20.04. HAREID-SIGER I TYRKIA MOT SVEITSISK LAG

Ingen veit heilt sikkert kva det sveitsiske laget heitte, sjølv om det heitaste tipset går på FC Egg. Det som er heilt sikkert er at Hareid vann 2-1.
20.10. HAREID-SKODJE 2-0: DRAMAET ENDA GODT

Frå det 48. til det 52. speleminuttet var Hareid i 5.-divisjon. Alle dei andre resultata gjekk mot Hareid, medan det framleis stod 0-0 i Hareidsmyrane. Og sjølv om Thor-Ove Brekke fann nettmaskene i det 52. minutt var det spennande heilt til det 89. minuttet. Då dukka Kim-Tore Husøy (i sin aller siste a-kamp) opp og banka inn 2-0. Ikkje berre heldt Hareid plassen, noko som er eit halvt opprykk i seg sjølv. Men Hareid enda heilt oppe på sjetteplass, også forbi LGFK.
14.10. STRANDA-HAREID 1-2: GJORDE JOBBEN, NO STÅR EITT HINDER IGJEN

Dette var ein av mange kampar i år der Hareid har dominert stort både med tanke på spel og sjansar. Forskjellen frå dei andre kampar i år er at Hareid klarte å bikke denne rett veg. Desse tre poenga var heilt nødvendige for at Hareid skal kunne halde seg oppe i 4.-divisjon. Men Hareid må også slå Skodje neste veke om det skal skje.
06.10. HAREID-FK SYKKYLVEN 0-2: SKAL ALDRI MOTGANGEN TA SLUTT?

Igjen leverte Hareid ein ganske bra prestasjon mot eit godt lag. Men Hareid har problem med å få marginane på si side. I dag scora Hareid to mål, men begge vart annullerte.
Dei andre resultata i dag gjekk mot Hareid. Men det er framleis mogleg å halde seg oppe i 4.-divisjon.
29.09. NORBORG-HAREID 2-1: MOTGANGEN HAR INGEN ENDE, SER DET UT SOM
Hareid skapte dobbelt så mange kvalifiserte sjansar som Norborg. Likevel enda det i tap.
22.09. HAREID-GODØY 0-4: HAREID i MOTBAKKE, TAPTE PÅ FYSIKK OG KLØKT
Hareid gjorde enkle og skjebnesvangre feil, medan Godøy viste seg fram som eit fysisk og rutinert lag med som heldt hovuda kalde i viktige situasjonar. Hareid tapte heilt fortent i kveld, sjølv om ein kan påstå at Godøy var effektive.
15.09. EMBLEM - HAREID 2-1: ENDÅ EIT TAP ETTER 1-0-LEIING

For andre veka på rad tapte Hareid 2-1 etter å ha leia 1-0. Men alt i alt spelte Hareid ein heiderleg bortekamp mot gode Emblem.
01.09. LGFK-HAREID 3-6: NYTT LEGENDARISK LOKALOPPGJER

Og denne gongen var det Hareid som kunne juble høgast.
25.08. HAREID - VALDER 2-2: DET KUNNE BLITT ALT MOGLEG

Hareid kunne ha vunne og kunne ha tapt. Derfor var det kanskje greitt med 2-2 på IL Valder sin 60-årsdag, etter at laga var best i kvar sin omgang.
18.08. LANGEVÅG - HAREID 1-0
Ingen frå redaksjonen var på kampen. Men ut frå rapportane tapte Hareid fortent 1-0. I 1. omgang var det ein god Sigve Overå Hide som heldt Hareid inne i kampen. Langevåg kunne fort ha leia både 2-0 og 3-0. Målet dei scora kom forresten på straffe. Utover i 2. omgang fekk Hareid spelet på gli og var i periodar det beste laget. Men det vart ikkje skapte særleg. Og alt i alt var det fortent at Hareid tapte.
Laget: Sigve Overå Hide - Joachim Røyset, Lars Roar Holstad, Simon Holstad Grimstad, Ben Buntu - Håvard Mork Breivik, Alexander Nevstad, Torgeir Skeide (K) - Runar Stranden, Thor-Ove Brekke, Robin Jackson Indreflø + Kim-Tore Husøy, Eiliv-Tore Howlid, Jon André Skarshaug, Håvard Knudsen Bjåstad, Gustav Bjørlykke Kløvning.
*** Hide, ** Husøy, * Holstad
Andre resultat: Ørsta - SIF 0-0, Emblem - Skodje 4-1, Valder - LGFK 4-0, Norborg - FKS 2-3, Godøy - Stranda 1-0.
11.08. HAREID - SIF 2-4: FORTENT TAP I HAUSTOPNINGA

Også Hareid hadde sine sjansar og sine gode periodar. Men alt i alt vann eit godt SIF-lag fortent 4-2 i første haustrunde.
04.08. FERIEFOTBALL: HAREID - ÅRAM/VANKAM 3-3 (1-2)

Hareid stilte eit ferieprega lag i ein ferieprega treningskamp mot ÅVK. Lenge låg det an til at comeback-kid Kim-Tore Husøy skulle bli matchvinnar. Men i overtida hadde ÅVK fort sikra seg sigeren - om det ikkje hadde vore for at dei måtte rekke ei ferje.
25.06. SKODJE - HAREID 2-6: SETTE STREK FOR TUNG PERIODE MED MÅLKALAS

Hareid si form har vore negativ utover i juni. Men vårsesongen vart avslutta på best mogleg vis. Hareid vann 6-2 borte mot Skodje, sjølv med ti mann på bana i andre halvdel av andre omgang.
16.06. HAREID-STRANDA 0-2: MOTGANGEN HELD FRAM

Etter ein slik kamp sit vi igjen med ei kjensle av at Hareid enda opp med tre poeng enn færre enn fortent. Men slik er det ofte for lag i motgang.
09.06. DET MESTE GJEKK GALE I VELLEDALEN: TAP 5-1 FOR HAREID
Hareid tapte 5-1 borte mot FK Sykkylven torsdag. Til pause leia FKS 2-0. Alle måla deira kom på dødball. Thor-Ove Brekke reduserte til 5-1 i det 74. minutt. På stillinga 3-0 etter 53 minutt fekk stopparen Simon Holstad Grimstad raudt kort.
Hareid stilte med dette laget: Sigve Overå Hide - Hiwa Alipoor, Lars Roar Holstad, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna - Ruben-Kenneth Brandal, Håvard Mork Breivik, Alexander Nevstad - Runar Stranden, Thor-Ove Brekke, Håvard Øvrelid + Gustav Bjørlykke Kløvning, Jon André Skarshaug, Ola Kalvø Vattøy, Ole André Kragset, Eiliv-Tore Howlid.
PS. Nevstad, Holstad og Brekke fekk gule kort.
Andre resultat: Norborg - Ørsta 1-1, Godøy - Emblem 4-2, Skodje - Langevåg 0-8, Stranda - Valder 1-2.
02.06. HAREID - NORBORG 0-1: MEDGANGSBØLGJA STOPPA

Og det kan Hareid takke seg sjølve for. Dagens prestasjon var rett og slett for slapp og uinspirert. Eit Norborg-lag som heller ikkje var allverda vann likevel fortent.
26.05. GODØY - HAREID 1-3: TRE HELDIGE MÅL GAV TRE HERLEGE POENG

Hareid-flyten held fram. Dette var ei god blanding av ein slitesiger og ein noko heldig triumf.
19.05. HAREID - EMBLEM 4-0: HAREID OVERRASKAR BÅDE SEG SJØLVE OG ANDRE

Med formsterke Ruben-Kenneth Brandal i spissen tok Hareid ein ny krutsterk siger i 4.-divisjon.
12.05. ØRSTA-HAREID 0-2: KAN VI SPELE BORTE KVAR RUNDE?

For tredje gong på tre forsøk vann Hareid borte i årets 4.-divisjon. Sjølve prestasjonen var ganske ujamn, men den var god nok til å slå Ørsta med grei margin. Runar Stranden og Ruben-Kennet Brandal scora Hareid sine mål.
05.05. HAREID - LGFK 2-2: DRAMATISK AVSLUTNING GAV TO TAPTE POENG

Dei nesten 300 tilskodarane fekk sjå eit dramatisk lokaloppgjer. Men det som lenge såg ut til å gi siger til Hareid vart til eitt poeng etter nokre dramatiske avslutningsminutt.
1234...9Neste |