten ønska han ikkje å kjempe om ein plass for a-laget. I 2008 var Erdal i militæret, og denne vinteren har han trent og spelt treningskampar for Hareid 2. Men no kan det kanskje hende at han trappar opp eit hakk...?

03.03. Vi tippar 3. divisjon

Hareid IL Fotball Nett har gode tradisjonar og gode resultat å vise til når det gjeld å vurdere og tippe 3. divisjon avdeling 17. For fjerde år på rad kjem vi derfor med våre grundige analyser. Vi orkar ikkje å legge oss så mykje opp i treningskampane i år (dei er som oftast heilt uviktige for sesongens utfall), og sparkar i gong med 12. plassen alt 10. mars. Derifrå kjem vi med ein ny plass ca. kvar tredje dag, og blir dermed ferdig i grei tid før sesongstarten 18. april.

01.03. Mot løysing for guttelaget?

Det har i år tatt ein del tid å få på plass trenarar til gutte- og juniorlaga til Hareid. I januar sa erfarne Svein Dag Slettebakk heldigvis ja til å takke juniorlaget, men guttelaget har berre hatt ei mildertidig løysing med Roar Riise som vikar. Etter det nettsida erfarer går det no mot at Gunnar Aursnes og Øystein Orten no skal dele på å trene guttelaget. Aursnes er i tillegg trenar for Hareid sitt eldste småguttelag.

01.03. Sunnmørsfotball: Vika knust av ungfole

* Det har blitt spelt ein del treningskampar på Sunnmøre i helga. Vi merkar oss først og fremst at Bergsøy vann 4-1 borte mot Spjelkavik, og ungguten Joakim Bendal scora like greit alle måla til pilkarane. Bergsøy har gjort det OK så langt i vinter, men dette var ganske så imponerande. Det spørs likevel kor gode Vika er. Nok ein vinter har dei bytta ut halve stallen med så som så spelarmateriale, og tap mot 4. divisjonslaga Bergsøy og Ørskog verkar ikkje spesielt betryggande. Vika skal ha mangla mange folk mot Bergsøy, men sånn er det jo for mange lag no for tida.
* Hødd junior gjekk gjennom kvaliken i 2008 utan å sleppe inn mål. På sine tre første kampar i år var det også smultring, men laurdag gjekk Hødd på eit veldig overraskande 4-2-tap mot Aksla. Hødd junior stilte så godt som toppa, men Erling Ytterlands Aksla-gutar vann og tok seg til 1. divisjon for første gang på mange mange år. Kenneth Moldskred trenar Hødd junior i år, men laurdag vart det fjorårets Hareid-trenar Geir Televik som leia laget.
* Kampen mellom Godøy og Ellingsøy vart avlyst.
* Rollon spelte i helga to kampar i ein cup på Åndalsnes. Der gjekk dei til topps etter sigrar både mot Rival og Måndalen.
* Langevåg skulle møte Valder i helga, men vi har ikkje fått inn resultat derifrå.

01.03. Ungt juniorlaget tapte 8-0

Juniorlaget til Hareid tapte alle sine kvalikkampar denne vinteren. Eit svært redusert Hareid-lag tapte laurdag heile 8-0 mot FK Sykkylven. Hareid mangla viktige spelarar som Åge Møgster, Martinus Bakken, Arild Liaset, Georg Gaasø, førstekeeper Håkon Lonbakken og Alexander Jackson Indreflø. Utespelar Antoni Gardshol måtte derfor stå i mål. Av utespelarar brukte Hareid desse: Ingar Liaset, Jan Kristian Korsnes, Stian Brandal, Håkon Orten Trovåg, Joachim Røyset, Håvard B. Banne, Benjamin Slettebakk, Sondre Åkervik, Arthur Hareide, Venthan og Emil Bastian Reite.

27.02. Ymse lokalfotballnytt: Brattvåg leiar treningskamptabellen

* Brattvåg vann 6-2 mot 4. divisjonslaget Midsund onsdag, og har dermed gått forbi Hareid på www.norborg.com sin treningskamptabell. Hareid skal mest sannsynleg ikkje spele kamp før laurdag 15. mars, så sjansane for at fleire lag kjem til å passere Hareid med det første er absolutt til stades.
* Hødd har spelt mot både eit redusert Hareid-lag (4-4) og eit redusert Brattvåg-lag (4-0) så langt denne sesongen. Fredag skulle dei eigentleg møtt eit anna 3. divisjonslag, Volda, men der inne snør det såpass at kampen vart avlyst. Om dei to laga møter kvarandre seinare i vinter er ikkje bestemt endå. Volda har berre spelt ein treningskamp så langt, og 6-1 mot eit Hovdebygda-lag med utespelar i mål og ein mann på benken seier oss ikkje så mykje.
* Langevåg har faktisk ikkje spelt ein einaste treningskamp så langt. Oppgjera mot Godøy og Hareid vart begge avlyst. Men laurdag prøvar gultrøyene igjen, mot Valder. Dei blå frå Giske har ikkje imponert så langt i år, med tap både mot lisjebror Vigra og halvbror Godøy. At Tom Gøran Jønsson grunna krangel med trenaren går til Godøy hevar neppe Valder - som etter den fantastiske 2. plassen i 2004 har slite på nedre halvdel i 3. divisjon. Men stiller 3 x Oksnes (Steffen, Anders, Henrik) så kan nok Valder krangle seg over nedryksstreken også denne gongen.
* Hareid 2 har no avtalt treningskamp borte mot Bergsøy 2 laurdag 7. mars. Hareid 2 håper også å få til treningskampar mot lag som Haddal og Hasundgot i løpet av mars.

25.02. Vender Lokomotiv Oslo heim?

I år feirer Lokomotiv Oslo, det suksessfulle laget i Oslo med svært mange spelarar frå Ytre Søre, 10 år. Det er no på snakk å markere dette med ein kamp mot Hareid på Hareid påskeaftan. "Loket" kan naturleg nok ikkje flyge opp hit heile mannskapet sitt, men dei prøvar no å skrape saman eit lag med både gamle og noverande spelarar. Hareid på si side har ein cupkvalikkamp rundt påsketider, og kan neppe stille med eit toppa lag, men det kan bli aktuelt å stille eit lag med både a- og b-spelarar.
Ballen ligg førebels i Oslo, og vi håper på eit positivt svar. Dette vil jo bli ein kamp som vekker stor interesse i nærmiljøet.

24.02. Hareid 2 med kanontøff opning på sesongen

Forslaget til terminliste for 5. divisjon er no sendt ut av Sunnmøre Fotballkrets. Det skal vere eit terminlistemøte i Gursken neste veke, men det blir sjeldan veldig mange endringar. Hareid 2 har for det meste fått onsdagskampar, men også nokre laurdagsmatchar. Hareid kunne vel neppe fått ein tøffare start på sesongen. Åheim, Flø og Hasundgot står på rekke og rad på motsett ende av banen, og det var akkurat dei tre laga som var dei klart kvassaste i 6. divisjon i fjor. Åheim vann avdelinga ubesigra, og det er nettopp dei Hareid møter onsdag 22. april på heimebane.

Veka før, fredag 17. april, spelar a-laget sin første seriekamp for året heime mot Nordre Borgund, "Norborg". Men før den tid skal Hareid ut i ein cupkvalikkamp mot ein til no ukjent motstandar.

Hareid 2 satsar framover

Etter ein periode med mykje innefotball har no Hareid 2 no kome godt i gang med utetreningane. Måndag møtte heile 15 spelarar opp, 14 menn og ei kvinne. Både John Anders Liaset, Rune Johansen og Roy André Øvrelid har no skrive under for Hareid, og spelarar som Erdal Aydin og Benjamin Reite trente med laget måndag.
   Etter vinterferien satsar Hareid 2 på å få spelt eit par treningskampar. Bergsøy 2 har meldt si interesse, og det kan også bli aktuelt med ein kamp mot Hasundgot.

Mange skadar på a-laget

Hareid har vore uvanleg uheldige med skadar i stallen denne vinteren. Måndag var berre 13 utespelarar på plass på treninga, og av desse var trenar André Skotheim og Bernt Aage Ulstein, som har lagt opp.
   Robert Ulfstein slo opp igjen ein strekk etter Bergsøy-kampen. Andreas Johann Kurseth var sjuk sjølv om han spelte mot BIL, og har framleis influensa. Even Hansrud blir ute i ca. to veker etter smellen mot BIL. Ronny Jørgensen er med på treningane, men er ikkje kampklar. Kim-Tore Husøy er endå lenger unda kampforma. Steffen Lilleås er heller ikkje tilbake i trening. Han braut handa for to veker sidan, og slit i tillegg med leggane.

Bergsøy forsterkar trenarteamet

At Lars Petter Rønnestad skal vere både dagleg leiar og trenar for Bergsøy i år har vore kjent lenge. Men no har Rønnestad endeleg funne sine assistentar. Den eine er ei gammal BIL-kjempe og er Gullik Kjelstadli. Han var også assistent i fjor. I tillegg har Rønnestad leita fram ein gammal kollega av seg; Ronny Osnes. Då Rønnestad var var assistent i Hødd i 07 og halve 08 var Osnes keepertrenar, noko han framleis er og skal vere der. Jobben i BIL blir berre ein tilleggsjobb, men Osnes skal ikkje berre vere keepertrenar i BIL. Han skal også vere meir ein slags vanleg assistent.
  Som vi ser satsar Bergsøy knallhardt i år, og det vil nesten vere litt rart om dei ikkje rykker opp igjen til 3. divisjon.

Ny Hareid-keeper

Ein ny keeper var innom Hareid-treninga måndag, og har fått beskjed om å vere med av og til. Vedkomande er guttekeeperen Bjørn Magnus Andersen. Han er bror til tidlegare Hareid-keeper Thor Erik Andersen og son av eldsjel og dommaren Thor Henning Andersen.

B-treningane denne veka

Hareid 2 trenar ute i dag måndag klokka 20.45 og utover.

Sidan det er CL denne veka blir det trening torsdag i staden for onsdag. Tidspunkt kjem vi tilbake med seinare.

Norborg vart for svake mot Vika

Norborg og Spjelkavik er to av dei laga i 3. divisjon vi er mest spente på i år. Nordre Borgund som dei eigentleg heiter, spelar i 3. divisjon for aller første gong, medan Vika for andre vineteren på rad har bytta ut store delar av stallen med lokale 5. divisjonsspelarar.
  Søndag spelte dei to treningskamp mot kvarandre i Vika, og heimelaget vann 4-2. Ifølgje www.norborg.com/ var oransjetrøyene baktunge og lite gode i angrep, men dei jobba godt. Det er nok eit slikt Norborg-lag vi kjem til å få sjå i 3. divisjon iår, tippar vi. Kanskje ikkje allverda med fantastisk spel, men med innsats så god at dei kan ta poeng frå mange. http://www.norborg.com/ har forresten laga ein såkalla treningskamptabell for 3. divisjonslaga, og endar 3. divisjon slik til slutt skal vi ikkje klage.

Neste treningskamp a-laget

Dersom informasjonen styret sit inne med stemmer, så spelar a-laget sin neste treningskamp mot Spjelkavik 14. mars.

Christian herja i Hødd-debuten

Christian Mork (16) spelte i dag laurdag sin første a-kamp for Hødd etter overgangen frå Hareid. Christian kom inn på 1-0 til Hødd over Brattvåg ein halvtime før slutt, og teikna seg for både scoring (på hovudet), målgivande + at han laga straffe. Imponerande. Vi gratulerer.

OK gjennomkøyring av Hareid

Ingen stor kamp av Hareid, men likevel 2-1-siger mot Bergsøy.

Nemnbare treningskampar på Sunnmøre i helga

Fredag:
Skarbøvik IF - Tornado, i Spjelkavika: 2-1.
SIF sine mål av Marcus Liavaag og Johnny Moltubakk.

Laurdag:
Bergsøy - Hareid, Bergsøy KGB kl. 13.00
1-2. Bendal for BIL, R. Indreflø og R. Ulfstein for HIL.

Hødd - Brattvåg, Bergsøy KGB kl. 15.15
4-0. Magnussen, Edinsen, C. Mork og Lie (straffe).

Søndag:
Spjelkavik - Norborg, i Spjelkavika kl. 14.00

Forhånd.1...330331332333334335336Neste
INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR