Skriv ut

28.11. GODE PRESTASJONAR I "FUTSAL-CUP"

Grunna tekniske problem fekk vi dessverre ikkje oppdatert Hareid-sida i helga. Men kort oppsummert:
* SMG13 gjekk vidare frå både gruppespelet og mellomspelet i futsal-cup, men rauk til slutt ut mot Hødd i kvartfinalen (3-2-tap). Uansett godt jobba av det unge Hareid-laget.
* G16 derimot slo Hødd 1 i kvartfinalen, etter å ha tatt seg greitt vidare frå både gruppspelet og mellomspelet. I semifinalen vart det derimot 3-2-tap mot Ørskog/Stordal. Uansett ei god turnering av Hareid-karane. 
* Tre Hareid-lag har forresten nådd semifinalen i futsal-cup i haust. Ikkje verst. (Det blir ikkje spelt bronsefinalar i desse turneringane.)
* Hareid arrangerte i helga futsal-kampar i G11-klassen.
** Les meir om alt dette på Hareid IL sin facebook-profil.