03.06. 3.-divisjon: Vurdering av runde 8

FREDAG:
* Stranda - Herd.
Rykta seier at Ronnie Furseth er heime igjen på Stranda etter spel for Kvik 2 i Trondheim sidan nyttår. Det hevar Stranda mange hakk. Furseth har spelt saman med Kato Vangen på topp for Stranda i "alle dei år", og scora mange mange mål. Men denne kampen kjem Herd på besøk, og ifølgje terminlistene går kampen på kunstgras. Herd kjem før eller seinare til å tape poeng, noko dei ikkje har gjort så langt i år, men dette skal i utgangspunktet vere ein udiskutabel B.
* Norborg - Valder. Dei oransje heldt nesten på å ryste Herd førre runde, men det harde faktum er at Norborg har fire kampar på rad utan poeng. Varierande Valder kan finne på det meste, og det vil ikkje overraska oss om dei lagar trøbbel i Uggedalen. Men på eige gras er Norborg gode, og før eller seinare må dei vel ta poeng igjen. H
* Spjelkavik - Godøy. Vika er heller ikkje eit lag du kan stole på, men uavgjort borte mot Volda sist veke var eit godt resultat. Godøy bit frå seg i enkelte kampar, men har til gode å vinne. Kan krige med Spjelkavik ei god stund, men når alt kjem til alt skal dette vere ein ganske så sikker H.
* Hareid - Bergsøy. Toppoppgjer på Søre Sunnmøre. Bergsøy har 18 poeng, Hareid 13. Hareid har tilbake Kim-Tore Husøy, og kanskje også Tore Johan Ytre-Hauge. Bergsøy verkar veldige solide, men må gå på ein smell ein gong i blant dei også. Denne kampen kan ende med alle dei tre moglege utfalla. Vi trur laget som tørr å sleppe seg mest lause og satsar mest offensivt dreg det lengste strået. Og det hadde ikkje vore oss i mot om det blir Hareid.
* Brattvåg - Volda. Brattvåg opna jo så godt med 10 poeng på dei ti første. Har deretter tapt tre strake. Volda har motsett kurve med først tre strake tap og deretter 10 poeng på dei fire siste. Møtest laga på midten her? Njei, vi trur Brattvåg har ein stor fordel av at dette er ein graskamp - og plukkar ein etterlengta siger. H
MÅNDAG:
* Hødd 2 - Rollon.
Det begynner å spøke for Rollon om dei ikkje snart vinn kampar. Dei sju første har nemleg gitt dei berre to poeng. Hødd 2 var utan poengtap på heimebane før møtet med Hareid måndag. Skal normalt sett ta Rollon heime. Men om Rollon skal vere med på leiken må dei innsjå alvoret og ta fram den enorme innsatsen dei har på sine beste dagar. Sjå ikkje vekk frå at dei gjer det her. U

Tabell og terminliste


03.06. - Bergsøy er favorittar, meiner bookmakerane

Ein tippeinteressert lesar har tatt seg ein runde på nettet, og sendt oss denne artikkelen:

Bergsøy favorittar hos bookmakerane.

Ikkje så veldig overaskande, heller ein bekreftelse på kompetansen til
dei største speleselskapa i verda, har dei alle saman Bergsøy som
favorittar til storkampen på Hareidsmyrane stadion i morgon.

Vi har sondert markedet som tilbyr spel på kampen, og komme fram til at Bergsøy er favorittar i lokaloppgjeret.

Norsk Tipping

Hareid 2,20
U 3,75
Bergsøy 1,90

Nordicbet (www.nordicbet.com)

Hareid 2,35
U 4,85
Bergsøy 2,15

Betsafe (www.betsafe.com)

Hareid 2,60
U 5,05
Bergsøy 1,85

Centrebet

Hareid 2,35
U 5,00
Bergsøy 2,10


02.06. Årets happening på Hareid

Hareidsdagane? Nei.
Hareidsstemna? Nei.
Utedansen på hotellet? Nei.
Hjørungavågspelet? Nei.
Kommunestyremøte om Hennum-saka? Nei.
Traktortreff? Nei.
Julegrantendinga? Nei.
Pinsegudstenesta på Melshornet? Nei.
Sal på Bunnpris? Nei.
Vi snakkar om:

3.-divisjon avdeling 17, runde 8
Fredag klokka 18.30
Hareidsmyrane stadion

HAREID - BERGSØY
Dommar: Sindre Eikrem, MSIL
Kiosksal, speakerteneste, pauseunderhaldning, ballgutar og kampprogram.


02.06. Hareid 2 tok rekorden: 4-2 mot Gjerdsvika

Hareid 2 sin gode prestasjon i fjorårets serieopning med seks kampar utan tap står ikkje lenger. For i dag vann HIL 2 4-2 mot Gjerdsvika, og det betyr at klubbens nest beste lag ikkje har tapt i årets sju første seriekampar. Samtidig er Hareid 2 oppe på 2.-plass i avdelinga. Hovdebygda har nemleg seks sigrar og ein uavgjort mot Hareids fem sigrar og to uavgjorte. Dagens trepoengar var av det fortente slaget, men ustabile Gjerdsvika var lenge med på leiken. Hareid leia 2-0, men Gjerdsvika reduserte. Det same gjorde dei på 3-1. Til 2. omgang la Hareid om frå 3-5-2 til 4-4-2, slik at Gjerdsvika kom mindre med. Per Ståle Nykrem scora omgangens einaste mål. Rapportane seier at Daniel Reite var god keeper i sin første kamp i år, Arve Vestnes og Stian Garnes var solide i forsvar, Espen Beiermann og Per Ståle Nykrem solide på midten, og Arve Haugland kom inn i pausen og spelte godt. Spissane scora ikkje i dag, men laga om ikkje anna ein del farligheiter.

Mål Hareid: Per Ståle Nykrem (2), Fredrik Bøe, Ivar André Aadland

Hareid: Daniel Reite - Arve Vestnes, Stian Garnes, Rune Husø Johansen - Per Ståle Nykrem, Georg Rise Gaasø, Espen Beiermann, Ivar André Aadland, Fredrik Bøe - Peter Paus, Gunnar Johann Ringstad 
+ Paul Magne Worren, Hiwa Alipoor, Arve Haugland.


02.06. Hareid - Bergsøy: Gutar 2001 blir ballgutar

Alt under kontroll: Kristian Angelsen

Det er to dagar igjen til folkefesten mellom Hareid og Bergsøy. Og brikkande begynner å komme på plass, melder arrangementsjefane Kristian Angelsen og Ottar Røyset. Gutar 2001 er henta inn som ballhentarar. Laget har stjernekvartetten Johs Riise, Stig Andor Engen, Pål Apelseth og Arne Gunnar Nesset som trenarar. Elles blir det som tidlegare skrive turnoppvising i pausen, samt utvida kiosktilbod og gratis kampprogram til betalande tilskodarar. Alt ligg med andre ord til rette for ein folkefest. I alle fall bør vi klare det høgste tilskodartalet sidan cupkampen mot AaFK i 2005 (1600). Så spørst det om det blir festfotball ute på bana også.

Førehandsomtale av sjølve kampen onsdag kveld.


02.06. Storsiger til smågutelaget i går

G14: Hareid – Bergsøy 10-0 (2-0)

Mål: Kristoffer (8), Petter Martin, Martin

Lagoppstilling (4-5-1): Ole Monrad Alme, Sondre N Grimstad, Audun Øvrelid, Ludvig J Rasmussen, Adrian M Strand, Stian M Holstad, Chetnarong Haugen, Martin M Breivik, Hazhir Alipoor, Petter Martin B Kløvning, Kristoffer Ø Hasfjord.

Innbyttarbenk: Alexander Carroza, Andre Teige, Amed Aydin, Hamed Najafi, Vetle J Rasmussen.

Kampen starta med at Hareid gjekk rett i angrep, og scora enkelt etter frispeling av Kristoffer. Dette gav eit signal på kva som skulle kome vidare utover i kampen. Laget pressa Bergsøy tilbake på bana, og 2-0, kom ved klyngespel inne i Bergsøy sin målgård, etter avslutning frå Martin. Hareid rulla opp angrep etter angrep, men fleire mål vart det ikkje i første omgang.

I andre omgong kom den berømte ”ketchup” effekten, der Hareid netta heile 8 gongar, Kristoffer stod for heile 7 av måla, medan Petter Martin var fint frampå og avslutta eit herleg angrep, kontant i mål. Kampen sett under eitt, var dette ei god forestilling av Hareidslaget. Spelarane viser seg meir og meir fram. Lagorganiseringa begynner å kome, kamp for kamp.

Bra jobba alle saman. Ref. SB

 


01.06. Hareid 2 kan setje ny rekord onsdag

Hareid 2 sin spelande trenar Rune Husø Johansen.

Onsdag klokka 21.00 spelar Hareid 2 heimekamp mot Gjerdsvika på Hareidsmyrane stadion. 2009-utgåva av HIL 2 starta sesongen med seks kampar utan tap. Den same statistikken står 2010-utgåva med no. I morgon spelast den sjuande runden i årets 5.-divisjon, og om Hareid 2 unngår tap mot Gjerdsvika blir det altså ny rekord. Hareid 2 har ein del forfall denne kampen, men har skrapa saman ein OK tropp likevel (sjølv om det per tysdag klokka 23.30 er usikkert kven som står i mål). Gjerdsvika er eit ustabilt lag. Dei er som regel gode når alle sjøfolka deira er på land, men slit veldig elles. Sist runde klarte grøntrøyene 2-2 borte mot Bergsøy 2, noko som er eit veldig sterkt resultat.

Tropp: Kee Per, Arve Vestnes, Rune Husø Johansen, Stian Garnes, Hiwa Alipoor, Espen Beiermann, Georg Gaasø, Ivar André Aadland, Paul Magne Worren, Peter Paus, Gunnar Johann Ringstad, Per Ståle Nykrem, Fredrik Bøe, Preben Nedrelid, Joachim Røyset.


01.06. Volda vann hengekampen - klatra over streken

Volda vann i dag 1-0 mot Rollon i ein hengekamp i 3.-divisjon. Trond Brynestad scora målet til grøntrøyene. Det betyr at Volda etter ein elendig start har tatt 10 poeng på dei fire siste kampane, og klatrar opp til ein 6.-plass på målskilnad bak Brattvåg. Rollon er akterutseilte med eitt poeng av 21 moglege på nest sisteplass.
Berre ein hengekamp mellom Hødd 2 og Spjelkavik manglar på at sju rundar i avdelinga er gjennomførte. Runde 8 startar fredag og blir spelt ferdig måndag. Meir om den seinare.


01.06. Tre dagar igjen til storkampen Hareid - Bergsøy

Kampar for nesten folketomme tribunar er ikkje heilt uvant kost i 3.-divisjon, her mellom Valder og Hareid i 2008. Men fredag blir det annleis.

Hareid-spelarane frå venstre; Ørjan Engen Grimstad, Kim-Tore Husøy, Sturla Pilskog, Eiliv-Tore Howlid, Per Ståle Nykrem, Joachim Moldskred, Christian Mork, Ruben-Kenneth Brandal, Robin Jackson Indreflø, Audun Orten Trovåg og Martin Andreas Molnberg. Berre Husøy, Nykrem og Moldskred av desse er aktuelle for spel fredag.

Fredag spelar Hareid heimekamp mot Bergsøy, i det som fort kan bli årets happening på Søre Sunnmøre. Det er venta fleire hundre tilskodarar i kampen mellom lag nummer 2 i 3.-divisjon (Bergsøy) og lag nummer 3 (Hareid). Ei ambisiøs facebook-gruppe håper på 800 tilskodarar. Vi veit at folk kjem med både buss og biø frå Fosnavåg. Samtidig har tilskodartalet på Hareid-kampane vore stigande i heile år. Og ein slik kamp er også interessant for folk frå Sande, Vanylven og Ulsteinvik.

Det er verdt å merke seg pauseinnslaget Hareid kan by på. Hareid IL si turngruppe har i fleire år på rad markert seg i landseliten. Dei vil halde eit spennande show for tilskodarane i pausen.

Meir om kampen utover i veka.

PS. Kjekt at Bergsøy framleis ser på oss som storebror. Artikkelen frå november i fjor som du les ved å trykke deg vidare gir nemleg ikkje noko eintydig svar på kven som eigentleg er best av Hareid og Bergsøy gjennom historia.


31.05. Statistikkhjørnet: Årets første 0-0-kamp

Statistikkhjørnet etter 0-0 mot Hødd 2.
* Hareid var involvert i ein 0-0-kamp for første gong sidan første haustkap borte mot Godøy i fjor. Det var også sist Hareid spelte uavgjort i ein seriekamp. Berre éin gong i fjor var Hareid involvert i ein seriekamp der poenga vart delt.
* Hareid tok poeng borte mot Hødd 2 for første gong sidan 2004.
* Hareid tok poeng mot Hødd 2 for første gong sidan vårkampen på Hareid i 2008.
* Vagn Scheide Mork spelte sin 286. Hareid-kamp, og tangerte dermed Dag Harald "Dejen" Moldskred på adelskalenderen.
* Fredrik Aursnes vart tidlegare i år tidenes yngste Hareid-spelar, i tillegg til tidenes yngste Hareid-målscorar. No er han også den yngste som har starta ein seriekamp for klubben.
* Hareid ligg på 3.-plass i 3.-divisjon med 13 poeng. På plassane over ligg Bergsøy med 18 og Herd med 21. Næraste lag bak Hareid er Brattvåg og Hødd 2 med 10 poeng. Tabell.

Neste Hareid-kamp: Fredag mot Bergsøy på Hareidsmyrane
(Mykje) meir om den kampen seinare.


31.05. Poengdeling i The Battle of Hareidlandet

Hareid spelte i dag 0-0 borte mot Hødd 2. Resultatet var kanskje rettvist. Hødd hadde ballen mest, men Hareid hadde dei fleste sjansane. Etter 85 minutt kunne Joachim Moldskred blitt den store helten, men han avslutta over på nesten blank goal etter innlegg frå Fredrik Aursnes.


31.05. Vagn fyller år

Kjendistreff: Vito frå Sopranos og Vagn.

Hareids keeper og kasserar Vagn Scheide Mork har bursdag i dag (måndag). Jubilanten vil ikkje ut med kor gammal han er, men han er i alle fall nærmare 40 år enn 14. Uansett har han mange år igjen som Hareid-keeper. Som kjent skal ikkje Vagn gi seg før han har gått til topps på klubben sin adelskalender.

Jubilanten ønskjer seg poeng mot Hødd 2 i bursdagsgåve.

Du finn førehandsomtalen til kampen nokre hakk lengre ned på sida.


30.05. Gladnyheit: Pers blir med vidare

Per Ståle Nykrem varsla førre veke at han sluttar som Hareid-spelar og melder overgang til Tjørvåg som følgje av jobbsituasjonen hans. Det førte til sterke reaksjonar i lokalmiljøet. Facebook-gruppa "Støttegruppe for at Pers skal halde fram som Hareid-spelar" kom raskt opp i 130 medlemmar. Søndag snakka Pers med trenar Bjørge Worren på telefon, og då varsla myrvågingen at han held fram som Hareid-spelar ut neste veke. Det inkluderer dei viktige kampane mot Hødd 2 og Bergsøy. Pers er også open for å halde fram som Hareid-spelar etter det, men han kan då i periodar vere uaktuell grunna jobbreising.

Etter det Hareid-sida erfarer held fotballstyret på å jobbe fram ein femårskontrakt som dei vil tilby Hareid-legenda med det første.


30.05. Vagn tangerer Dejen

Dag Harald "Dejen" Moldskred blir snart forbigått på adelskalenderen av Vagn Scheide Mork.

Når Hareid møter Hødd 2 måndag (førehandsomtale i saka under) spelar Vagn Scheide Mork sin 286. Hareid-kamp. Det er like mange som Dag Harald "Dejen" Moldskred har. Dejen spelte sin første Hareid-kamp i 1985 og sin siste i 2003, og hadde også nokre opphald i Brandal. I dag er Dejen dommar for Hareid IL.

Vagn Scheide Mork spelte sin første Hareid-kamp i 1993, men var også fleire sesongar i Hødd, samt kortare opphald i Molde og Grindvoll. Etter kampen måndag ligg Vagn og Dejen på delt 13.-plass på Hareid sin adelskalender. Om ikkje lenge tar nok Vagn også igjen Gunnar Aursnes (291 kampar). Deretter er dei lite gap opp til dei neste på lista; Kenneth Moldskred (305) og Tom Fredriksson (308).


29.05. The Battle of Hareidlandet

Så er det klart for eit av årets høgdepunkt på Hareidlandet.

Måndag klokka 18.30
Høddvoll gras 2

Hødd 2 - Hareid


29.05. Tre hareidsdølingar spelte då Hødd vann

Ørjan Engen Grimstad.

Ingen stor 2.-divisjonskamp på Siffen i dag. Men Hødd var nokre hakk betre enn SIF, og vann greitt 2-1 i ei kjedelig affære. Ørjan Engen Grimstad fekk sin første seriekamp frå start for Hødd, og var av dei klart beste på laget. Ruben-Kenneth Brandal spelte siste kvarteret på venstrebacken, medan Christian Mork kom inn på topp etter 90 minutt. Maggi Lu og Joachim Magnussen scora Hødd sine mål, medan Kenneth Diallo netta for sebratrøyene.


28.05. Gutelaget vann igjen - fire sigrar på rad

Hareid – Herd 2. lag  4-0 (2-0)

Mål: Ådne Andersen (2), Fredrik Aursnes, Fredrik Andresen

Lagoppstilling (4-3-3): Kristoffer Åsmo Riise, Aksel Bakken, Andreas Fure, Lars Bastian Reite, Erlend Nydal, Thanussan Tharumalingam, Ådne Andersen, Martin Mork Breivik, Fredrik Andresen, Peder Alme, Sujeth

Innbyttarbenk: Emil Hareide, Fredrik Aursnes (kom etter a-treninga), Eirik Riise, Ole Monrad Alme

Dette var ein kamp som Hareid hadde god kontroll på frå start til slutt. Likevel gjekk det ei god stund ut i omgangen før det første målet kom. Både 1-0 og 2-0 kom ved Ådne. I andre omgang fortsatte Hareid å presse på, og scora 2 mål til, ved Fredrik Andresen og Fredrik Aursnes. Hareid hadde mange sjansar utanom måla, og burde nok scora fleire enn dei gjorde. Likevel vann dei med solide 4-0, som gjer at laget no har vunne 4 på rad. Mange gode prestasjonar på bana i dag.

Ref. SB


28.05. 3.-divisjonsrunden: Valder slo til, ingen lag forbi Hareid

Frank Sverre Skorpen og Bergsøy er det einaste laget som har heng på Herd.

Det vart i dag spelt fem kampar i 3.-divisjon. Vi kan oppsummere med at Hareid faktisk framleis ligg på 3.-plass - og at begge Giske-laga tok poeng.
* Valder - Brattvåg 3-2. Som vi tippa vart det eit spennande oppgjer på Valderøya, med heimelaget som vinnar. Brattvåg tok leiinga ved det unge talentet Torbjørn Grytten, men deretter snudde to mål av legenda Tom-Gøran Jønsson kampen. Henrik Hole Oksnes la på til 3-1, før Even Heggdal fånyttes reduserte på tampen. Dermed har Valder komme seg på føtene igjen etter ein svak sesongstart. Med åtte poeng er dei for fullt med i kampe om topp seks. Brattvåg opna sesongen godt, men no har dei tapt tre kampar på rad, noko som gjer at dei framleis ligg bak Hareid på tabellen.
* Godøy - Rollon 1-1. Poengdeling i botnoppgjeret. Godøy tok leiinga ved Sven Harald Nyvoll, men Michael Larsen utlikna på overtid. Begge laga har to poeng til no.
* Volda - Spjelkavik 1-1. Truleg eit bra resultat for Hareid, sidan dette er to lag som begge vil vere med å kjempe om den viktige 6.-plassen. Rune Haugen sende Volda i leiinga, men i 2. omgang netta Muss Dahir for gjestene.
* Herd - Norborg 1-0. Mål: Lasse Olsen. Kanskje litt overraskande at det berre vart scora eitt mål denne kampen. Uansett står Herd med 21 av 21 moglege poeng, medan Norborg gjekk på sitt fjerde strake tap etter ein god start på sesongen.
* Bergsøy - Stranda 3-0. Oppskriftmessig siger til Bergsøy, som med 18 poeng framleis har heng på Herd. Frank Sverre Skorpen (2) og Alexander Dahle scora måla denne gongen.
Infoen om kampane er henta frå smp.no

Tabell

Hødd 2 - Hareid fullfører den sjuande runden måndag.


27.05. Loket finn ikkje sigersformelen

Loket-trenar Arthur Garnes håper førstelaget snart får sin første seriesiger for året.

Lokomotiv Oslo kjempar i år om å halde plassen i 4.-divisjon, noko som er relativt vanskeleg med tanke på divisjonsomlegginga. Etter fire rundar står "Loket" med null sigrar, fire uavgjorte og to tap. Det betyr at dei ligg på 9.-plass av ti lag, eitt poeng framfor Vålerengen 3, og eitt bak Sagene 2 og Grorud 2.

Loket 2 i 6.-divisjon har opna hakket betre. Dei står med tre sigrar, null uavgjorte og tre tap så langt. Noko som gjer at dei har plassert seg som nummer seks av ti lag.

Loket sitt tredje lag, Old Boys-laget, har verkeleg fått sving på sakene i debutsesongen. Laget spelar i 2.-divisjon for karar over 33 år, og leiar avdelinga som består av heile 16 lag med fire sigrar av fire moglege. Den for oss ikkje heilt ukjende Ole Andreas "Dukk opp-Ole" Hjørungnes har scora 16 mål for laget så langt. Og det er fleire hareidsdølingar som har gjort seg bemerka på dette laget. Då Klemetsrud vart slått 9-3 onsdag debuterte Arne Åsland Riise, og han vart like godt kåra til banens beste. Arne er veslebroren til Roar Riise, og tvillingbroren til Harald Åsland Riise - og spelte 86 a-kampar for Hareid på 80- og 90-talet.


27.05. 4.-divisjon: Fjøra-comeback då La/Gu gjekk på ein smell

Jan Åge Fjørtoft kom endeleg på bana for Larsnes/Gursken, utan at det kunne hjelpe samarbeidslaget frå Sande nemneverdig i dag.

Runde nummer 7 i 4.-divisjon vart spelt i dag (minus Ellingsøy - Åmdal 6-2 i går). Det mest overraskande var at Larsnes/Gursken tapte 4-0 heime mot Blindheim. At Jan Åge Fjørtoft endeleg gjorde comeback for Sande-laget hjelpe fint lite. Serieleiar etter denne runden er Ørsta, som i dag slo veslebror Vartdal 3-1. Men det er veldig tett i toppen, sjå berre her:
* Ørsta, 16 poeng (18-7)
* Langevåg, 16 poeng (17-8)
* Larsnes/Gursken, 15 poeng (28-9)
* Blindheim, 15 poeng (23-10)
** Deretter kjem FK Sykkylven og Ørskog med ti poeng kvar. Gledeleg for Søre Sunnmøre at ÅVK ligg på 7.-plass med ni poeng. Odden sine disiplar er altså for fullt med i kampen om å bli med i den nye 3 1/2-divisjon.  
Tabell



14

Generalsponsor


Sponsorar