Skriv ut

04.10. HAREID 2 AVSLUTTA MED KLAR SIGER

Emil Johannes Dahlen Folkestad scora eitt av måla.
Emil Johannes Dahlen Folkestad scora eitt av måla.

Hareid 2 har hatt ein resultatmessig varierande sesong. Strengt tatt har alle kampane laget har vore involvert i vore jamne, minus dei to mot Moltustranda. Hareid har ikkje blitt utspelt eller sjanselause ein einaste kamp, men har samtidig hatt visse problem med å avgjere jamne kampar til sin fordel. Då er det kanskje rettvist at fasiten for året viser fem sigrar, to uavgjorte og fem tap. Det vart fire poeng både mot Bergsøy 2 og Hasundgot, medan det ikkje vart eitt einaste poeng mot Sæbø eller Gjerdsvika.

Sesongens siste kamp vart spelt heime mot Moltustranda seint måndag kveld. Runar Stranden kom rett frå a-trening (har karantene mot FKS torsdag), og var eit stort uromoment dei 60 minutta han spelte. Til pause stod det 4-0, og Stranden hadde scora tre av måla. I tillegg scora Emil Johannes Dahlen Folkestad, som var oppe på ein corner.

Det kunne også stått meir enn 4-0 til pause. 2. omgang vart prega av at det var lite sannsynleg at Moltustranda ville kome tilbake denne kampen. Rett nok hadde bortelaget eit skot i stonga og eit frispark utanfor 16-meteren til Hareid i 2. omgang (laga av Fure - som keeper). Men det var Hareid som styrte showet og som vel burde ha scora meir enn to mål på den gode Moltu-keeperen Hestholm i andre omgang - sånn strengt tatt. Stranden scora eit femte mål før han gjekk ut, og Eirik Walaunet Brandal scora dagens sjette og siste. Fredrik Andresen hadde målgjevande på fire av måla denne kvelden. Eiliv-Tore Howlid spelte ein halvtime for å få kamptrening inn mot torsdagens skjebnemøte med FKS. 

Hareid 3 avsluttar sesongen med bortekamp mot Bergsøy 3 i kveld. Etter den tid er Hareid 2-3-gruppa ferdige med årets sesong. 

Ref.

Kampfakta
6.-divisjon Søre, 3. oktober 2016
Hareid 2.-lag - Moltustranda 6-0 (4-0)
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 7
Mål: Stranden (4), Folkestad, Brandal
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL
Gule kort: Fure, Hareid + 1 på Moltu
Hareid (4-4-1-1): Ulrich Kurseth - Gustav Bjørlykke Kløvning, Andreas Emdal Fure (K), Emil Johannes Dahlen Folkestad, Jon André Skarshaug - Fredrik Andresen, Thanusan Tharumalingam, Eiliv-Tore Howlid, Ben Buntu - Martinus Røyset Bakken - Runar Stranden + Nathaniel Eiksund Brekke, Kevin Øvrelid, Eirik W. Brandal, Håvard Bolstad Banne, Einar Orten Trovåg
*** Stranden, ** Andresen, * Folkestad