hareid_il_logo_135.png









 

23.11. KM: 13-årsgutane vidare x 2, jentelaga til b-sluttspel

* Hareid G13 (I) vann alle sine kampar fredag kveld (mot Blindheim svart, Sykkylven rød og Volda 4) og gjekk dermed til topps i si gruppe. Målscoren deira vart 14-2. William Valde Bigset scora ti mål og er framleis toppscorar i turneringa framfor den siste dagen med puljespel (søndag). 
* Hareid G13 MIX (12-åringane) vann også alle sine kampar laurdag (mot Stranda rød, Langevåg 1, Sykkylven blå og Stordal) med ein flott total målforskjell på 14-1. Altså har Hareid to G13-lag vidare til a-sluttspelet på nyåret.
* Både Hareid 1 og Hareid 2 i J16-klassen vann éin og tapte to kampar. Dermed spelar dei i b-sluttspelet når den tid kjem.
* Det same gjeld Hareid J13, som tapte alle sine gruppespelkampar i Brattvåghallen.
** Om nokon har bilete frå krinsmeisterskapa så send gjerne inn til hareidsida@gmail.com.

22.11. Mange Hareid-lag på KM laurdag (gruppespel)

* G13 i Borgundhallen: – Hareid har hamna i pulje med Volda 4, Sykkylven rød og Blindheim svart. – Hareid mix møter Stranda rød, Stordal, Sykkylven blå og Langevåg 1. Sluttspelet i denne klassen blir spelt i Blindheimshallen 24. til 26. januar.
* J13 i Brattvåghallen: – Hareid har hamna i gruppe med Brattvåg, Sykkylven og Spjelkavik. Sluttspelet går i same hall andre helga i januar.
* J15-16 i Solevågshallen: – Hareid 1 møter Valder 2, Stranda og Åheim. – Hareid 2 skal opp mot Valder 1, Skodje og Guard. Sluttspelet går i same hall andre helga i januar.
* Vi ønskjer alle Hareid-laga lykke til!
** Vi stiller også lag i KM-sluttspelet for senior menn søndag. Meir om det kjem seinare.

10.11. Hareid G14 til a-sluttspelet i inne-KM (futsal)

Etter sigrar mot AaFK (6-0), ÅVK II (3-1) og Norborg (4-0) i dag. Flotte resultat altså. Sluttspelet blir spelt i januar.

08.11. G14 deltek i KM søndag

Denne helga blir gruppespelet i inne-KM for gutar 14 år arrangert i Larsgården. Dei beste laga spelar a-sluttspel over nyttår, dei andre b-sluttspel. Hareid har hamna i innleiande pulje med VanKam 1, Ravn, VanKam 2, Sykkylven 2 og Blindheim Svart. Hareid tok sølv i G13-klassen sist vinter, og vi håper dei kan gjere levere gode inneprestasjonar også denne vinteren. Kampoppsett.

26.10. Smågutelaget (11-ar 1.-divisjon G14) tapte siste haustkamp

Fekk ikkje heilt ut potensialet denne hausten.

20.10. Dahle-cup: Begge smågutelaga rauk ut i kvartfinalen

Hareid Super rauk ut etter sudden death. Resultatet mot eit godt Norlandet-lag i kvartfinalen var 3-3 då den ordinære tida var ute. Hareid Kanon tapte 5-0 mot Kattem.

19.10. Smågutelaga klare for a-sluttspelet i Dahle-cup

Begge Hareid-laga er klare for a-sluttspelet i Dahle-cup. Super tapte først heilt unødvendig 4-3 mot Frei United, men kom sterkt tilbake og slo Træff 6-1. Kanon spelte 1-1 første laurdagskampen og slo så Frei City 3-2. Lykke til i morgon (søndag)!

18.10. Dahle-cup: Begge smågutelaga vann

Sjølv med ein 1-1-kamp mot Hødd i går i føtene leverte Hareid-laga flotte prestasjonar i Kristiansund i kveld. Hareid Super vann 5-0 mot KFK, medan Hareid Kanon slo CFK 3-2. Med på Super er Sigve, Andreas, Isak, Simon G, Håvard Ø, Nathaniel og John Henrik. Kanon-laget består av William B, Even B, Philip A. V., Martinus A, Jacob J, Christoffer J og Ajevaan.

08.10. Eitt Hareid-lag kjempar om KM-medalje ute

Det er fire år sidan sist eit Hareid-lag tok KM-medalje i dei aldersbestemte utandørsseriane. Denne hausten har vi to lag som spelar i 1.-divisjon. Gutar 14 år 11-ar er nok ute av medaljekampen, men kan ta ein flott 4.-plass med ei god avslutning. Hareid MIX, eit lag for det meste beståande av 12-åringar i 13-årsserien for sjuarlag, ligg på femteplass i si avdeling - med like mange poeng som lag 3, 4 og 6. Med andre ord kan dei lovande Hareid-karane ta KM-medalje med ein god spurt. Vi ser fram til ei spennande serieavslutning.

24.09. Smågutelaget (1.-divisjon 11-ar) spelte uavgjort mot Blindheim

4-4 var eit rettferdig resultat.

16.09. Knapt tap for Hareid SMG 14 1.-divisjon 11-ar

Tapte 3-2 heime mot Ørsta.

09.09. SMG 14 11-ar (1.-divisjon) vann igjen

Ein herleg siger på ein litt dårleg dag.

03.09. SMG14 11-ar banka Rollon

Hareid G 14 vann heile 9-0 over Rollon på heimebane måndag. Kampen i vår enda 3-3, så dette var eit godt resultat for gutane.

27.08. SMG 14 11-ar starta haustsesongen med tap

Les referatet.

09.08. Bilete frå Hareid - Blindheim + markering av bronselaget

Bileta vart tekne av Hazhir Alipoor og Einar Orten Trovåg.

03.08. Norway Cup-heltane blir hylla fredag

Bronselaget SMG14.
Bronselaget SMG14.

Bronse i Norway Cup er ein stor prestasjon. Det har fotballstyret og Hareid kommune tenkt å markere. Førstkomande fredag får spelarane og trenarane til SMG14 servert pizza på Napoli. Deretter skal dei vise fram pokalen dei vann i pausen under 4.-divisjonskampen mellom Hareid og Blindheim. Kanskje blir det talar, gåvar eller liknande. Kven veit.

Møt opp på Hareid stadion fredag 9. august klokka 18.30, så får du med deg både a-kampen og hyllesten av "bronselaget".

02.08. Norway Cup: Bronse til Hareid G14 i a-sluttspelet

Hareid spelte godt og hadde mange store sjansar, men tapte ufortent 1-0 i semifinalen mot Oppdal fredag morgon. Dermed er eventyret over for denne gong. Men Hareid får jo med seg bronsepokal heim, og når alt kjem til alt er det ein kjempeprestasjon. Vi er svært stolte over det G14 og alle dei andre Hareid-laga har prestert under Norway Cup i år. Takk til spelarar, trenarar, leiarar og publikum for ei flott veke.

Forhånd.123456789Neste
INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR