10.06. Vurdering av 3.-divisjonsrunden

FREDAG:

* Godøy - Brattvåg. Imponerande av Brattvåg å spele 4-4 mot Volda sist, med ni mann på bana siste halvtimen. Kan gå opp på 3.-plass om dei vinn denne kampen, og det reknar vi med at dei gjer. Godøy kan skape problem for ein del lag i ein del kampar, spesielt på eige gras, men det skal ikkje kunne halde i 90 minutt mot Brattvåg. B
* Herd - Hareid.
Alle venta på når Herd skulle avgi poeng for første gong i år. Og det skjedde sist runde, då dei tapte borte mot Stranda. Er nok revansjesugne framfor denne runden, for Bergsøy pustar bylaget i nakken. Hareid var inne i ein god stim, men har berre plukka eitt poeng på dei to siste. Og får det nok tøft i Sunnmørshallen. Vi kan i det lengste håpe, men all sunn fornuft tilseier Heimesiger denne kampen.
* Volda - Norborg.
Aldri lett å bli kloke på Volda. Etter 10 poeng på fire kampar klarte dei å IKKJE vinne mot Brattvåg - trass spel 11 mot 9 dei siste 30 minutta. Norborg fekk seg ein opptur med siger mot Valder sist, og er med for fullt i kampen om topp seks. Men er langt betre heime enn borte. Vi trur ikkje dette blir ei overkøyring av noko slag. Ein knapp H får halde (for ein veit jo aldri med Norborg, og Volda er heller ikkje til å stole på).
* Valder - Stranda
. Valder kjem frå bortetap mot Norborg, medan Stranda stod for rundens bombe då dei slo Herd. No er også Ronnie Furseth tilbake for fullt, og det hevar Stranda klart. Men stabile blir dei nok aldri, og det same kan vi seie om Valder for så vidt. Dette kan fort bli målrikt og jamt, og vi spelar ein usikker H.
* Rollon - Spjelkavik. Jaja, Rollon, kva skal vi seie? The show must go on? Ja, for det må det, same kor håplaus fasiten ser ut etter åtte rundar (to poeng). Kan jo i teorien komme seg inn igjen i kampen om topp seks, men det begynner å haste. Vika varierer, men har ikkje tapt på dei tre siste rundane. Sjølv om Vika er favoritt denne kampen, så er det jo eit byderby som lev sitt eige liv. Vi spår ein frekk U.
MÅNDAG:
* Bergsøy - Hødd 2. Toppoppgjer. Desse laga ligg på høvesvis 2. og 3.-plass, men åtte poeng skil dei. Bergsøy har imponert stort så langt, sjølv om dei like gjerne kunne tapt mot Hareid sist runde. Hødd 2 knuste Rollon 7-1 sist, og er alltid gode på heimebane. Det blir nok noko heilt anna på Bergsøy-graset på måndag. Mykje publikum og eit hardt kjempande heimelag blir fort eit hakk eller to for tøft. Og Bergsøy har ein motivasjon i å halde følgje med, og kanskje til og med gå forbi - Herd. H


10.06. God gammal årgang

Vi har vore i dei mest gøymte delane av ei mest ukjende skapa på klubbhuset - og funne to plakatar frå tidleg 80-tal. Nærare bestemt årets lag i Sunnmørsposten for 1981 og 1982. Hareid hadde med høvesvis tre og to spelarar. "Årets lag" gjeld etter det vi forstår dei beste spelarane i 3.-divisjon (som no heiter 2.-divisjon) frå Sunnmøre og Nordfjord. Vi merkar oss også at Sunnmørspostens eigen Helge SQZ har snike seg med på eitt av laga. Trykk på bileta for å sjå dei i skikkeleg storleik.


10.06. Og så vann endeleg Haddal

Haddals Tony Rasmussen mot Hareid 2 i mai.

Haddal starta opp igjen med seniorfotball før 2009-sesongen. I fjor vann dei ikkje ein einaste kamp og enda sist i 5.-divisjon. Før den åttande runden i årets 5.-divisjon var dei også utan trepoengarar. Men i går kveld vann dei endeleg - 5-4 borte mot Gjerdsvika. Vi gratulerer, Haddal. Og håper all ventinga var verdt dei mange tapa.

PS. Førre periode Haddal hadde seniorlag var det i samarbeid med BAUFIL (Blåtinden Allstars United Fotball Idrettslag). Så vidt vi hugsar var det i 2003 og 2004. I løpet av dei to åra vann BAUFIL/Haddal éin gong (deira første kamp det første året), men dei fekk om ikkje anna mykje mediemerksemd for å vere norges dårlegaste fotballag.


10.06. Forfalla haglar inn før Herd-kampen - men kven er så dette?

Han luktar framleis mål, som i dagane som spiss/ving for Hødd, Start, Vigør og Hareid.

Søndag skreiv vi at Hareid for tida har ein brei og jamn stall. Og det får vi verkeleg testa borte mot Herd fredag. Steffen Uldbæk har meldt forfall grunna jobbreise. Og på onsdagstreninga hinka både Tore Johan Ytre-Hauge og Svein Inge Nesset av med skadar. Nesset blir truleg klar, men det ser langt verre ut for kaptein Ytre-Hauge. Tar vi også med at Fredrik Bøe framleis slit med skuldra, Joachim Røyset er skadd, Robert Ulfstein det same, og at Håkon Orten Trovåg ligg sjuk - så blir det ein redusert tropp og truleg nok ein gong eit nykomponert lag i aksjon mot Herd.

På onsdagstreninga dukka det forresten opp ein gammal kjenning. André Skotheim burde vere eit kjent namn for dei som følgjer Hareidsfotballen, sidan han var spelande assistenttrenar i 2005 og 2006, og hovudtrenar frå 2007 til 2009. Skotheim dukka ikkje opp på treninga for å prøve å ta jobben til Bjørge Worren. Men for å trene.
- Eg vart veldig glad då Bjørge sa det var greitt at eg fekk trene med laget i dag, sa "Skotty" då han dukka opp i garderoben.
Han avkrefta samtidig at han blir med til Sunnmørshallen fredag, for då er han vekk i jobbsamanheng. Men André Sundal Skotheim, som hans fulle namn er, står framleis registrert som Hareid-spelar.

Anar vi ein ny facebook-gruppe for å få han til å gjere comeback?

Meir om skadesituasjonen og Herd-kampen torsdag kveld.


09.06. Nok ein siger til Hareid 2: 3-2 mot Hasundgot

Hareid 2 møtte Hasundgot på Hareidsmyrane stadion seint onsdag kveld. Kampen var prega av ein sterk vind, som Hareid drog god nytte av i 1. omgang. 1-0 kom etter kort tid då Anders Eidsvik scora frå kort hald etter mykje fram og tilbake inne i feltet. Så kom Gunnar Johann Ringstad seg fri på venstresida og klinka inn 2-0. Og 3-0-målet til Arve Vestnes var ikkje så ulikt. Heilt fortent Hareid-leiing til pause. Hasundgot hadde vel berre ein skikkeleg sjanse dei første 45. 2. omgang var lenge jamn og keisam, utan dei store hendingane. Men 15 minutt før slutt mista den elles så solide keeperen Kevin Hestholm ballen frå sine eigne hender, slik at Lars Henrik Hasund fekk redusere. To minutt på overtid scora Bjørnar Sunde Gjerde på frispark. Men det enda med 3-2 til heimelaget, noko som var heilt fortent. Det vart delt ut ein del kort til begge lag i dag, men dommar Magne Johnny Krumsvik la lista veldig lågt. For kampen var aldri noko som likna på stygg. Skal vi trekkje fram Hareid-spelarar i dag, så var spelande trenar Rune Husø Johansen solid i forsvar, Espen Beiermann som vanleg roleg og konstruktiv på midten, og Gunnar Johann Ringstad gjorde ein heroisk innsats som einsleg spiss.

HIL 2 står no med seks sigrar, to uavgjorte og ingen tap. Kampprogrammet framover er veldig tøft. Frå neste onsdag og ei veke fram i tid ventar oppgjer mot Sæbø, Åheim og Tjørvåg.

Kampfakta:
5.-divisjon avdeling 2, runde 8, Hareidsmyrane stadion, 32 tilskodarar:
Hareid 2. lag - Hasundgot 3-2 (3-0)
Mål Hareid: Anders Eidsvik, Gunnar Johann Ringstad, Arve Vestnes
Mål Hasundgot: Lars Henrik Hasund, Bjørnar Sunde Gjerde
Hareid: Kevin Aarvik Hestholm - Paul Magne Worren, Stian Garnes, Rune Husø Johansen, Anders Eidsvik - Georg Gaasø, Espen Beiermann, Arve Vestnes - Hiwa Alipoor, Gunnar Johann Ringstad, Ivar André Aadand + Arve "Tigeren" Haugland, Frank Robert Moldskred, Nikolay Sundgot, Einar Orten Trovåg

Trykk på eit bilete for å sjå biletserien frå kampen i skikkeleg format.


09.06. Bilete frå Hareid - Bergsøy

Per Inia Brekke tok over 800 bilete før og under Hareid - Bergsøy sist veke. Her kjem eit lite utval. Trykk på eit bilete for å sjå biletserien.


09.06. Smågutelaget vann igjen

Møtte Aksla borte. Les referatet --->


09.06. Herd-kampen går i Sunnmørshallen

Hareid spelte berre éin heimekamp på gras i 2009 - mot Herd. Og sjeldan har vi vel fått meir skryt for underlaget frå bortelaget (på biletet ser vi trenarane Rune Ulvestad og Eirik Hoseth). Ein ikkje namngitt Hareid-keeper hadde nemleg lagt nokre ekstra lag med høy opp på graset, slik at bana passa perfekt for teknisk og hurtig fotball.

Etter det Hareid-sida erfarer har Herd heimebana si litt forskjellige stader i år. No er det i alle fall klart at fredagens kamp mellom Herd og Hareid går i Sunnmørshallen. Det er ein arena Hareid ikkje har spelt på sidan tidleg 2000-tal. Men underlaget - kunstgras - burde vere kjent for dei fleste. Førehandsomtale av kampen seinare i veka.


08.06. Drua er divisjonens tredje beste spelar, ifølgje Sumpen

Nupen.

Norborg si nettside oppdaterer etter kvar 3.-divisjonsrunde kven Sunnmørsposten sine utsende gir poeng. "Sumpen" kårar etter sesongen årets 3.-divisjonsspelar, som i fjor vart Karl Oskar Fjørtoft (Herd). Hareid har ikkje hatt årets spelar nokon gong så vidt vi kan hugse, det trass i at vi er det lengstlevande laget i divisjonen. Men kan vi få det i år? Lasse Olsen (Herd) toppar børstoppen med 12 poeng, deretter kjem Pål Erik "Polly" Ulvestad (Herd med 9. Sju spelarar har 8, inkludert vår eigen André Egset "Drua" Nupen. Så det var ikkje så dumt av han å gjere comeback rett før sesongstart... Vi får håpe at Nupen held fram det gode spelet utover sesongen, og plukkar poeng jamt. Synd (for oss) at han skal flytte til Bergen til hausten, men det er jo eit ord som heiter flybillett om saknet skulle bli for stort.

Andre Hareid-spelarar som har plukka Sumpen-poeng i år:

Vagn Scheide Mork - 7
Kim-Tore Husøy - 5
Tore Johan Ytre-Hauge - 5
Joachim Moldskred - 3
Ronny Jørgensen - 3
Svein Inge Nesset - 1

Toppscorarlista er også gledeleg lesing for Hareid-patriotar.


08.06. Lokomotiv på rett spor - slo Vålerengen i dag

Lokomotiv Oslo sitt førstelag i 4.-divisjon vann i dag 6-2 borte mot Vålerengen 3. Det betyr at "Loket", rett nok med ein kamp eller to meir spelt enn dei andre, ligg på 5.-plass i avdelinga - noko som ved sesongens slutt gir ståplass. Mot VIF 3 teikna Marius Rise seg på scoringslista. Dermed fekk han ei kjekk avslutning i den svarte drakta. Seinare denne veka returnerer Marius nemleg til Hareid. Men han blir neppe klar til fredagens kamp mot Herd etter det Hareid-sida kjenner til.

Tabell 4.-divisjon Oslo (Nedrykk for fire siste)


08.06. Vart knust av Hødd 2: Kan noko eller nokon redde Rollon?

Måndag kveld vann Hødd sine nest beste 7-1 heime mot Rollon. Det gjorde at Hødd 2 (med ein kamp mindre spelt) gjekk forbi Hareid på tabellen, medan Rollon fall ned frå 11. til 12.-plass.

Med unntak av hengekampen mellom Hødd 2 og Spjelkavik er åtte rundar ferdigspelte i avdelinga. Og sjølv om det er 14 igjen, så begynner vi å sjå interessante ting på tabellen - som har delt seg opp i tre ulike delar:

* Dei to beste: Herd og Bergsøy fører an i tet, begge med 21 poeng. Mykje skal gjerast om ikkje eitt av desse laga stikk av med avdelingssigeren til slutt - trur vi.

* Dei åtte midtlaga (som har mellom 13 og 8 poeng); Hødd 2, Hareid, Brattvåg, Spjelkavik, Volda, Norborg, Valder og Stranda. Desse åtte laga kjempar om fire ledige plassar i neste års nye 3.-divisjon (2 1/2. divisjon).

* Dei to siste: Godøy og Rollon. Begge desse laga har to usle poeng. Rollon har komme seint men godt tidlegare sesongar, men det kan ikkje gå lenge før dei startar å vinne kampar no om dei skal halde seg. Nils Ottar Sandø, som står i Hessa, hadde nok blitt tatt imot med opne hender i Larsgården om han sjølv skulle vere interessert.

PS. Det har tidlegare blitt opplyst både her og der at Hødd 2 automatisk rykkjer ned om a-laget deira ikkje rykkjer opp til Adeccoligaen. Vi har no fått vite frå informert hald at det ikkje stemmer.


07.06. Årets bortetur for Hareid 2

3. juli spelar Hareid 2 bortekamp mot Sunnylven. I det høvet legg laget opp til "årets bortetur". Det inkluderer buss til og frå Hellesylt via Sæbø, deretter går ferda til sjøbuda til familien Lillebø i Brandal. Der blir det VM-kvartfinale på storskjerm, bading og grilling. I tillegg til HIL 2-spelarar kan "kven som helst" melde seg på turen. Det gjer du til Kristian Angelsen på telefon 93426072. Bussen kan fort bli full, så ver snart med å meld deg. Kva kostnadane blir per person denne turen er avhengig av kor mange som blir med.


06.06. 21 utespelarar kjempar om ti plassar - den hardaste konkurransen om plassane på fleire år?

Det som i vinter såg ut som ein ganske tynn og sårbar stall, har no blitt ei så stor og sterk spelargruppe at trenarteamet dei neste kampane kan bli tvinga til å vrake fleire meritterte spelarar. Kor lenge blir det slik, og når hadde Hareid sist ein så breid stall? Vi tar ein gjennomgang.


05.06. A-lagstreningane kommande veke

Det blir ikkje trening tysdag, men torsdag, i høve det som har vore malen i det siste.

Vekeprogrammet ser dermed slik ut:

Måndag - trening 18.00
Onsdag - trening 19.30
Torsdag - trening 19.30
Fredag - bortekamp mot Herd


05.06. Årsbeste på Hareid-sida

Vi hadde i går 2762 ulike besøk, noko som er det beste sida har hatt i år.


05.06. Siger til småjentene

Jenter 96 vann i dag 4-0 mot Tjørvåg. Her er dei glade jentene etter kampen på Hareidsmyrane stadion. Foto: Solveig Trovåg


04.06. Worren: - Slik kan det gå

Bjørge Worren sat att med ei sur kjensle etter overtidstapet mot Bergsøy. Men meinte at tapet kom mot eit godt lag.
- Det vart ein kamp som følgde vinden. Bergsøy var best i 1. omgang i medvind, og vi best i 2. omgang i medvind. Vi møtte eit lag som var vanskelege å spele mot. Dei var kanskje ikkje så gode defensivt, men hadde eit godt kollektiv som inkluderte nokre verkeleg gode spelarar - dei to litauarane og Kjetil Steinsvik Paulsen. Eg er nøgd med innsatsen og lagmoralen i dag, sjølv om det aldri er kjekt å tape kampar på overtid. Men slik kan det gå. Vi får berre sjå framover. Det er fire kampar igjen før sommarpausen, og vi heng framleis greitt med.

Vagn Scheide Mork vart kåra til Hareids beste spelar mot Bergsøy.


04.06. Statistikkhjørnet: Når Hareid taper, er det ikkje mykje

Statistikkhjørnet klarer alltid å finne noko positivt. Sjølv om Hareid taper.
* Alle tapa til Hareid i år er eittmålstap. Det har skjedd to sesongar tidlegare at Hareid har gått gjennom sesongen utan å tape med meir enn eitt mål: 1979 og 1988. Men det er jo 14 kampar igjen av denne sesongen...
* Kim-Tore Husøy scora sitt 10. seriemål i 3.-divisjson i år. Han har dermed scora halvparten av Hareid sine 20 seriemål, og er framleis toppscorar i avdelinga.
* Hareid har spelt 23 kampar med trenings- og seriekampar. Vagn Scheide Mork er den einaste som har spelt alle. Even Hansrud kjem nærast med 22.


04.06. Runden som hadde det meste, inkludert turn

Fem kampar vart spelt i 3.-divisjon i dag. Vi registerer at det har vore både dramatikk og overraskande resultat. Ein kjapp gjennomgang:
* Hareid - Bergsøy 1-2. Ikkje eit overraskande resultat, men lokaloppgjeret vart ikkje avgjort før på overtid. Sjølv om vi ikkje har det offisielle publikumstalet endå, så har ikkje det vore så mange på ein Hareid-heimekamp (ikkje bortekamp heller for den del) sidan cupoppgjeret mot AaFK i 2005. Vi rettar også ei stor takk til turnarane (biletet) som hadde pauseunderhaldinga.
* Stranda - Herd 2-1. At Herd skulle gå på eit tap før eller seinare var ikkje overraskande, men litt uventa at det skjedde på Stranda. Joakim Relling utvist på overtid for vertane.
* Spjelkavik - Godøy 3-0. Inga bombe. Vika er no to poeng bak Hareid med ein hengekamp til gode.
* Norborg - Valder 2-0. Endeleg er oransjetrøyene back on track.
* Brattvåg - Volda 4-4. Må ha vore litt av ein kamp. Brattvåg gjekk opp i 3-2-leiing med ti mann på bana, og snudde frå 3-4 til 4-4 med ni (!) mann.

Tabell

Kampfakta


04.06. Hareid - Bergsøy 1-2

Hareid tok leiinga ved Kim-Tore Husøy, før Alexander Dahle utlikna. Harald Haugen sikra bortesiger etter mål på overtid i 2. omgang. Surt, men Hareid spelte ingen god kamp.

Les vårt livereferat.



13

Generalsponsor


Sponsorar