hareid_il_logo_135.png









 

22.11. FUTSAL-KM: G14 til a-sluttspelet

* G14 tok sju poeng av ni moglege og vann si gruppe. Dermed blir det a-sluttspel på nyåret. William Valde Bigset scora fire av lagets sju mål.
* J16 vann to av fire kampar og vart nummer tre i si gruppe. Kor vidt det er godt nok til å nå a-sluttspelet blir avgjort etter at alle gruppene er ferdige i morgon, trur vi. Therese Holstad scora seks mål i dag, fleste av alle i hallen etter første dag.

05.09. Storsiger til G13 9-ar i 1.-divisjon

31.07. Hareid-kampane torsdag (dag 5): G16 II til semifinale!!

* J14: Etter ein jamn kamp tapte J14 Hareid 3-2 mot Øyer /Tretten skravlehønene i  1/8-dels finalen i dag på Valle Hovin. Flotte mål av Jenny Holstad og Kethleen Alstadsæter.
* G16 (II): Vann 2-1 på sudden death mot Ivansiuc Cluj FS. Mål av Simon Holstad Grimstad.
* G16 (I): Tapte 3-1 mot Hessa/SIF.
* G14: Tapte 4-2 mot TuS Felde. Begge måla av William Valde Bigset. Det stod 2-2 ei stund, men TuS Felde vann den jamne kampen.
* G13: Vann 6-5 mot Løvenstad. Les meir her.
Kvartfinalane:
* G13: Tapte 5-0 mot Neset. Hareid verka noko trøytte, men har uansett levert ei kjempegod turnering.
* G16: Vann 4-2 mot Arsenal. Les meir her.

30.07. Norway Cup: Tid, stad og motstandarar for Hareid-laga torsdag

* G16 I: Møter Hessa/SIF på Bjølsen klokka 09.00 (b-sluttspel 1/8-finale).
* G16 II: Møter Ivansiuc Cluj FS frå Romania klokka 12.55 på Abildsø (a-sluttspel 1/8-finale).
* G13: Møter Løvenstad på Ekeberg E19 klokka 13.50 (a-sluttspel 1/8-finale).
* J14: Møter XXX klokka 09.55 på Valle Hovin (b-sluttspel 1/8-finale).
* G14: Møter TuS-Felde klokka 10.50 på Ekeberg E12 (a-sluttspel 1/8-finale).

30.07. Norway Cup dag 4 (onsdag)

* G13: Vann 4-0 mot Hjelset-Kleive. Les alt om kampen på vikebladet.no. Hareid møter Løvenstad i 1/16-finalen.
* G16 (I): Vann 3-1 mot Røldal. Stillinga til pause var 3-0. Kristen Haddal Røssevoll (2) og Jacob Almli scora for Hareid. Sjå bilete.
* G16 (II): Vann 10-0 mot Skjervøy. Måla vart scora av Håvard Øvrelid (4), Simon Holstad Grimstad (3), Isak Kristoffersen, Olav Håberg Dimmen og Andreas Rise.
*J16: Tapte 1-0 mot Stordal etter ekstraomgangar.
* J14: Vann 2-1 mot Nordstrand. Gry skriv: "Hareidsjentene slo Nordstrand med stil i dag. Olea Flø Larsen skora to flotte mål, begge i 2. omgang. Nordstrand reduserte til 1-2 i siste speleminutta."
* G14: Vann 3-1 mot Fjellhamar etter mål av William Valde Bigset, Nils og Adrian Røren.

29.07. Norway Cup-kampane onsdag

* J14: Spelar 1/16-finale i b-sluttspelet på Ekeberg klokka 20.15. Mostandar ikkje klar.
* J16: Spelar 1/16-finale i a-sluttspelet på Bjølsen klokka 18.25. Motstandar ikkje klar.
* G14: Spelar 1/16-finale i a-sluttspelet på Abildsø klokka 19.20. Mostandar ikkje klar.
* G13: Spelar 1/16-finale i a-sluttspelet på Ekeberg klokka 10.50. Motstandar er Hjelset-Kleive.
* G16 (II): Spelar 1/16-finale i a-sluttspelet på Ekeberg klokka 17.30. Motstandar ikkje klar.
* G16 (I): Spelar 1/16-finale i b-sluttspelet på Ekeberg klokka 14.45. Motstandar er Røldal IL.

29.07. Norway Cup-resultat dag 3 (tysdag)

* J16: Hareid - Jølster-Samba 1-0. Mål av Runa Mork Røyset. Dermed tre av tre sigrar for J16 og gruppesiger. Men dette var ein heller svak kamp av hareidsjentene, som lovar å kome sterkare tilbake i morgon.
* G16 (I): Først vann dei 6-1 mot Bogenhausen. Måla kom ved Jacob Almli (2), John Henrik Kvalsund (2), Kristen Haddal Røssevoll og Nathaniel Eiksund Brekke. Om ettermiddagen venta lagets tredje kamp på under eitt døgn. Hareid spelte ein god 1. omgang og leia 2-0 etter to mål av Kristen. Men 2. omgangen vart blytung. Gjøvik-Lyn scora tre mål, og dei kunne fort ha scora endå fleire. Men med 3-2-tap blir det b-sluttspel på dette Hareid-laget.
* G16 (II): Hareid - Dyre Vaa/Vinje 5-1
* G14: Vann 3-2 mot Gimse United etter to mål av William Valde Bigset og eitt av Jeitan. Dermed til a-sluttspelet som gruppevinnarar.
* J14: Tapte 5-0 mot Strømmen. Dermed blir det b-sluttspel på dette laget. Kjapt ref.: "Strømmen var på hugget frå første minutt og sikra 0-5 til pause. Hareidsjentene spelte ein god 2. omgang, men klarte ikkje å redusere."
* G13: Vann heile 15-4 mot Furuset. Dermed suverene gruppevinnarar.

28.07. Hareid-kampane dag 3 (tysdag)

* G16, Hareid 1: Møter Bogenhausen klokka 09.55 på Ekeberg E16. Deretter møter dei Gjøvik-Lyn på Abildsø klokka 16.35. Hareid 1 står med null poeng, men det er seks nye poeng å kjempe om tysdag.
* G16, Hareid 2: Møter Dyre vaa/Vinje klokka 14.45 på Bjølsen. Begge laga er vidare til a-sluttspelet, sidan det berre er tre lag i gruppa og begge har slått Fjellhamar. Men Dyre vaa/Vinje har betre målforskjell. Så Hareid må ha tre poeng for å vinne gruppa.
* J14: Hareid møter Strømmen klokka 17.30 på Ekeberg E15. Hareid må vinne for å gå vidare til a-sluttspelet (med mindre dei spelar uavgjort og Vard samtidig slår Hamna, men ut frå resultata så langt er det lite sannsynleg).
* G14: Hareid er vidare til a-sluttspelet. Morgondagens kamp mot Gimse United (17.30 på Valle Hovin) avgjer kven som vinn gruppa. Hareid klarer seg med uavgjort. 
* G13: Hareid møter Furuset Blå på Furuset klokka 11.45. I skrivande stund (21.19) er ikkje resultat mellom Furuset Blå og Torvastad kome inn enno. Men Hareid er med 99 % sikkerheit vidare til a-sluttspelet. Med siger mot Furuset Blå blir det heilt sikkert gruppesiger.
* J16: Sjansen for at Hareid ikkje går til a-sluttspelet som gruppevinnar er så liten at vi ikkje skal gå vidare inn på det her. Uansett: Hareid møter Jølster-Samba på Bjølsen klokka 09.00.
** Hugs at vi oppdaterer fleire av kampane på vår facebook-profil.

28.07. Norway Cup-resultat dag 2 (måndag): Ny dag med 4 av 5 sigrar

* G13: Vann 5-0 mot Eidanger II. Les meir her.
* G14: Vann 5-0 mot Sogndal. Les meir her.
* G16: Hareid I tapte knapt 1-0 mot Rosendal. Stillinga til pause var 0-0. Kampen kunne ha bikka vegge vegar, men fem minutt før slutt avgjorde Rosendal. Uansett godt kjempa av Hareid 1, som spelte sin første kamp i turneringa. 
* J14: Hareid - Vard 4-2. Ref.: "Jentene frå Hareid spelte ein strålande kamp i dag på Valle Hovin i nærmare 30 varmegrader. Jenny Holstad smelte inn første målet for Hareid på eit frispark frå midtbana. 1-0 til til Hareid til pause. Kethleen Alstadsæter hadde mange flotte angrep og sørga for 2-0 til Hareid. Vard skora på langskudd 2-1. Jenny Holstad sikra Hareid sitt 3. mål. Vard sørga for nok eit mål og det stod 3-2, før Jenny Holstad skora siste målet for Hareid. Hareidsjentene hadde kjempegodt lagspel og høgt tempo heile kampen. Gratulerer til dei dyktige jentene!"
* J16: Hareid - Ibenstad 4-1. Mål ved Lone B. Gjerde 2, Runa M. Røyset og Sofie B. Mork. Ein ny god kamp av Hareid-jentene.

27.07. Norway Cup-resultat dag 1 (søndag)

* G16: Hareid II - Fjellhamar 3-1. Mål: Håvard Øvrelid (2) og Simon Holstad Grimstad. Dessverre fekk Håvard Øvrelid raudt kort.
* G13: Hareid - Torvastad 3-1. Mål: August Brandal (2) og Andreas Nesset.
* J16: Hareid - Jevnakerjentene 26-0. Mål: Therese Holstad (8), Runa M. Røyset (6), Solveig Engen (3), Martine Rafteseth (3), Oda H. Djupvik (3), Sofie B. Mork, Silje Coughlan, Sofie Ringstad.
* G14: Hareid - Bardu 6-3. Mål av William Valde Bigset (4) og Martinus Almli (2). 
* J14: Hareid - Hamna Blå 2-3. Det vart ein utruleg spennande kamp mellom Hareid J14 og Tromsølaget Hamna blå på Valle Hovin i dag. Jenny Holstad skora kampen sitt første mål. Hamna Blå utlikna og det stod 1-1 til pause. I andre omgang gjekk Hamna blå i leiinga med 3-1. Hareidsjentene vakna og Gaaya Sivapalan lobba nydeleg i mål for Hareid. Siste 10 minutta var det høgt trykk og Hareid-jentene hadde mange gode angrep.

29.06. Kjempegod vårsesong av ungdomslaga til Hareid IL
Hareid SMG enda på andreplass i 1.-divisjon i vår. Dessutan vann dei Selje-cup.
Hareid SMG enda på andreplass i 1.-divisjon i vår. Dessutan vann dei Selje-cup.

Det er vanskeleg å samanlikna sesongar med kvarandre når det er fleire lag inne i biletet, men vi tør påstå at vårsemesteret 2014 er det beste ungdomslaga til Hareid IL har hatt sidan "gullalderen" i åra 2004-2008. Vi går gjennom vårsesongen for ungdomslaga her:

15.06. Selje-cup: Gull til Hareid G13, bronse til G14
Gull-laget.
Gull-laget.

* Hareid G13 slo MSIL i kvartfinalen og Ørsta i semifinalen. I finalen venta Tornado Måløy FK. Den vann Hareid heile 7-0 etter mål av August Brandal (4), Håvard Breivik, Bendik Engen og Kim A. Alvestad.
* Hareid G14 tapte semifinalen på loddtrekning mot Åheim etter 1-1 ved full tid. Men bronsefinalen mot Hordabø vann dei 4-3 etter mål av William Valde Bigset (3) og Adrian Røren.
Vi gratulerer!

11.06. G14 9-ar: Hareid banka AaFK

Dårleg start gav skikkeleg ketchupeffekt då Hareid sitt G14-lag sende AaFK heim med solid tap.

29.04. Hareid-kampar onsdag

* Damelaget tapte 8-5 borte mot Hødd i seriepremieren. Med andre ord god framgang for eit Hareid-lag som i fjor haust tapte med ca. 20 mål mot Hødd. For Hareid scora Victoria Røren (2), Anette Ulvestad, Therese Holstad og Kristin Marø.
* Smågutelaget (G14 9-ar) vann 14-3 heime mot Skodje. For Hareid scora William Valde Bigset (8), Martinus Almli (2), Filip Varhaug, John Arne Apelseth, Håvard Mork Breivik og ein motspelar.
* Sjuarlaget Hjørungavåg2/Hareid3 tapte heile 14-0 heime mot Emblem etter ein grusom 1. omgang (0-11). 2. omgang vart ein del betre. Innsatsen tok seg opp, samtidig som det vart gjort nokre suksessfulle rokeringar (keeper Jonas Pedersen gjekk ut som stoppar, dommar Richard Martin Hunstad inn som keeper - og tilskodar Einar Orten Trovåg vart dommar).
* SMJ13 (sjuar) vann 3-2 borte mot Hasundgot Hareidsjentene spelte godt, og hadde dei fleste sjansane mot eit løpssterkt Hasundgot lag. Shaajena Jeyntas, Renate Wist og Oda Katai Dypvik skora for Hareid.

PS. Vi kan også nemne at ÅVK og Kevin Aarvik Hestholm vann 4-3 borte mot Sunnylven/Stranda2 i 5.-divisjon. Det går rykte om at S/S bomma på to straffer.
PS 2. I 3.-divisjon avdeling 8 vann Stryn 1-0 mot Aalesund II tysdag. Måndag spelte Hødd II 2-2 mot Tertnes i Bergen, Bergsøy vann 3-2 mot Norborg i Uggedalen, medan Sogndal II vann 3-2 borte mot Tornado Måløy FK.

07.04. Tap i andre kamp i Adidas-cup

Hareid SMG spelte sin andre kamp i Adidas-cup (uoffisielt NM) søndag. Då tapte dei 4-0 borte mot Aalesund. Dermed blir det vanskeleg å nå utslagsrunden. I første runde tapte Hareid nemleg 6-1 heime mot sterke Molde. I tredje og siste gruppespelkamp spelar Hareid borte mot Træff 26. april.

30.03. SMG Adidas-cup: Hareid - Molde 1-6

Hareid opna kampen famlande og låg tidleg under med tre mål. Eitt av dei kom på straffe. 0-3 heldt seg inn til pause. Hareid kom meir med etter kvilen, men Molde scora nye tre mål. Filip Varhaug reduserte for Hareid. Trass i det klare tapet var dette ei god erfaring for unge Hareid-karar mot eit godt og meir fysisk Molde-lag.

29.03. Hareid SMG14 møter Molde søndag klokka 13.00 (hugs sommartida)

Hareid deltek denne sesongen i Adidas-cup, som er eit uoffisielt NM for 13- og 14-årslag. I den innleiande gruppa skal Hareid møte Molde, Aalesund og Træff - og i morgon er altså Molde motstandar på Hareidsmyrane stadion. Hareid skal seinare møte Aalesund 6. april og Træff 26. april. Begge kampane går borte.

26.02. Avdelingsoppsett for ungdomsfotballen

Sjå oppsettet her.

26.01. Futsal-KM G13 a-sluttspelet: Historisk dag for Hareid IL
Heile bunten.
Heile bunten.

Vi har medaljar i alle valørar frå inne-KM tidlegare, men vi kan aldri hugse at vi har hatt to lag blant dei fire beste i same klasse. Før i dag. Hareid 1 vann sin mellomspelgruppe, medan Hareid mix gjekk vidare som ein av dei beste toarane.

19.01. Futsal: Hareid G14 enda på fjerdeplass

Hareid tok sju poeng i gruppespelet i dagens a-sluttspel, før dei slo FK Sykkylven greitt 4-0 i kvartfinalen. Semifinalen mot Langevåg vart ein skuffelse, der Hareid tidleg fekk ein spelar utvist - truleg feilaktig. Langevåg vann 3-0. I bronsefinalen tapte Hareid 3-2 mot eitt av Hødd-laga og måtte dermed ta til takke med den sure fjerdeplassen. Uansett flott innsats av Hareid sine 99-modellar, som i fjor både tok sølv i futsal-KM og bronse i Norway Cup.

Forhånd.123456...9Neste
INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR