29.06. Hansrud står over
Even Hansrud, som har starta samtlege Hareid-seierkampar i vår, blir ikkje med til Godøya. Grunnen er at han er sjuk pluss har ein strekk.
29.06. Vurdering av 3.-divisjonrunden
I dag startar den 12. og siste 3.-divisjonsrunden før sommarpausen. Som vi ser på tabellen har avdelinga utvikla seg til å bli eit rotterace. Vi kan nok så godt som avskrive botnlaga Godøy og Rollon, men åtte andre lag kjempar om fire ledige plassar i neste års nye 3.-divisjon. Fem poeng skil Volda på 3.-plass og Spjelkavik på 10.-plass, og sistnemnde har i likskap med Hødd 2 ein kamp mindre spelt enn dei ti andre laga. Vi legg også merke til at luka mellom Volda og sølvplasserte Bergsøy er på heile ti poeng.
Les rundetipsa -->
28.06. Knepent tap for Hareid junior
Etter ein ufrivilleg kamppause på over ein månad (grunna at ein del lag har trekt seg), spelte Hareid junior i dag heimekamp mot Tjørvåg. Sidan Tjørvåg er meldt på som sjuarlag, var det dette konseptet som vart nytta. Hareid tok leiinga ved Akillan etter ein veldig bra forarbeid av Håkon Orten Trovåg. Så utlikna Tjørvåg, før Robin Fure sende Hareid i leiinga igjen. Før pause fekk Tjørvåg sett inn 2-2, og dei scora ytterlegare to etter kvilen. Tjørvåg fekk ein mann utvist, og Hareid gjorde seg klare for opphenting. Håkon Orten Trovåg reduserte til 3-4, og Hareid mala på. Men trass at heimelaget nesten slo opp telt framfor Tjørvåg-målet i sluttfasen av kampen, vart sluttresulatet 3-4. Surt, men Tjørvåg var mest vande med sjuarfotbal, og hadde ein del gode enkeltspelarar. Best på Hareid i dag var spissen Håkon Orten Trovåg. Neste juniorkamp er borte mot Ørsta neste måndag.
28.06. 3.-divisjon: Hødd 2 tapte
I siste kamp i den 11. runden i 3.-divisjon vann Valder 4-3 heime mot Hødd 2. Kampfakta dinn du her. Resultatet betyr at det no berre er fem poeng mellom 3. og 10.-plassen i avdelinga.
28.06. Speakeren vår fyller år
Håvard Røyset rundar 37 år i dag. Jubilanten har vore speaker på Hareid-kampane i alle dei år, i gode og vonde dagar. Håvard var også materialforvaltar (pluss speaker sjølvsagt) for a-laget i 1999 og 2000, før han fekk avløysing av Knut Helge Hovden (som framleis har den jobben).
Vi gratulerer speaker Røyset med åremålsdagen!
PS. Etter det Hareid-sida erfarer er Tom-Gøran Jønsson framleis Håvard sin favorittspelar!
27.06. Preview: Godøy - Hareid
27.06. To dagar til Godøy - Hareid, kampen vi aldri kan vinne
Tysdag spelar Hareid borte mot Godøy, i siste kamp før 3.-divisjon tar sommarferie. Dette er ein kamp vi ikkje kan vinne, om vi ser på forhistoria.
26.06. Hellesylt-turen er fullbooka
Hareid 2 sin "superlaurdag" 3. juli er fullbooka, melder reiseleiar Kristian Angelsen. Det vil seie at dei 50 seta på bussen er reserverte av Hareid 2-spelarar og andre som vil til Hellesylt denne dagen. I Vestposten i dag stod det ein notis som kunne tolkast som at grillinga, badinga, og VM-sjåinga føregår på Hellesylt. Det stemmer ikkje. Etter kampen mot Sunnylven går bussen direkte til Anders Lillebø si sjøbod på Brandal, der det blir ulike aktivitetar utover kvelden.
26.06. Sesongen er halvspelt. Dommen er: Bra, så vidt det er
26.06. Christian i siget: Scora to i dag
Christian Mork sleit med lite speletid i Hødd i fjor, og fekk heller ikkje mykje tillit i starten av denne sesongen. Men i dag starta han sin tredje a-kamp på rad, og bekrefta god form ved å score to mål. Hødd vann 5-1 borte mot Strindheim, noko som kjem godt med i kampen om opprykk. Ørjan Engen Grimstad starta også kampen, sin andre frå start av i Hødd.
26.06. Dykk i arkivet, 2006: - Hareid vann fordi dei var flinkast til å spele møkkafotball
|
Målscorarar mot Valder i 2006; Even Hansrud, Vagn Scheide Mork og Kim-Tore Husøy. |
I går la vi ut ein del som vart skrive om Hareid i media i 2007. I dag tar vi for oss 2006-sesongen, då Hareid tok bronse i 3.-divisjon. Lurer du på kven som sa eller skreiv:
- Hareid vann fordi dei var flinkast til å spele møkkafotball,
- Olav Haug Vikebakk. Medium,
- Ej kjøme som ein tulling,
så trykk deg vidare.
25.06. A-laget trenar søndag
Klokka 14.00.
Be there, or call Bjørge.
25.06. Statistikkhjørnet: To gonger Marius-comeback
|
Marius Slettebakk varma opp før Volda-kampen. |
Statistikkhjørnet etter 5-1-tapet mot Volda i dag.
* Vi noterer årets største Hareid-serietap. Sist vi tapte så mykje var mot AaFK 2 heime i fjor haust (0-4).
* Det er spelt 11 av 22 rundar i årets 3.-divisjon - med unntak av to kampar. Men ingen av hengekampane kan hindre at Hareid ligg på 6.-plass etter halvspelt serie, rett nok på målskilnad framfor Stranda. Det blir ein spennande haust...
* To mann gjorde comeback for Hareid i dag. Marius Rise gav seg på Hareid vinteren 2008, men rakk 182 Hareid-kampar før overgangen til Lokomotiv Oslo. Marius Slettebakk spelte litt for Hareid i årets påskekamp mot "Loket", men spelte sist seriefotball for Hareid sommaren 2008. Då "Slettis" kom inn i dag var det hans 57. Hareid-kamp.
* Vagn Scheide Mork spelte sin 290. Hareid-kamp i dag.
* Tore Johan Ytre-Hauge spelte sin 110. Hareid-kamp.
* Ronny Jørgensen scora sitt 82. Hareid-mål i sin 92. kamp.
* Vagn Scheide Mork redda straffe for tredje kamp på rad. No har han redda sju av dei siste ni straffene Hareid har fått mot seg. Nokon betre?
* Ikkje den store publikumsinteressa for dagens kamp. Knappe 40 tilskodarar fekk med seg oppgjeret, sjølv om det ikkje rekna ein drope. Av dei bortekampane Hareid har spelt i år har det vore klart svakast oppmøte mot Herd og Volda. Og det er dei to største breiddeklubbane i krinsen. Ikkje til å forstå, eller finst det ei forklaring?
* Neste kamp: Borte mot Godøy tysdag.
25.06. Ingenting stemte: Volda - Hareid 5-1
|
Marius Rise var knallhard i duellespelet i comebacket, men verken han eller stopparkollega André Egset Nupen klarte å hindre at Volda scora fem mål. Foto: Sondre Åkervik |
Hareid reiste til Volda med stor optimisme, men det trass ei sterk lagoppstilling var det ikkje mykje som stemte i dag. Volda gjekk fortent sigrande ut av ein veldig rar fotballkamp. Ronny Jørgensen scora Hareid sitt mål, medan Vagn Scheide Mork nok ein gong redda eit straffespark.
25.06. Dykk i arkivet: Sagt og skrive i 2007
|
André Skotheim var hovudtrenar for Hareid for første gong i 2007. Her under hans første kamp som sjef; ein treningskamp mot Hødd like før jula 06. Hareid spelte då i Brandal-drakter. |
Med ei omleggjing av 3.-divisjon i vente skal mykje til om ikkje 2007-sesongen blir ståande som Hareids beste 3.-divisjonssesong nokon gong. Og då snakkar vi om 3.-divisjonen som eksisterte frå 1991 t.o.m. 2010. For all del, vi ligg bra an i år også, men ikkje så bra som den gongen. For i 07 nådde Hareid 42 poeng, noko som vi aldri har klart før eller sidan på dette nivået. Tilfeldigvis kom Hareid-sida sin historikkomité over nokre avisutklipp frå "jubelsesongen" i går. Og vi har samla litt av det som vart skrive - og presenterer det her i dag for våre lesarar:
24.06. Hareid 2 tilbake på vinnarsporet: 3-1 mot Tjørvåg
|
Georg Einar Mork scora i Hareid-comebacket sitt. |
Hareid hadde to strake tap i sekken før dei møtte Tjørvåg på Hareidsmyrane stadion torsdag kveld. Tjørvåg spelte kvalik om opprykk til 4.-divisjon i fjor, men vi forstod fort at dei ikkje er på det same nivået i år. I opninga spelte Hareid ball i hatt med Tjørvåg, og etter ti minutt stonga Ivar André Aadland inn 1-0. Tjørvåg hadde to skikkelege sjansar i 1. omgang. Den eine vart skote langt utanfor, medan Daniel Reite slo til med ei bra reaksjonsredning på den andre. Før pause gjekk Hareid opp i 2-0 ved Gunnar Johann Ringstad, og 3-0 ved Hareid 2-debutant Georg Einar Mork. Hareid spelte ein god 1. omgang, og var også best i den andre. Men det vart ikkje skapt så mange sjansar som før kvilen. Mot tampen prøvde Tjørvåg å leggje inn ein liten sluttspurt, noko som resulterte i at Preben Hestad reduserte på frispark. Men nærare kom dei aldri, og Hareid vann fortent 3-1 etter ein godt gjennomført kamp. Skal vi trekkje fram nokon på dagens Hareid-lag, så var Daniel Reite patent i mål. Stian Garnes og Åge Møgster var svært solide i midtforsvaret, medan Ivar André Aadland hadde ein bra kamp offensivt på midten. Men kanskje er det feil å trekkje fram enkeltspelarar på ein dag der ingen spelte dårleg.
Neste kamp er borte mot Sunnylven laurdag 3. juli. Til den kampen legg laget opp til ein spektakulær dag med buss, grilling, fotball-VM på storskjerm, bading og sosialt samvere.
Hareid: Daniel Reite - Christian Aasmo, Åge Møgster, Stian Garnes (K), Arve Vestnes - Georg Einar Mork, Espen Beiermann, Ivar André Aadland, Arve Haugland - Per Ståle Nykrem, Gunnar Johann Ringstad + Georg Rise Gaasø, Joachim Røyset, Frank Robert Moldskred, Tommy Torsvik, Nikolay Sundgot.
23.06. Ny sekspoengskamp fredag: Volda - Hareid
24.06. Vurdering av 3.-divisjonrunden (den 11.)
Fredag:
* Herd - Bergsøy. Endeleg, før ligaen snur og begynner på nytt, skal dei to topplaga møtest. Bergsøy varma opp med å tape 3-1 i ein treningskamp mot AaFK tysdag, og Kjetil Rekdal lova då at han skal sjå denne kampen. Herd ligg tre poeng bak Bergsøy, men var svært uheldige då dei måtte møte eit Hødd 2-lag med ti a-lagsspelarar måndag. Herd er nok best spelar for spelar, men Bergsøy er verkeleg i siget - og vi blir ikkje overraska over om dei gir Herd god kamp. U
* Spjelkavik - Norborg. Vika ligg på 9.-plass, men med ein eventuell siger i hengekampen dei har til gode hadde dei klatra tre-fire hakk. Bør i utgangspunktet vinne denne. Men varierande Norborg kan kjempe dei ut av stilen. B
* Godøy - Stranda. Eit Stranda-lag med Ronnie Furseth tilbake har gjort det bra i det siste, mellom anna med siger mot Volda sist. Kan faktisk bli ein mørk hest i kampen om topp seks. Og borte mot Godøy blir det fort tre poeng. B
* Rollon - Brattvåg. Sistnemnde er eit av mange lag som ligg midt på tabellen. Har kanskje ikkje vore så stabile som vi hadde trudd før sesongen. Rollon har heva seg i det siste, var nære poeng mot Bergsøy sist, men ligg framleis nest sist. Dette kan fort bli ein knokkelkamp, sjølv om Brattvåg har mest å spele for. U
* Volda - Hareid. Volda er stabilt ustabile. Tapte mot Stranda sist etter å ha leia, og sigersmålet var det Stranda sin keeper som scora. Hareid må nok ein gong komponere ein ny stopparduo. Sentrale spelarar har ikkje trena denne veka. Vi håper og trur at Hareid kan kjempe Volda ut av stilen, men lett blir det ikkje. U
Måndag:
* Valder - Hødd 2. Stiller Hødd 2 med ti a-lagsspelarar, som dei gjorde sist, så slår dei alle laga i avdelinga. Men spørst om dei sender halve a-stallen ut på Valderøya. B
24.06. Femte heimekamp på rad for Hareid 2
I dag spelar Hareid 2 sin 11. seriekamp for året, og faktisk den femte heimekampen på rad. Motstandar på Hareidsmyrane stadion er Tjørvåg. HIL 2 opna sesongen med åtte kampar utan tap, men tapte både mot Sæbø og Åheim førre veke. Tjørvåg spelte kvalik om opprykk i fjor, men har skuffa litt denne sesongen - og ligg på 7.-plass. Uansett må Hareid prestere maks om det skal bli poeng dette oppgjeret.
Kampstart 21.00. Dommar er Richard Martin Hunstad frå Hjørungavåg IL.
10 |