hareid_il_logo_135.png

13.08. hareid - valder 3 - 1: god start på haustsesongen
Målscorarane: Georg Eikrem Olsen (til venstre), Håvard Øvrelid og Runar Stranden scora for Hareid mot Valder og sørga for årets andre siger på heimebane og at heimelaget starta haustsesongen med tre poeng

Hareid sit a-lag opna haustsesongen med ein 3-1-siger heime mot Valder torsdag kveld. Georg Eikrem Olsen, Runar Stranden og Håvard Øvrelid scora for Hareid. Glen Ørjan Johannessen stod bak scoringa til gjestene heilt på tampen av kampen.

06.08. GENERALPRØVE FOR A-LAGET: 4-1-TAP HEIME MOT EMBLEM

Sjølv om Hareid glimta til i periodar vart det totalt sett ein rotete kamp mot Emblem torsdag kveld. Det positive var at fleire unge spelarar fekk sjansen.

25.06. Larsnes/Gursken - hareid 0-2: fortent og etterlengta siger
Hareid avslutta vårsesongen med ein flott 2-0-siger borte mot Larsnes/Gursken torsdag kveld. På biletet ser vi målscorarane Georg Eikrem Olsen (t.v.) og Runar Stranden.
Hareid avslutta vårsesongen med ein flott 2-0-siger borte mot Larsnes/Gursken torsdag kveld. På biletet ser vi målscorarane Georg Eikrem Olsen (t.v.) og Runar Stranden.

Hareid avslutta vårsesongen med ein velfortent 2-0-siger borte mot Larsnes/Gursken torsdag kveld. Georg Eikrem Olsen og Runar Stranden scora kvart sitt mål for bortelaget.

18.06. hareid - godøy 2-4: nytt heimetap
Tre tap: Torgeir Skeide (på biletet) og Hareid spelte ein jamn og god kamp, men det enda til slutt med eit nytt heimetap. Skeide har vore uheldig og bør vente minst ei veke til på sin første siger i Hareid-trøya.

Hareid tapte 4-2 mot Godøy på Hareid stadion då Giske-laget kom på besøk. Måla til Hareid kom ved eit sjølvmål av Svein Arve Alnes og Georg Eikrem Olsen. Svein Arve Alnes (2) og Trond Edvard Brynestad (2) scora for gjestene.

11.06. emblem - hareid 3-2: greitt forsøk - ikkje godt nok
Ulrik Wingsternes (på biletet) reduserte til 3-2 fem minutt på overtid, men det hjalp ikkje noko.
Ulrik Wingsternes (på biletet) reduserte til 3-2 fem minutt på overtid, men det hjalp ikkje noko.

Hareid hadde sjue poeng på tre bortekampar hittil i år, og hadde med andre ikkje tapt på heimebane i serien i år. Men det gjorde dei torsdag kveld mot Emblem. 3-2 vart sluttresultatet. Georg Eikrem Olsen og Ulrik var målscorarar for Hareid, medan Steven Fellows, Bjørnar Johansen og Marcus Steffensen scora for heimelaget.

04.06. hareid - ørsta 1-2: øye avgjorde med seint mål
Simon Holstad Grimstad utlikna til 1-1 med eit fint mål, men det hjalp desverre lite - til slutt.
Simon Holstad Grimstad utlikna til 1-1 med eit fint mål, men det hjalp desverre lite - til slutt.

I ein ganske jamn kamp var det Ørsta som stakk av med alle poenga etter dommar Jan Helge Lund bles av kampen. Jan Marius Brekke og Terje Haugen Øye scora for Hareid, medan Simon Holstad Grimstad var Hareid sin målscorar.

28.05. VIGRA - HAREID 1-7: ROTA DET IKKJE TIL

Slik skal det feirast: Thor-Ove "Thoro" Brekke med saltofeiring etter 0-1-målet. Terningkast på målet: 5. Terningkast på feiringa: 4 (ut frå det strenge turn-reglementet).
Slik skal det feirast: Thor-Ove "Thoro" Brekke med saltofeiring etter 0-1-målet. Terningkast på målet: 5. Terningkast på feiringa: 4 (ut frå det strenge turn-reglementet).

Hareid held fram i den gode bortebane-tralten og vann med store siffer på Rota stadion, Vigra, i kveld. Georg Eikrem Olsen vart den store helten med to mål og to målgjevande. Men dette var ein lagsiger der alle bidrog på beste måte.

21.05. Hareid - FK Sykkylven 3-1: Årets første heimesiger!
JUBEL: Endelig kunne Hareid juble for ein heimesiger. Her jublar dei etter 2-0-målet som kom ved Thor-Ove Brekke.
JUBEL: Endelig kunne Hareid juble for ein heimesiger. Her jublar dei etter 2-0-målet som kom ved Thor-Ove Brekke.

Torsdag kveld tok Hareid årets første heimesiger då laget slo FK Sykkylven 3-1. Måla til Hareid kom frå Thor-Ove Brekke, Alexander Nevstad og eit sjølvmål.

14.05. TEKNISKE PROBLEM - DEL 2: HAREID - LANGEVÅG 0-5
dscf3472.jpg

Før i dag skreiv vi om tekniske problem her på Hareid-sida. Det same kan vi eigentleg også seie om dagens Hareid-prestasjon. Og det var ikkje berre tekniske problem. Hareid hadde også store problem med strukturen. Langevåg vann til slutt heile 5-0. Og keeper Vagn Scheide Mork vart kåra til heimelagets beste problem. Heime-mareritten held fram.

07.05. JON HISTORISK x 2: NORBORG - HAREID 1-1

Historiske Thue saman med assisterande oppmann Anders Hjelle Øiestad etter kampen.
Historiske Thue saman med assisterande oppmann Anders Hjelle Øiestad etter kampen.

Hareid slo tilbake etter den skuffande kampen mot Vartdal. Ei scoring av Jon André Thue gav utlikning og eitt poeng i Uggedalen. Og kvifor vart Thue historisk?

01.05. Hareid - vartdal: 4-5 raudt kort øydela kvelden
Jubel 3-1: Hareid jubla heile fire gongar, men tapte til slutt.
Jubel 3-1: Hareid jubla heile fire gongar, men tapte til slutt.

Torsdag kveld hadde Hareid gode sjansar til å ta årets første heimesiger, men eit raudt kort til Hareid på stillinga 4-3 øydela kvelden for heimelaget.

23.04. hareid - rollon 0-3: fortent og svak kamp av hareid
Heimelagets beste: Joar Møller vart kåra til heimelagets beste spelar av ein lokal anonymjury.
Heimelagets beste: Joar Møller vart kåra til heimelagets beste spelar av ein lokal anonymjury.

Hareid spelte sin første heimekamp torsdag kveld, og det enda med eit 3-0-tap. Stillinga til pause var 0-0, etter kvilen scora Kristian Engelstad to før kaptein Jonas Nordal scora dagens siste mål ti minutt før slutt.

16.04. Valder - Hareid 1-5: God opning på serien
e1t_7862_1_.jpg

Mange trudde Hareid skulle få det tøffare i seriopninga borte mot Valder, torsdag kveld. Men det vart det ikkje. Etter sjansjesløseri i første omgangen, var Hareid effektive og utnytta feila Valder gjorde i andre omgangen godt og vann til slutt 1-5.

09.04. SVAK GENERALPRØVE AV HAREID A

For tredje gong på tre år tapte Hareid borte mot Skodje. Forskjellen i år var at Hareid spelar éin divisjon over Hareid og burde ha vist seg frå ei betre side. Skodje vann 3-2, og det var for så vidt fortent nok.

28.03. hareid - stryn 1-1: god kamp mot god motstand
e1t_7392_1_.jpg

Laurdag middag spelte Hareid sin nest siste treningskamp heime mot 3.-divisjonslaget Stryn. Kampen enda 1-1, Runar Stranden vart målscorar for vertane.

23.03. hareid - telavåg 2-0: monsen fortsatt utan tap

Stig Monsen sitt mannskap spelte einaste kampen på årets treningsleir måndag ettermiddag mot 4.-divisjonslaget Telavåg frå Hordaland. Fredrik Andresen og eit sjølvmål sørga for ein 2-0-siger for Hareid.

16.03. HAREID - ØRSTA 3-2

Hareid vann 3-2 mot Ørsta etter ein ujamn prestasjon av begge lag.

12.03. LGFK - HAREID 1-4: MYKJE BRA OG EIN DEL SVAKT

Hareid såg ut til å ha kome lengre med sesongførebuingane enn Larsnes/Gursken FK. I periodar viste Hareid fram mykje bra spel, og eit par av måla var det verkeleg klasse over.

05.03. HAREID - ROLLON 4-3
Historisk: Simon Holstad Grimstad og onkel Lars Roar Holstad samtidig på bana for Hareid a-lag. Lars Roar spelte sist a-kamp i 2007, men det var berre éin kamp. Før det må vi tilbake til 2005 for å finne sist Lars Roar var fast på a-laget.

02.03. Volda - hareid 0-0: godkjent kamp
Fredrik Andresen ser ut til å bli satsa på som spiss i år. Foto: Voldasupporter
Fredrik Andresen ser ut til å bli satsa på som spiss i år. Foto: Voldasupporter

Hareid spelte sin første treningskamp mot eit lag frå årets 3.-divisjon torsdag kveld. Verken Volda eller Hareid klarte å score, dermed enda kampen 0-0.

Forhånd.123456...9Neste
INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR