hareid_il_logo_135.png









 

13.06. HAREID II - HASUNDGOT 2-2: HAREID NÆRAST SIGEREN I LOKALOPPGJERET

Hareid 2 kom frå to sterke sigrar på bortebane, og kom aldri opp på det same spelemessige nivået i måndagens heimekamp mot Hasundgot. Likevel var Hareid nærast sigeren i ein kamp med fleire kontroversielle situasjonar.

07.06. FOTO: TJØRVÅG - HAREID II (1-4)

06.06. TJØRVÅG - HAREID II 1-4: ANDRE STRAKE SLITESIGEREN PÅ BORTEBANE

Målscorarar frå venstre: Arthur Hareide, Daniel Reite og Kevin Øvrelid.
Målscorarar frå venstre: Arthur Hareide, Daniel Reite og Kevin Øvrelid.

Hareid 2 opna sesongen treigt, men har no vunne to kampar på rad - begge borte. 

01.06. TJØRVÅG II - HAREID III 3-4 (2-1): SLITESIGER MOT AUSTEUROPEISK MOTSTAND

Tjørvåg 2 viste seg å vere eit lag beståande av spelarar frå Aust-Europa. Fleire av dei har spelt på a-laget til Bergsøy tidlegare. Tjørvåg tok leiinga 1-0 og kunne også ha leia meir, men Hareid heldt noko lunde følgje og låg under 2-1 til pause. I 2. omgang verka Hareid betre trena og tok heimelaget på kondisen - så vidt det var. Mål: Eirik Brandal 3 og Per Ståle Nykrem.
*** Eirik Brandal, ** Daniel Reite, * Ulrich Kurseth

29.05. HAREID 2 - LANGEVÅG 2 MÅNDAG 19.30

Hareid 2-kaptein Andreas Emdal Fure.
Hareid 2-kaptein Andreas Emdal Fure.

Hareid 2 har spelt tre seriekampar så langt i år. Alle har vore jamne. Hareid tapte først mot Sæbø og Gjerdsvika, men vann deretter 2-0 mot Bergsøy 2. Dei to midtbanespelarane Benjamin Slettebakk og Ben Buntu må begge stå over med karantene måndag. Dessutan er den solide stopparen Ole André Kragset indisponibel. På plussida er spissen Arthur Hareide og vingen Kevin Øvrelid tilbake igjen.

24.05. HAREID 3 VANN MED GOD MARGIN MOT AUSTEFJORD

Per Ståle Nykrem og Thor André Barstad Gulbrandsen.
Per Ståle Nykrem og Thor André Barstad Gulbrandsen.

Hareid 3 har fått ein god start på sesongen i sjuarserien for Søre Sunnmøre. Tysdag kveld kom siger nummer tre av tre moglege. 

20.05. SÅ KOM ÅRETS FØRSTE SERIESIGER FOR HAREID 2

Målscorarane Eirik Brandal (til venstre) og Hazhir Alipoor, saman med høgrevingen Fredrik Fagerli Abrahamsen aka Frefa.
Målscorarane Eirik Brandal (til venstre) og Hazhir Alipoor, saman med høgrevingen Fredrik Fagerli Abrahamsen aka Frefa.

Og det med ti mann på bana i 2. omgang.

10.05. HAREID III - GJERDSVIKA II: HAREID ORKA MEST, SCORA 10 I 2. OMGANG

Aksel Røyset Bakken gjorde Hareid-comeback i dag.
Aksel Røyset Bakken gjorde Hareid-comeback i dag.

Tysdagens kveldskamp i sjuarserien var faktisk jamn ganske lenge. Men i 2. omgang tok Hareid det rutinerte bortelaget på kondisen.

08.05. MANGE HAREID-KAMPAR I VEKA SOM KJEM

Frå juniorkampen Hareid - Emblem i første serierunde.
Frå juniorkampen Hareid - Emblem i første serierunde.

Vi har tatt ein kik på Hareid-kampane i ungdoms- og seniorfotballen.

01.05. HAREID-KAMPAR I UNGDOMS- OG SENIORFOTBALLEN I VEKA SOM KJEM

Hareid og LGFK møtest til 4.-divisjonskamp på Hareid torsdag. Her frå ein kamp mellom laga før seriestart.
Hareid og LGFK møtest til 4.-divisjonskamp på Hareid torsdag. Her frå ein kamp mellom laga før seriestart.
27.04. TO KNAPPE TAP

Juniorlaget tapte 1-0 borte mot Aksla, medan damelaget tapte 3-2 heime mot Vartdal. Vi oppmodar lagleiarar eller andre om å sende inn rapportar, referat og/eller bilete til hareidsida@gmail.com
PS. Vi melde i går at Hareid III vann 13-7 borte mot Flø. Det korrekte skal vere at Hareid III vann 13-8.

26.04. HAREID 3 OPNA SESONGEN MED MANGE MÅL BEGGE VEGAR

Firemålsscorar Fredrik "Frefa" Fagerli Abrahamsen.
Firemålsscorar Fredrik "Frefa" Fagerli Abrahamsen.

25.04. KNAPT TAP FOR HAREID 2 I SERIEOPNINGA

Dei tidlegare toppscorarane til Ørsta og Stranda var forskjellen på laga då Hareid 2 møtte Sæbø.

24.04. TRE SENIORLAG SERIESTARTAR TIL VEKA

Thor André Barstad Gulbrandsen er spelande oppmann for Hareid 3.
Thor André Barstad Gulbrandsen er spelande oppmann for Hareid 3.

Sjekk kven dei møter.

20.04. NY SPELAR I HAREID 2-3-GRUPPA

Truls Jonny Levik Kolstad.
Truls Jonny Levik Kolstad.

Det har i det heile vore få nysigneringar på herresida i Hareid-fotballen denne vinteren. På a-laget er vel Ruben-Kenneth Brandal (tilbake frå Hødd) den einaste. Tidlegare i vinter kom Ben Buntu og Ulrich Kurseth over frå Tjørvåg til Hareid 2-3. Og no har det endeleg kome inn ei nysignering til. Det er Truls Jonny Levik Kolstad. Han har ikkje spelt fotball dei siste sju åra, men var i yngre år aktiv i FK Sykkylven. Truls Jonny fekk sin Hareid-debut mot Bergsøy 2 i går og gjorde sine saker bra. I tillegg til å spele fotball sjølv er Truls Jonny også hjelpetrenar for Hjørungavåg G16. Vi ønskjer han velkomen til klubben.

20.04. LAGBILETE HAREID 2-3-GRUPPA

Her kjem årets lagbilete av Hareid 2-3-gruppa. Brutto er stallen på 29 mann, men det inkluderer både spelarar og støttemedlemmar. Enkelte er også ein del vekke grunna arbeid på sjøen og liknande. Nokre er ute lenge med skade eller sjukdom. Men dette er ein fin gjeng, og dei satsar på å bite frå seg noko lunde både i 6.-divisjon og sjuarserien. 
Bak frå venstre: Andreas Emdal Fure, Olav André Hofset Ulstein, Vidar Pilskog, Håvard Bolstad Banne, Preben Nedrelid, Muyumba Ben Buntu, Emil Vartdal Hareide, Benjamin Slettebakk, Hazhir Alipoor, Thanusan Tharumalingam. Framme: Honar Alipoor, Martinus Warholm, Eirik Walaunet Brandal, Truls Jonny Levik Kolstad, Thor André Barstad Gulbrandsen, Ulrich Kurseth, Kevin Øvrelid, Arthur Hareide, Anders Hjelle Øiestad, Einar Orten Trovåg. Manglar: Per Inia Brekke, Daniel Reite, Odd-Magne Brandal, Fredrik Fagerli Abrahamsen, Magne Kjell Wingsternes, Per Ståle Nykrem, Emil Bastian Reite, Emil Johannes Dahlen Folkestad, Jonas Pilskog Pedersen, Antoni Gardshol.

19.04. HAREID II - BERGSØY II 2-2 I GENERALPRØVEN

Hareid-spelarane i gult frå venstre: Anders Hjelle Øiestad, Hazhir Alipoor, Kevin Øvrelid.
Hareid-spelarane i gult frå venstre: Anders Hjelle Øiestad, Hazhir Alipoor, Kevin Øvrelid.

Etter ein svak start på kampen og Bergsøy-leiing til pause var det Hareid som hadde mest å gi i 2. omgang. Men det var Bergsøy som scora alle fire måla.

18.04. HAREID 2 SPELAR GENERALPRØVE TYSDAG
Lagets toppscorar i oppkøyringa, Eirik Walaunet Brandal, fire mål.
Lagets toppscorar i oppkøyringa, Eirik Walaunet Brandal, fire mål.
Forhånd.123456...20Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR