19. mars 2024

Om oss

Vår visjon er:

«Stolt av Hareid»- vi kan, vi vil og vi får det til ! Stolt-inkluderande-mestring

Verdigrunnlag:

Hareid IL fotball ønskjer å sikre at alle barn og unge som deltek i våre aktiviteter og

arrangement kan gjere dette innanfor trygge rammer. Vi er opptekne av å utvikle alle i eit trygt og godt fellesskap, ikkje berre som fotballspelarar, men også som menneske. Vi skal bidra til eit trygt og godt oppvekstmiljø. Verdiane våra skal vere forankra i alt arbeid som blir gjort i fotballgruppa , og alle i Hareid IL fotball skal ha kjennskap til og jobbe etter desse verdiane.

For å skape eit godt oppvekst og fotballmiljø i Hareid, ligg stikkorda for dette i eige namn:

• H- haldningar

• A-allsidigheit

• R-respekt

• E-engasjement

• I- inkludere

• D- deltaking Målsetjingar: Overordna mål

Klubbfargar:

Drakt: Raud
Shorts:Blå;
Strømper: Raud
Bortedrakter: Gule eller kvite

2022:

Leiar fotballgruppa:
Kenneth Nicolaisen – fotball@hareidil.no

Sportsleg leiar:

Hareid IL vart starta opp i romjula 1922 (då som Haraeid Turnlag. Organisert fotball kom i gang like etter krigen, og Hareid har hatt lag i serien frå 1946 og fram til i dag. Fotballprestasjonane har variert, men stort sett vore gode sett i ein sunnmørsk målestokk. Det gjeld spesielt frå 70-talet og utover. Frå 1981 til 1990 + 1992 spelte Hareid sitt senior herrelag i noverande 2.-divisjon. Etter den tid har a-laget heldt seg i 3.-divisjon med unntak av to sesongar i 4.-divisjon i 1999 og 2000. Hareid hadde også eit godt damelag på slutten av 80-talet og starten av 90-talet.

Hareid IL Fotball er ein breiddeklubb. Vi har aldersbestemte lag både for gutar og jenter. Vi har også gode treningstilhøve. Hareid stadion er ein tradisjonsrik arena. I 2007 fekk vi også kunstgrasbane, kalla Hareidsmyrane stadion, som avløyste bruken av dei to grusbanene. Om vinteren trenar mange av våre lag i Hareidhallen eller i andre gymsalar i kommunen. I 2020 fekk Hareid IL opp Hadarhallen. Ein hall som blir brukt for det meste av fotballen og friidretten.