24.06. "Defoe" fyller år

Einar Orten Trovåg fyller 23 år i dag. Jubilanten har ikkje noko fast kallenamn, men "Defoe" får vere passande tatt favorittlag og VM i betraktning. Faktisk var ikkje Trovåg så veldig ulik England-matchvinnaren i spelestil som spiss for juniorlaget i perioden 2003-2006, meiner i alle fall han sjølv. Etter heimkomsten frå Bodø før jula 2007 har Trovåg hatt fleire verv i fotballgruppa. I 2008 var han medtrenar og oppmann for juniorlaget, og i 2009 fotballformann og spelande sjef for Hareid 2. I fjor haust reiste dagens jubilant til Sunnfjord for å jobbe, men etter det Hareid-sida erfarer kan han vere tilbake på Sunnmøre til hausten. Då kan han ifølgje seg sjølv vere mannen som kan gi Kim-Tore Husøy og Ronny Jørgensen etterlengta konkurranse om spissplassane. Vi kan også nemne at Einar Orten Trovåg starta å skrive for Hareid-sida i 2004, og har deretter vore redaktør i fleire ulike periodar.

Vi gratulerer, og håper ønskja til jubilanten går i oppfylling; tre poeng mot Volda og England-siger mot Bundesrepublikken.


23.06. A-laget trenar torsdag

Klokka 18.00. Det blir ei lett økt på vel ein time med formasjonstrening.
Eventuelle forfall må meldast til Bjørge.


23.06. "Kimmen" fyller år

Hareid-spelar Kim-Tore Husøy fyller 27 år i dag. "Kimmen" debuterte seint men godt på a-laget, ein sein haustdag i 2002. Men alt frå 2003 av vart han ein sentral brikke på laget, og vart kåra til årets spelar både i 2004 og 2006. I 2008 var midtbanespelaren Hareid-toppscorar totalt, og i 2009 både totalt og i serien. Men det er først i år Husøy har blitt nytta som spiss, og per dags dato er han toppscorar i 3.-divisjon med ti mål. Totalt sidan debuten i 2002 har Husøy 216 kampar og 96 mål. I tillegg står han notert med éin a-kamp for Hødd og éin for Hareid 2 (då scora han tre mål).

Sjølv om Husøy har vore ettertrakta av klubbar som Hødd og SIF, har han aldri spelt seriefotball for andre klubbar enn Hareid. Under eit kort opphald i Bodø i 2007 prøvespelte han for 3.-divisjonsklubben Innstranden. Same haust skreiv Vestposten artikkelen "Mannen som elskar Hareid" om Kim-Tore Husøy.

Og om Husøy elskar Hareid, så elskar Hareid-sida Husøy minst like mykje. Grattis med dagen!


22.06. Bakke fekk to kampar

Volda-trenar Arild Hagen Bakke vart utvist mot tampen av oppgjeret mot Stranda fredag, ein kamp Volda tapte 2-1. No må Bakke halde seg vekke frå sidelinja i to kampar, melder voldasupporter.com. 3.-divisjons yngste trenar får derfor ikkje leie laget mot Hareid (kommande fredag) og Hødd 2.


22.06. 4.-divisjon: Larsnes/Gursken i tet

Alle lag i 4.-divisjon har no spelt ti rundar. Og ikkje heilt uventa er det Larsnes/Gursken og Ørsta som ligg på dei to øvste plassane. L/G har 24 poeng, Ørsta 22. Langevåg (20) og Blindheim (19) er heller ikkje parkerte i kampen om 1.-plassen, som vi kan kalle "kjøkenvegen opp til nye 2 1/2. divisjon".

I botnen er Åmdal det einaste laget som er hengt av for godt, med deira usle tre poeng. Elles kjem mange lag til å kjempe om dei fire-fem ståplassane. Gledeleg er det at eitt av dei er Åram/VanKam, som ligg på 7.-plass med 12 poeng.

Tabell


21.06. Smågutelaget tapte, men fornya kontrakten i 1.-divisjon

Les meir -->


21.06. Nye gamle spelarar til Hareid?

Melchior i bortekampen mot Godøy i fjor.

Etter det Hareid-sida erfarer kan Hareid a-lag få to nye spelarar i løpet av denne veka, og begge kjenner vi frå før.
* Marius Slettebakk (21) har aldri spelt for andre klubbar enn Hareid. Men han står per dags dato innmeldt i Lokomotiv Oslo, der han aldri rakk å spele seriefotball. Slettebakk er student i Trondheim, men Hareid kjem truleg til å signere han for å ha han i bakhand til dei to siste kampane før ferien. Marius er midtbanespelar eller back.
* Ole Magnus Ljøen Melchior (23) spelte vårsesongen 2008 for Hareid. I fjor spelte han nokre kampar rundt sommaren, og vart også henta opp igjen frå Bergen til eit par kampar på hausten - for å hjelpe Hareid å redde kontrakten. No flyttar Melchior til Ulsteivik fpå ubestemt tid. Hareid-trenar Bjørge Worren møtte han tilfeldigvis på ein butikk i dag, og vi håper å ha den kondisjonssterke midtbanespelaren (eller backen) på trening igjen i løpet av veka. Melchior har ikkje spelt seriefotball i Bergen, og er framleim innmeldt i Hareid.


21.06. A-laget denne veka

* Tysdag, trening 19.30 som vanleg.

* Trening onsdag og torsdag.
Onsdagstreninga blir 18.00. Ta med sko til kunstgras og gras.
Tidspunkt for torsdag kjem etter kvart.

* Fredag: Bortekamp mot Volda.


21.06. Eit andrelag i eit nøtteskal: Hødd 2 slo Herd

Ruben-Kenneth Brandal var ein av ti a-lagsspelarar som representerte Hødd 2 måndag.

Bergsøy er på topp i 3.-divisjon etter ti rundar. Med god hjelp av Hødd, kan vi seie. For då Hødd 2 spelte heimekamp mot Herd i dag, stilte dei følgjande lag: Vebjørn Skeide, Ulrik Wingsternes, Anders Gaustad, Ørjan Engen Grimstad, Ruben-Kenneth Brandal, Sivert Heltne Nilsen, Eirik Heltne, Bendik Torset, Espen Standal, Kazeem Ahmed og Andreas Sørgård Olsen. Det vil seie 10 a-lagsspelarar, og Eirik Heltne - so vel har ei hospiteringsordning med a-laget? Hadde Hødd 2 stilt slik kvar kamp hadde det vore ein ting, men dette var sterke saker, sjølv om dei sjølvsagt har alt sitt på det reine.

Herd gav Hødd 2 god kamp, men heimelaget vann til slutt 4-2.


20.06. Hareid-fotballen godtek vuvuzela på heimekampane

I det siste har fleire nasjonale og internasjonale klubbar lagt ned forbod mot at tilskodarane kan ta med seg vuvuzela når det er kamp. Etter det Hareid-sida erfararer går Hareid sitt fotballstyre motsett veg, og godtek det afrikanske instrumentet på a-laget sine heimekampar i 3.-divisjon. Det betyr at Johs Riise og Bernt-Aage Ulstein mest truleg kjem til å lage mykje lyd når Hareid spelar heime mot Spjelkavik 9. august. Hareid-sida erfarer også at om desse VM-fararane skulle lage for mykje lyd på Hareid-kampane i haust, må styret ta ein ny runde for å klargjere om vuvuzelaen er liv laga.


18.06. 3.-divisjon: Runden

Torsdag:

* Norborg - Valder 3-1

I dag:

* Hareid - Valder 2-1

Les sak under

* Brattvåg - Spjelkavik 4-3

Målfest i Brattvågen. Spjelkavik tok leiinga ved Andreas "Mini" Havnegjerde etter 30 sekund. Vika gjekk også opp i 2-1 etter pause, men så drog Brattvåg ifrå. Mini reduserte til 4-3 på tampen.

* Stranda - Volda 2-1

Ronnie Furseth og Stranda sin keeper (!) snudde kampen for Stranda etter at Volda leia. Matchvinnarmålet til Dvorsky kom på utspel. Var det storm i vindkasta på Stranda skal tru? Uansett ei positivt resultat for Hareid.

* Bergsøy - Rollon 3-2

Ser vi på resultatet og kamputviklinga så fekk Bergsøy litt meir å bryne seg på enn venta. Men Bergsøy vann altså nok ein gong, og har plassert seg øvst på tabellen. Så spørst det om dei blir der også etter Hødd 2 - Herd måndag.

** Resultata denne runden tilseier at Hareid no ligg på 3.-plass, men i realiteten ein 4.-plass sidan Hødd 2 har to hengekampar. Men med sigrar til både Stranda og Norborg denne runden er 3.-divisjon framleis veldig open. Det er berre Rollon og Godøy som skil seg ut i botnen, medan Bergsøy og Herd skil seg ut i toppen.


20.06. Nytt Hareid 2-tap

Åheim vann 4-2. Per Ståle Nykrem og Arve Haugland scora Hareid sine mål.

Laget: Kevin Hestholm - Arve Vestnes, Stian Garnes, Rune Johansen - Hiwa Alipoor, Georg Gaasø, Ivar Aadland, Per Ståle Nykrem, Arve Haugland - Peter Paus, Gunnar Ringstad

Inn:  André Nupen, Christian Åsmo, Espen Beiermann, Paul Magne Worren


19.06. Som to dropar vatn - del 2

Hareid-sida har fått tilsendt ein mail med to bilete - og teksten: "Er dette ein og same person? Om ikkje, så er dei skilt ved fødselen. Helsing tidligare lagkamerata i Hødd."

Trykk på biletet.


19.06. Hareid 2 møter hardtsatsande lag i morgon

Åge Møgster er tilbake i troppen etter seks veker i marinen.

Onsdag tapte Hareid 2 sin første seriekamp for året. I morgon (søndag) får våre nest beste menn ei ny stor utfordring. Åheim ligg to poeng bak HIL 2 på tabellen, men har ein kamp mindre spelt. Åheim, som presterte under venta i fjor, er truleg det laget i avdelinga som satsar mest. Treningsmengdene deira går for å vere på same nivå som eit 3.-divisjonslag, og nyleg henta Åheim to tidlegare toppspelarar frå Island til klubben sin. Kvittrøyene frå Vanylven blir nok favorittar denne kampen, men Hareid 2 er lystne på å vise seg frå ei betre side enn mot Sæbø sist.

Kampstart 11.30 søndag.

Troppen: Kevin Aarvik Hestholm, Arve Vestnes, Stian Garnes, Rune Husø Johansen, Arve Haugland, Paul Magne Worren, Anders Eidsvik, Espen Beiermann, Georg Rise Gaasø, Ivar André Aadland, Peter Paus, Gunnar Johann Ringstad, Nikolay Sundgot, Pers Ståle Nykrem, Hiwa Alipoor, Åge Møgster, Christian Åsmo.

PS. To av Hareid 2 sine beste kampar i fjor var mot nettopp Åheim. I første serierunde vann Hareid 7-4 på heimebane, medan eit svært redusert HIL 2-lag reiste til Åheim i juni og kriga i land ein 2-0-siger.


19.06. Juniorlaget framover

Sidan fleire lag har trekt seg frå 2.-divisjon junior, har det dessverre blitt få kampar på Hareid så langt i år. For å bøte på dette har vi vore i kontakt med Hjørungavåg om ein treningskamp neste laurdag. Vi har fått positive signal, og får endeleg stadfesting måndag. Kampen går truleg på Jomsvoll, og Hareid junior satsar på grilling på Overåsanden etterpå eller anna sosialt samvere. Ein dag å setje av, og kampen går tidleg - slik at alle rekk VM på TV.

Neste seriekamp for Hareid junior er måndag 28. juni mot Tjørvåg. Det er ein sjuarkamp. Måndagen etterpå, 5. juli, er det vanleg 11-ar-kamp mot Ørsta - på bortebane.


19.06. Statistikkhjørnet Spesial: Norges beste på å redde straffespark

Mannen som aldri slepp inn straffer saman med Paris Hilton i Hollywood i vinter.

Dommarane kan dømme så mange straffer dei berre vil mot Hareid. Dei scorar ikkje likevel. Les vår Statistikkhjørnet Spesial.


18.06. Hareid - Valder 2-1: - Årets viktigaste siger, meiner trenaren

Det begynte dårleg. Men vi har ein engel i mål som heiter Vagn Scheide Mork, som slo til med nok ei strafferedning. Og ein konge på topp ved namn Ronny Jørgensen, som snudde kampen for Hareid med to mål.


18.06. Marius vart ikkje speleklar

Hareid hadde rekna med at Marius Rise vart speleklar til dagens kamp mot Valder. Men sjølv om papira var sende etter vanleg prosedyre, øydela truleg forsinka postgang at overgangen vart klar i tide. Hareid har fleire skadar og to karanter i tillegg, og må for første gong i år "ut på bygda" for å hente spelarar for å få ein skikkeleg tropp.


17.06. Norborg slo Godøy

Ikkje heilt uventa vann Norborg i dag 4-1 mot Godøy. Det betyr at Norborg er oppe på same poengsum som Hareid, men med dårlege målskilnad.


17.06. Vurdering av 3.-divisjonsrunden

Torsdag:
Norborg - Godøy. Det ryktast at Norborg stiller redusert lag. Dei kjem også frå stygge 0-7 frå Volda sist runde. Godøy vann sin første kamp for året mot Brattvåg førre veke. Trass dette meiner vi at Norborg jamt over er eit betre lag og tar alle poenga her. H
Fredag:
Brattvåg - Spjelkavik. Begge desse laga tapte mot botnlag sist runde, høvesvis Godøy og Rollon. I utgangspunktet er Brattvåg og Spjelkavik relativt jamngode. Trur heimefordelen blir avgjerande her og at Brattvåg dermed vinn. H
Bergsøy - Rollon. Bergsøy imponerer oss runde etter runde, og har fått eit langt forsprang ned til 3.-plassen. Rollon vann endeleg sist runde, men må truleg sjå langt etter poeng her. H
Hareid - Valder.
Hareid var inne i ein god stim, men har slite i det siste. Valder har motsett kurve, og er på veg oppover. Sjølv om Hareid manglar sentrale spelarar, så tørr vi vere såpass optimistiske at vi trur på H.
Stranda - Volda. Etter ein svak start har Volda klatra og klatra - og ligg no på bronseplassen. Får det uansett tøft mot heimesterke Stranda. Blir nok ein knokkelkamp. U
Måndag: 
Hødd 2 - Herd. Ingen walkover dette for Herd, for Hødd 2 er sterke heime. Likevel trur vi at Herd har det som skal til for å slå Hødd-rekruttane, med eller utan Lasse Olsen. B

 



11

Generalsponsor


Sponsorar