16.06. På tide med ein siger igjen...?
3.-divisjon avdeling 17, runde 10
Fredag klokka 18.30, Hareidsmyrane stadion.
Hareid - Valder
16.06. Så kom tapet for Hareid 2...
Hareid 2 spelte i dag sin niande seriekamp for året - heime mot Sæbø. Og det enda med årets første serietap; 5-2. -->
16.06. Krinsen/dommaren snudde: Brandal fekk det raude kortet
|
Midtstoppar-problemet skapte mykje hovudbry for trenar Bjørge Worren (biletet) i år - heilt til André Egset Nupen og Dag Gøran Brandal kom på plass og alt var såre vel. No må Worren finne to nye stopparar mot Valder. |
Som vi har skrive tidlegare vart André Egset Nupen utvist mot Herd, utan å ha gjort noko. No har krinsen (eller dommaren?) gjort heilomvending, og gitt det raude kortet til Nupen sin midtstopparkollega Dag Gøran Brandal. Han må sone tre kampar frå no av for det som i utvisningsrapporten blir kalla "eit trakk på motspelar som ligg nede". Så kan vi diskutere ut i det seine nattetimar om det var eit skikkeleg trakk eller om han berre så vidt var borti han. Faktumet er uansett at det ikkje blir fleire a-lagskampar for Brandal før sommarpausen. Og at Hareid manglar begge sine faste midtstopparar mot Valder - sidan André Egset Nupen står over for tre gule kort.
Meir om kven som kan komme til å spele stopparar for Hareid mot Valder i førehandsomtalen onsdag kveld.
16.06. Brattvåg trekkjer laget
Brattvåg har trekt sitt andrelag frå 5.-divisjon, melder Stordal si nettside. Det får ikkje dei heilt store konsekvensane for tabellen i avdeling 1, sidan Brattvåg 2 berre hadde vunne éin kamp før dei la inn årane.
Talet på andrelag i sunnmørsfotballen minkar år for år. No er det berre fem igjen; AaFK 2, Hødd 2, Stranda 2, Bergsøy 2 og Hareid 2 - i tillegg til samarbeidslaget Kvamsøy/ÅVK 2.
16.06. Stortap for smågutane
G14, 1.div.vår: Hareid – Sykkylven 2-10 (0-4)
Mål Hareid: Hazhir (2).
Lagoppstilling (4-5-1): Ole Monrad Alme, Sondre N Grimstad, Chetnarong Haugen, Ludvig J Rasmussen, Adrian M Strand, Stian M Holstad, Petter Martin B Kløvning, Martin M Breivik, Hazhir Alipoor, Andre Teige, Kristoffer Hasfjord
Innbyttarbenk: Alexander Carrosa, Olav Håberg Dimmen
Resultatet i kampen seier vel sitt. Kan sikkert vere mange grunnar til ein slik kollektiv kollaps. Kampen starta med mål imot, allerede etter få minutt. Etter ei slik forestilling må laget berre nullstille, og sjå fram mot neste kamp. Sykkylven vann fortent i denne kampen. Siste kamp i vårserien er mandag 21.juni, borte mot Stranda.
Ref. SiB
15.06. Hareid 2 møter Sæbø onsdag
Hareid 2 har til no spelt åtte seriekampar, og det er snart sommarpause, men først skal laget spele ytterlegare fire kampar. I morgon er Sæbø motstandar på Hareidsmyrane stadion klokka 21.00. HIL 2 ligg på andreplass med 20 poeng, men Åheim pustar i nakken. Tre poeng i morgon kan vere overkommeleg. Sæbø ligg på 7.-plass, og Hareid vann bortemøtet mot dei 4-2. Men kampen skal spelast, og Sæbø har nokre gode resultat å vise til.
Rutinerte Oddmund Kaldhussæter frå Blindheim dømmer.
15.06. Ny Mork til Hareid
Georg Einar Mork er speleklar for Hareid. Mork er fødd i 1976, og spelte 60 a-kampar (og scora fire mål) for Hareid midt på 90-talet. Men når han no melder overgang igjen til Hareid er det for å spele på andrelaget - reknar vi med. Georg Einar er son til Jon Kåre Mork, tidlegare leiar i Hareid IL.
14.06. - Sprang fortare enn Eiliv sykla
Hareid-sida har motteke ein sms frå Hareid 2-spelar og langdistanseløpar Arve Haugland. I likheit med Eiliv-Tore Howlid deltok han i Nibberittet i Geiranger laurdag. Haugland vil gjerne dele med oss at han sprang raskare enn Eiliv sykla. Til Eiliv sitt forsvar har han vel knapt trena i går grunna ein kneskade, men for all del, Arve, grattis!
14.06. Bergsøy fossar fram: Slo Hødd 2 i dag
|
Bergsøy-keeper Kim Vågeskar heldt nullen mot eit ungt Hødd 2-lag. |
Bergsøy vann i dag 2-0 heime mot Hødd 2. Andrius Petreikis scora begge måla etter pause. Dermed er fosnavågarane oppe i same poengsum som Herd (24). Det er no eit stort gap ned til "the best of the rest". Volda på tredjeplass har 14 poeng.
