hareid_il_logo_135.png









 

01.05. HAREID-KAMPAR I UNGDOMS- OG SENIORFOTBALLEN I VEKA SOM KJEM

Hareid og LGFK møtest til 4.-divisjonskamp på Hareid torsdag. Her frå ein kamp mellom laga før seriestart.
Hareid og LGFK møtest til 4.-divisjonskamp på Hareid torsdag. Her frå ein kamp mellom laga før seriestart.

* Måndag spelar Hareid 2 borte mot Gjersvika. Storøyra gras er alltid ein frykta arena, og spesielt på denne tida av året. Hareid har ikkje trena skikkeleg på gras i år, og stiller med eit lite handicap slik sett. Men Hareid viste i periodar av serieopninga mot Sæbø (tap 2-3) at laget har noko føre seg, så Gjerdsvika vil mest truleg ikkje få nokon walk over-kamp her.

* Måndag spelar også SMG14 sjuar bortekamp mot Gursken/Gjerdsvika. Hareid opna denne serien med siger mot Hødd 12. april. 

* Tysdag spelar damelaget bortekamp mot Larsnes. Hareid opna med eit knapt heimetap mot Vartdal sist veke.

* Onsdag spelar SMJ14 sjuar 1.-divisjon (Hareid raud) heimekamp mot Spjelkavik. Hareid har opna med to storsigrar i denne divisjonen.

* Same dag spelar SMG13 niar heimekamp mot Herd. I denne serien har Hareid slått Spjelkavik, men tapt stort både mot Bergsøy og Ellingsøy. 

* Torsdag (som er raud dag) spelar Hareid SMJ14 sjuar (2.-divisjon) bortekamp mot Skodje 2. Hareid har i denne serien tidlegare slå¨tt HaNO 6-1 heime.

* Hareid G16 sjuar spelar torsdag lokalderby mot Hjørungavåg - på Jomsvoll. I denne serien har det så langt blitt scora mange mål både her og der. Hareid har slått VanKam 12-1 heime, medan Hjørungavåg har tapt stort borte mot Vartdal.

* A-laget tek torsdag klokka 18.30 imot Larsnes/Gursken FK til eit durableg Ytre Søre-derby. Hareid har så langt seks poeng av ni moglege, LGFK har full pott. Vi kjem sikkert tilbake med ei eiga sak om denne kampen på førehand. Men set av dagen og klokkeslettet allereie no.

* Fredag tek Hareid G16 11-ar turen til Volda. Hareid har så langt spelt to kampar i 1.-divisjon. Først bortesiger mot Standa, deretter 2-1-tap heime mot Herd fredag som var. August Brandal scora Hareid sitt mål den kampen. 

** Vi ønskjer alle laga lykke til. Hugs å sende inn tekst og biletet til hareidsida@gmail.com (eller legg inn sjølve, dei som har tilgang til det). 

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR