19. mars 2024

Hareid 2 endeleg kretsmeistrar

Dei har prøvd mange gongar, både i 11-ar og sjuarfotball. Søndag vart Hareid 2-gruppa endeleg kretsmeistrar.

Det skjedde etter ein storsiger borte mot Hjørungavåg i sjuarserien. Om vi såg rett vann Hareid heile 12-2, etter blant anna tre mål kvar av Kurt Haddal og Joakim Skarbø. Ein god Daniel Reite i Hareid-buret tok det meste som kom frå Arthur Hareide og Co. på Hjørungavåg. Sigeren var uansett aldri trua.

Med dette vann Hareid 2 seks av seks kampar i sjuarserien i haust. Jonas Pilskog Pedersen, som også spelte kampen for Hjørungavåg, delte ut KM-pokalen til Hareid-kaptein Emil Johannes Dahlen Folkestad etter kampen.

Den siste tiårsperioden har Hareid 2 og 3 ei rekkje gonger vore nære på å ta KM-tittelen. Blant anna har laget tre andreplassar i Søre-avdelinga i 6. divisjon. Eine året var Hareid likt i poeng med avdelingsvinnaren. Eit anna år hadde nok Hareid vunne avdelinga om ikkje eitt av motstandarlaga i ein avgjerande kamp spelte med ulovlege spelarar.

I sjuarserien enda Hareid som nummer to eller tre både i 2015, 2016 og 2017. I 2019 vann Hareid sju av åtte kampar, men deltok berre i hautsesongen – og kunne dermed ikkje vinne KM-gull.

Så då var altså på tide at det skjedde i dag. Dette er elles det første KM-gullet til Hareid IL i fotball sidan 2017, då damelaget vann 4. divisjon.

Hareid 2 har som tidlegare meldt for lengst begynt å planlegge neste sesong, noko som kanskje betyr 11-arfotball.

Men inntil vidare får karane sutte på KM-karamellen. Gratulerer!