14.06. Som to dropar vatn
Kunne det blitt likare? Neppe. Dette er to dropar vatn. Helsing Rolls Royce, administrasjonen.
12.06. Treningsplan for a-laget kommande veke
Måndag: Kampgjennomgang 19.30, deretter trening (ikkje joggetur som først skrive, juniorkampen er utsett)
Tysdag: Trening 19.30
Onsdag: Trening 19.30
Fredag: Heimekamp mot Valder
12.06. Eiliv fyller år
|
Jubilanten. |
Hareids for tida langtidsskadde allround-spelar Eiliv-Tore Howlid fyller 32 år i dag. Grunna den mykje omtala kneskaden har Gomyra-høvdingen ikkje vore så mykje i rampelyset i år. Men vi håper å ha han på føtene i løpet av hausten ein gong. Eiliv debuterte for a-laget i 1994, og har spelt 227 kampar for klubben. Talet hadde nok vore høgare om det ikkje hadde vore for skadar, militærteneste og studieopphald i Australia.
Uansett; vi gratulerer!
12.06. Statistikkhjørnet: Vagn med sterk straffestatistikk
|
Vagn Scheide Mork var stødig keeper for Hareid frå 1993 til 1995, deretter det same for Hødd, Molde og Grindvoll, og igjen for Hareid frå 2003. Men han har neppe vore betre enn akkurat no. |
Statistikkhjørnet etter 2-0-tap mot Herd.
* Hareid har berre plukka eitt poeng på dei tre siste kampane. Vi ligg på 5.-plass, men det er berre tre poeng ned til 10.-plassen. Med andre ord snart på tide å vinne kampar igjen...
* Vagn Scheide Mork redda nok ein gong eit straffespark, denne gongen frå Finn Erik Stavseng. I 2009 og 2010 har Vagn redda fleire straffer enn han har sluppe inn. Fem straffer har gått inn, seks har han redda. I år har Vagn redda mot Tornado Måløy i treningskamp, og i fjor hugsar vi best redningane mot AaFK 2 og Godøy.
* Vagn Scheide Mork har vore i veldig god form i år, kanskje betre enn på fleire sesongar. Keeperen leiar til no Hareid-børsen med tre bestemannsprisar. Kim-Tore Husøy, Ronny Jørgensen, André Egset Nupen, Even Hansrud, Tore Johan Ytre-Hauge og Svein Inge Nesset har éin kvar.
* Georg Rise Gaasø fekk sin debut i 3.-divisjon. Men han er ikkje ny i Hareid-drakta, for han spelte 14 av 15 treningskampar før sesongen.
* Jørund Johansen spelte sin 10. Hareid-kamp.
* Joar Møller spelte sin 82. Han har framleis til gode å score mål på dette nivået.
* Ronny Jørgensen spelte sin 90.
* Joachim Moldskred nærmar seg jubileum. Er no oppe i 95 Hareid-kampar.
* Benjamin Reite spelte samtlige treningskampar, men har fått mindre speletid i serien. Starta i går sin andre 3.-divisjonskamp for året, og spelte veldig bra på venstrebacken.
* André Egset Nupen vart den andre Hareid-spelaren som vart utvist i år. Men Hareid har sendt inn klage, og håper å få stroke kortet. Uansett må André stå over mot Volda, sidan han fekk sitt tredje gule kort for sesongen.
11.06. 3.-divisjon: Fleire bomber denne runden
Fem kampar vart spelt i 3.-divisjon i dag. Både Godøy og Rollon tok sine første sigrar for året, medan Volda gjekk opp på 3.-plass i avdelinga med heile 7-0 mot Norborg i dag. Valder er igjen med i kampen om topp seks etter 4-3-siger mot Stranda.
Som vi ser av tabellen er det berre fire poeng frå 3.-plassen til 10.-plassen. Her blir det mykje dramatikk utover året...
11.06. Herd - Hareid 2-0: Heiderleg tap, tragikomisk dømming
Herd vann i dag fullt fortent 2-0 mot Hareid i Sunnmørshallen. Hareid kjempa veldig godt, og burde hatt minst eitt mål i høve talet på sjansar. Men Herd var veldig gode. Vagn Scheide Mork stod nok ein gong veldig godt i mål, og redda eit straffespark på 0-0. På 1-0 etter 52 minutt valde dommar Jim Dyb å gi Hareid-kaptein André Nupen raudt kort. Nupen hadde ikkje gjort noko som helst. Skulle nokon hatt kort måtte det ha vore Dag Gøran Brandal, som pirka borti ein Herd-spelar som låg nede. Både etter kortet og etter kampen innrømte Brandal overfor dommarane at det var han som burde ha vore straffa, men dommarane tviheldt på at det Nupen var mannen som hadde gjort seg fortent til raudt kort. Nupen fekk sitt tredje gule kort tidlegare i same kamp, og måtte uansett ha stått over neste kamp. Men Hareid sette rettferdigheit overfor Nupen framfor taktikk i denne saka. Det vil bli sendt inn ei klage, så spørs det om den blir tatt til følgje. Alle tilskodarane såg at det var ei svært dårleg dommaravgjerdsle, og ein i Herd-støtteapparatet har det på video.
11.06. Knepent tap for G16
Gursken/Larsnes/Gjerdsvika – Hareid 2-1 (1-1)
Mål: Eirik Riise (str.)
Lagoppstilling (4-3-3): Sjur Gjerde, Aksel R Bakken, Lars Bastian Reite, Andreas Fure, Eirik Riise, Sujeth, Ådne Andersen, Martin Mork Breivik, Fredrik Andresen, Peder Alme, Joachim Pedersen.
Innbyttarbenk: Marton Muren, Thadsjainan, Emil Hareide, Kristoffer Åsmo Riise, Markus Hatløy.
Ifølgje rapportane var dette ein kamp med mykje kriging og tidvis også ein del grisespel, spesielt frå heimelaget, noko som sikkert kan tilskrivast ei dårleg grasbane i tillegg. Hareid sitt mål kom etter at Ådne vart felt innanfor 16-meteren. Straffa sette Eirik i mål.
Ref. SiB
10.06. Preview: Herd - Hareid
11.06. Eiliv under kniven - men først skal han sykle eit ritt
|
Eiliv |
Hareids nest mest rutinerte spelar, Eiliv-Tore Howlid, skadde kneet sitt i vinter og har ikkje spelt fotball sidan. Han skulle eigentleg operere for eit par månader sidan, men legane snudde i døra, fordi dei hadde mistolka kneskaden. Men no har Howlid endeleg fått ny dato for operasjon.
- Eg skal operere 21. juni på Medi 3. Kva dei skal operere og korleis veit eg ikkje, men eg håper dei har kontrollen, seier Howlid.
Som satsar på å få med seg nokre kampar på tampen av sesongen. Men først skal han ut på landevegane. Eiliv skal saman med kompisen Klaus Stian Krumsvik Moldskred sykle Nibberittet laurdag.
10.06. Åkervik gjer comeback for Hareid-sida
|
Sondre Åkervik i glansdagane som journalist for Hareid-sida. |
Hareid-sida har ikkje hatt fast referent på a-kampane i 2010, og dekninga av laget har blitt mykje tilfeldig frå kamp til kamp. Men no ser vi lys i tunnelen. For ein representant frå fotballstyret observerte i dag Sondre Åkervik på Hareid. Han kom igjen frå studiar i Bergen i går, og vi har sikra oss ein munnleg avtale om at Åkervik dekker Herd-Hareid for Hareid-sida i morgon. Vidare seier avtalen at han også har opsjon på å dekke resten av a-kampane før ferien. Sondre Åkervik var i mange år ein sentral mann for Hareid-sida, som allround webjournalist med spesielt ansvar for a-laget frå 2005 til 2009. I ein kommentar til nettsida seier 20-åringen at han ser fram til å igjen dekke Hareid-kampar.
- Etter eit år som kulturjournalist for ei studentavis i Bergen skal det bli godt å få dekke litt lokalfotball igjen. Dette ser eg fram til, seier Åkervik.
08.06. Redusert Hareid 2-lag møter Hasundgot onsdag kveld
|
Med Peter Paus på skadelista blir det opp til Gunnar Johann Ringstad (på biletet frå yngre dagar, då han hadde hår på hovudet) å score måla. |
Hareid 2 har til gode å tape i årets 5.-divisjon. Etter sju rundar har Hareids nest beste menn fem sigrar og to uavgjorte. Men det skal bli vanskeleg å halde på den statistikken, for Hareid 2 stiller eit redusert lag heime mot Hasundgot onsdag kveld. Toppscorar Peter Paus må stå over grunna ryggplagar. John Anders Liaset, Kim Lillebø og Joachim Røyset er også skadde. Sven-Aslak Veiseth og Christian Aasmo er vekke grunna jobb, Arve Haugland er oppteken med eksamen, og Georg Einar Mork er enno ikkje speleklar for Hareid. Men andrelaget sitt støtteapparatet har klart å leite fram 14 meir eller mindre oppegåande personar til troppen, sjølv om ikkje alle har spelt så mykje fotball i det siste. Så står det att å sjå; Spelar Hareid 2 sin åttande seriekamp på rad utan tap - eller tar "erkerival" Hasundgot med seg alle poenga heime?
Kampstart 21.00, Hareidsmyrane stadion, Magne J. Krumsvik frå IL Hødd dømmer.
Tropp: Kevin Hestholm, Stian Garnes, Arve Vestnes, Rune Husø Johansen, Nikolay Sundgot, Paul Magne Worren, Anders Eidsvik, Georg Rise Gaasø, Espen Beiermann, Ivar André Aadland, Gunnar Johann Ringstad, Hiwa Alipoor, Frank Robert Moldskred, Einar Orten Trovåg
12 |