hareid_il_logo_135.png









 

21.04. HAREID SMG13 9-AR SLO TILBAKE

Etter eit stortap mot Bergsøy sist veke slo Hareid tilbake og slo Spjelkavik i går. Les referatet.

Kampfakta
G13. 9-ar. 1.-divisjon, runde 2
Hareid – Spjelkavik 5-3 (2-3)
Hareidsmyrane KGB
Tilskodarar: 30
Dommar: Johan Liaset, Hjørungavåg
Mål: 0-1 (9), 0-2 (25), 1-2 Nikolas (27), 1-3 (31), 2-3 Stian (33), 3-3 Christian (40), 4-3 Christian (43), 5-3 Christian (68)
Hareid (4-3-1): Jena Thas(Keeper), Benjamin Riise, Casper Vatnehol (Kaptein), Nikolas Brandal, Sondre Holstad, Stian Holstad, Johannes Knardal, Filip Andreas Moldskred, Christian Mork Breivik.
Innbyttarar: Pravin Selva, Sondre Østrem, Nikolai Pedersen Rise, Julian Varhaug.

Hareid G13 – 9-ar, 1.div. Sunnmøre, spelte i går første heimekamp på Hareidsmyrane kunstgras mot Spjelkavik i ein framskynda kamp, som eigentleg var oppsatt på Hareid Stadion gras, som ikkje er klar for spel endå.

Laget vi skulle møte denne gangen, passa nok litt betre til vår spelestil, og ikkje så mykje fysikk som i kampen mot Bergsøy.

Kampen starta litt roleg, der begge lag fekk trille litt ball og føle seg litt fram på kvarandre. Etter 9 minutt glepp det i våre bakre rekker, og Spjelkavik skorar. Det går så ei lang stund, der spelet bølgar fram og tilbake, før vår motstandar skorar nok eit mål, der vi ikkje er godt nok organisert i forsvar. Rett etter dette målet, kjem vi igjennom på eit flott angrep, og Nikolas set ballen i mål med ei flott avslutning frå vel 15 meter. Spjelkavik legg så på til 3-1, før Stian rett før pause er på rett stad til rett tid, og set inn redusering til 2-3. Ikkje lenge etter bles kampens dommar Johan Liaset av for pause.

I pausa vart vi samde om å fokusere på forsvarsarbeidet, og jobbe meir samla som lag, då det vart litt mykje rot med plasseringa vår på bana i den første omgangen. Som i mange kampar før, spelte vi betre i 2. omgang. Kampen passerte 40 minutt då Christian vart fint frispelt og utlikna til 3-3. Rett etter kjempa same spelar inn 4-3. Det vart mykje kjemping utover i omgangen. Spelet bølga mykje, og ein må vel seie at vi vart tidvis godt trykte bakover på bana. Men vi sto imot, og nokre få minutt før slutt fekk Christian nok ei flott pasning i mellomrom, som han sikkert trilla under keeper og i mål. Rett etter fekk Spjelkavik straffe, som Sondre flott redda. Etter dette ebba kampen ut, og Hareidsgutane hadde teke sine første poeng denne sesongen. Godt jobba av alle saman. Intensiteten i kampane framover i denne divisjonen vil nok vere høgare enn det vi er vande med frå før, men vi ser at stadig nye spelarar melder seg på og veks på nye utfordringar.

Stor takk også til lagleiarar og Fair Play-vertane, som tidvis hadde si svare hyre med å roe ned ivrige foreldre frå bortelaget. Fair Play er hovudsatsingsområdet til fotballen på Hareid i år, så vi håper at alle som er på kamp skal føle at det er kjekt, og at alle brukar sunn fornuft når ein støttar laget sitt.

Ny kamp borte neste torsdag 28.April kl.18.30 på Nes Stadion kunstgras (Ellingsøya).

Ref. SiB

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR