27.05. Pers opnar for vidare Hareid-spel
|
"Ej kjeme som en galning". |
Etter det Hareid-sida erfarer opnar no Per Ståle Nykrem for å halde fram i Hareid-trøya. "Pers" skal ha snakka lenge med Bjørge Worren på telefon i går, og utfallet blir forhåpentlegvis at myrvågingen held fram i Hareid.
Facebook-gruppa "Støttegruppe for at Pers skal forbli Hareid-spelar" har per klokka 22.25 i dag 115 medlemmer. Fleire har også skrive på veggen til gruppa. Hareid-supportaren Ørjan Røyset deler eitt av sine beste Pers-augneblink med gruppa: Det var vel i fjor eller året før at Pers kom på eit løp opp langs sida. Då ropte han "Ej kjeme som en galning".
Vi håper vi får fleire slike gode minne med Pers dei næraste åra.
27.05. Hansen sluttar i Spjelkavik
Spjelkavik gjorde eit scoop då dei henta inn Geir Hansen som hovudtrenar før denne sesongen. Men no er det klart at Hansen flyttar til Spania i sommar. Noverande assistent og tidlegare hovudtrenar i same klubb, Johnny Vattøy, tar over for Hansen.
27.05. A-trening fredag
A-laget trenar fredag 17.30, og ikkje i dag torsdag. Treninga går på Høddvoll gras 2.
Som ein byttehandel låner Hødd vår kunstgrasbane fredag 14.30.
27.05. Den sjuande 3.-divisjonsrunden
Hareid-sida har til no over 80 % uttelljing på 3.-divisjonstipsa vi køyrer før kvar runde, så spiss øyrene, puss brillene og følg med her;
FREDAG:
* Herd - Norborg. Etter den gode starten med sju poeng av ni, har Norborg svikta i det siste og tapt tre strake. Kjem heilt sikkert til å plukke fleire poeng utover sesongen, men Herd på Herdbana er kanskje ikkje den enklaste plassen å starte. Blåtrøyene verkar å vere minst like gode som "alle" tippa før sesongen. 5-1 borte mot Brattvåg sist var veldig overbevisande. Soleklar H
* Volda - Spjelkavik. Ikkje den lettaste kampen å tippe utfallet av. Volda opna svakt med tre strake tap, men er back on track etter sigrar mot Valder og Godøy. Vika varierer. 2-1-2 på sine fem spelte kampar. Betre heime enn borte. Volda må vise stabilitet om dei skal bli eit topp seks-lag, og med siger i dette bikkjeslagsmålet er dei der dei skal vere, sånn noko lunde. Knapp H
* Valder - Brattvåg. Valder har vore ein liten skuffelse til no, men 3-3 borte mot Vika sist var jo ganske bra. Brattvåg opna sesongen veldig sterkt, men har dei to siste kampane tapt mot topplaga Herd og Bergsøy. Sjølv om Brattvåg skal vere nokre hakk betre enn Valder, så veit vi jo aldri kva blåtrøyene frå Giske finn på. Vi køyrer derfor ein frekk H
* Godøy - Rollon. Botnoppgjer mellom lag 12 og 11. Rollon har som vanleg opna sesongen svakt, men med årets massenedrykk må dei snart begynne å vinne kampar om dei skal vere med å kjempe om topp seks. Eit fint høve til siger denne kampen, men det er aldri lett å møte Godøy på heimebane. Og sjølv om godøyværingane er dømde nord og ned og vel så det, og sjølv om dei ikkje seier det direkte neppe har ambisjonar om øvre halvdel, så har dei levert ein del OK resultat i det siste. Laget som vinn mest vinn denne kampen; U
* Bergsøy - Stranda. Bergsøy har vist seg å vere akkurat like gode som vi tippa før sesongen. 15 poeng av 18 moglege er sterkt. Stranda var nede i ein lang bølgedal, men var griseheldige som møtte eit kraftig redusert Hødd 2-lag sist runde - og vann 1-0. I Fosnavågen får dei derimot ingenting gratis. Soleklar H
MÅNDAG:
* Hødd 2 - Hareid. Så er det altså klart for det tradisjonelle "Battle of Hareidlandet". Litt tidleg å komme med eit fornuftig tips no, sidan vi ikkje veit kva lag Hødd 2 mønstrar. Det som derimot er heilt sikkert er at toppscoraren i 3.-divisjon, Kim-Tore Husøy, sonar for raudt kort mot Stranda. Og at Hareid har til gode å trene eller spele på gras så langt i år. Hødd 2 har ikkje tapt mot Hareid sidan 2006, og blir favorittar. Men vi tippar med hjartet, og håper i alle fall på eitt poeng. U
Meir om denne kampen laurdag
26.05. Info til a-spelarane
Det blir trening fredag. Hødd har som vanleg vore behjelpelege, og prøvar å fikse oss treningstid på deira andrebane (gras).
Endeleg beskjed kjem torsdag etter lunsj.
26.05. Tusj gjorde comeback då Hareid 2 vann
Hareid 2 spelte i dag bortekamp mot Haddal på Solsida. Dessverre var grasbana i svært dårleg forfatning, noko som gjorde at Hareid ikkje fekk til spelemønsteret dei vanlegvis brukar. Mykje vart i det heile ganske tilfeldig. Men Hareid vann kampen utan nemneverdige problem 2-1. Og ser vi på sjansar og spel, så burde det nok vore nokre mål meir. Trass Hareid-overtak i startfasen tok Haddal leiinga då Hareid slurva i det defensive arbeidet - og Tony Rasmussen fekk ballen i nota bak keeper (!) Jan Robin Haraldsvik. Fram mot pause klarte Hareid både å utlikne og å ta leiinga. Først 1-1 på straffe ved Peter Paus, og deretter 2-1 etter ein fin soloprestasjon av Gunnar Johann Ringstad. I 2. omgang vart det ingen mål. Hareid hadde nokre smellfeite sjansar som anten gjekk utanfor mål eller i klypene til veteranen Atle Moldskred. Haddal på si side viste at dei har heva seg mange hakk sidan i fjor, men spesielt farlege offensivt var dei vel ikkje. Dei jobba og stod på, og held dei fram slik vil dei snart få sin første siger på årevis. Mange ujamne prestasjonar på dagens Hareid-lag, men skal vi trekkje fram to så har begge Arve til fornamn. Arve Vestnes spelte godt både som ein av tre stopparar i 1. omgang, og som høgreback etter pause. Arve Haugland kom inn halvvegs, og vann mange viktige duellar i 2. omgang. Hareid har no fire sigrar og uavgjorte på dei seks første kampane. Rekorden på seks strake seriekampar utan tap i fjor vår er dermed tangert. Neste HIL 2-kamp er heime mot botnlaget Gjerdsvika neste onsdag.
Kampfakta:
5.-divisjon avdeling 2 runde 6, Solsida stadion (22 tilskodarar)
Haddal - Hareid 2.-lag 1-2 (1-2)
Mål Haddal: Tony Rasmussen
Mål Hareid: Peter Paus (straffe), Gunnar Johann Ringstad
Laget: Jan Robin Haraldsvik - Arve Vestnes, Rune Husø Johansen, Stian Garnes - John Anders Liaset, Espen Beiermann, Georg Rise Gaasø, Ivar André Aadland, Gunnar Johann Ringstad - Peter Paus, Dag Gøran Brandal
Inn: Paul Magne Worren, Arve Haugland, Hiwa Alipoor, Einar Orten Trovåg, Tommy P. Torsvik.
PS. Jan Robin Haraldsvik, som stod i mål for Hareid i dag, melder i morgon overgang til Haddal. Haraldsvik er i Hareids a-stall (som utespelar), men vil no trappe ned for å få tid til andre ting. Vi takkar for Jan Robin for innsatsen i sitt andre Hareid-opphald.
PS 2. Sist Tommy Torsvik spelte for Hareid var i 2001. "Tusj" rakk å få med seg 107 a-kampar for Hareid før han flytta ut for å studere. I dag var han alstå på heimlege trakter, og kom inn ti minutt før slutt for HIL 2. Vi gratulerer med re-debuten.
26.05. Hareid 2 til Solsida i dag
Hareid 2 har hatt kamppause i nesten tre veker, før det i dag igjen brakar laust. Haddal er motstandar på Solsida stadion. Haddal har forsterka laget kraftig sidan i fjor, men har ikkje hatt marginane på si side i kampane hittil. Dermed har dei berre eitt poeng på seks kampar. Hareid 2 har opna sesongen godt med tre sigrar, to uavgjorte og ingen tap. Må likevel kjempe hardt om poenga i dag på Solsida stadion. Bana byr neppe inn til finspel, og Haddal er eit hardtkjempande lag.
I fjor vann Hareid 2 heimekampen mot Haddal 19-1 (rekord for eit andrelag på Sunnmøre gjennom tidene). Bortekampen vann Hareid 10-3.
Dagens dommar er rutinerte Oddbjørn Aam.
26.05. Snur Pers i exit-valet etter massiv Facebook-støtte?
|
Per Ståle Nykrem mot Hødd 2 i 2008. |
Tysdag offentleggjorde Per Ståle "Pers" Nykrem at han skal reise så mykje i vår gjennom jobben at han ikkje finn det hensiktsmessig å spele for Hareid a-lag. I staden vil han melde seg inn i moderklubben Tjørvåg, slik han kan spele kampar for dei ved høve. Men Pers har alle føresetnadar for å bli ei viktig brikke for Hareid i år. For sjølv om han ikkje kan spele alle kampar, så kan han vere svært nyttig å ha ved fleire høve - sidan Hareid etter alt å døme mistar to eller tre viktige spelarar i sommar. Utover i tysdagstreninga prøvde mange av spelarane å påverke Pers til å halde fram i raudt, kvitt og blått. Og det såg ut til å gjere inntrykk, for den rutinerte publikumsfavoritten tvilte meir og meir på "valet" han hadde tatt før treninga. Etter at rykta om Pers-exiten begynte å gå utover tysdagskvelden, oppretta ein Hareid-supportar facebookgruppa "Støttegruppe for at Pers skal forbli Hareid-spelar" klokka 22.45. Ved midnatt hadde bortimot 100 facebook-medlemmer meldt seg inn, noko som tyder på at interessa for at Pers skal bli i Hareid er stor. Av dei som har meldt seg inn i støttegruppa finn vi mellom anna fotballformann Ottar Røyset, tidlegare fotballformann Einar Orten Trovåg, toppscorar Kim-Tore Husøy, kasserar Vagn Scheide Mork, billettør Monica Teigene, Larsnes/Gursken-trenar Anders Vaagen, tidlegare sekretær i fotballkrinsen Vegard Eikrem, den profilerte journalisten Ola Marius Rise, butikksjef ved Expert Saunesmarka Eiliv-Tore Howlid, Ullern-spelar Nikolai Røyset og Vestposten-skribent Hans-Olav Rise.
Utgangen av denne saka håper vi sjølvsagt er at Pers blir så rørt over den massive støtta gjennom Facebook at han i dag fortel Bjørge Worren at han held fram i Hareid.
Per Ståle Nykrem (f. 1981) er opphavleg frå Myrvågane. Spelte for Tjørvåg før han gjekk til Bergsøy rundt årtusenskiftet. Vart Hareid-spelar vinteren 2006, og har sidan spelt 105 a-kampar for klubben. Har gjennom heile perioden i Hareid vore svært populær blant publikum grunna sitt brennande vinnarhjarte og sin iherdige innsats. Vart mest brukt på kanten i 2006 og 2007, deretter sentralt på midten i 2008 og 2009. Begynte å trene litt seint i år, men starta bortekampen mot Norborg - som venstreback.
25.05. Årets første juniorsiger
|
På eit ungt og urutinert juniorlag er Georg Rise Gaasø god å ha - med sin innsats og fysiske spelestil. I dag starta Georg kampen som stoppar, der han sleit litt i starten. Han vart langt betre då han vart flytta framover på bana. Arkivfoto. |
I den femte serierunden skulle endeleg Hareid junior få sin første siger. Etter at trenar Ivar André Aadland kom på plass like før seriestart har det tatt tid å komponere eit lag og bli kjend med spelarar. Likevel har gutane spelt uavgjort mot eit topplag som MSIL, og vore gode tidsvis i dei andre kampane. Men i dag var det Hasundgot som var motstandar på Hareidsmyrane. Hareid fekk ein del forfall før kampen og stilte ein litt tynn tropp. Det gjorde det heller ikkje særleg betre at Håkon Orten Trovåg, som var frisk på høgrekanten i starten, tidleg måtte ut med skade. Aadland hadde satsa på fart på topp som hovudangrepsvåpen denne kampen, men spelet sat ikkje heilt i 1. omgang. I starten var Hareid klart best, men det jamna seg ut etter kvart. Innsatsen var ikkje heilt optimal, og det var noko urytmisk over spelet i høve kva vi veit spelarane kan på sine beste dagar. Hareid leia likevel 1-0 halvvegs. Fredrik Aursnes slo eit frispark frå 30 meter skrått som gjekk forbi alt og alle og i mål. Utover i 2. omgang begynte Hareid for alvor å skape mange sjansar. Men uttelljinga var dårleg, og noko unødvendig stoppa også bortelaget si offsidefelle Hareid gang på gang. Hasundgot var ikkje noko dårleg lag, men dei var langt betre bakover enn framover - i alle fall før dei flytta fysiske Vegard Sundgot opp som spiss på slutten. I Hareid sin gode periode kom typisk nok 1-1. Og med fem minutt igjen å spele scora Hasundgot nok ein gong. Det var då lyset gjekk opp for Hareid, kunne det sjå ut som. Ein veldig god sluttspurt med innsats som varemerke gjorde at Hareid snudde til 3-2 i sluttminutta. Først 2-2 ved Ådne Andersen, som litt etter litt fekk ballen i mål etter ei god presis målgjevande pasning frå Fredrik Aursnes. Deretter igjen mål ved Andersen, som kom seg rundt på høgresida og hamra ballen i mål.
Alt i alt var det ein svært varierande kamp av Hareid, men det viktigaste var at alle tre poenga vart lag igjen i Hareidsmyrane. Det gjer nok godt for sjølvtilliten til det unge laget. Verdt å merke seg er at ein ny keeper fekk prøve seg éin omgang i dag. Gutespelaren Kristoffer Riise kom inn for ein sjuk Kevin Hestholm i pausen.
Laget: Kevin Hestholm - Martinus Bjerknes, Kirthi, Georg Rise Gaasø, Stian Brandal - Fredrik Aursnes, Joachim Røyset (kaptein), Khasi - Håkon Orten Trovåg, Ådne Andersen, Fredrik Andresen.
+ Venthan, Kristoffer Riise, Akillan
Ref.
25.05. KurZ scora for Bergsøy
Som venta vann Bergsøy borte mot Norborg i dagens hengekamp i 3.-divisjon. Stillinga til pause var 1-3. Norborg reduserte på tampen til inga nytta. Andreas Johann Kurseth (biletet), som spelte for Hareid i fjor, scora eitt av måla.
Sigeren førte Bergsøy forbi Hareid på tabellen. Norborg har no tapt tre kampar på rad.
24.05. Juniorlaget prøvar igjen: Møter Hasundgot tysdag
|
Juniortrenar Ivar André Aadland håper å innkassere årets første trepoengar. |
Laget sin tillitsmann Kevin hestholm melder følgjande:
Etter ein dårleg kamp mot Blindheim sist håper vi å rette opp litt av inntrykket når Hasundgot kjem på visitt i morgon. Mange av spelarane kriblar i beina og gler seg for å vise seg fram, for dette er tross alt ikkje berre en vanleg kamp, men ein kamp mot klassekameratar og andre kjente som du ser på skulen dagen etter, denne kampen må oss berre vinne ! Som oss, spelte Hasundgot borte mot Blindheim i førre kamp, der vart stillinga også 5-1, men rykta sei at Hasundgot spelde heile kampen med 10 mann, så dette vert ingen lett kamp. Skadesituasjonen er omtrent den same som førre gong: Antoni knekt hand, Ingar betendelse, Robin har kyssesykja, Marcus influensa...
Tropp:
Akilan, Aksel Røyset Bakken, Kirti, Khasi, Georg Gaasø, Stian Brandal, Fredrik Aursnes, Håkon Orten Trovåg, Joachim Røyset, Martinus Bjerkvik, Venthan
Liaset, Fredrik Andersen, Ådne Andersen, Marcus Gjerde, Kevin Hestholm, Ingar, Antoni Gardshol
Kampstart 18.30 på Hareidsmyrane. Ta deg ein tur og sjå Hareid sine unge talent i aksjon.
24.05. A-lagstreninga tysdag
går 20.00 grunna juniorkampen 18.30.
23.05. Treningar for seniorlaga dei neste dagane
* Hareid 2 trenar måndag (2. pinsedag) klokka 14.00. Bortekamp mot Haddal onsdag. Meir om den tysdag.
* A-laget har kampfri veke. Treningane går tysdag, onsdag og torsdag, i utgangspunktet alle 19.30. Men det kan hende at ei av øktene blir lagt til Høddvoll for å få grastrening.
22.05. Statistikkhjørnet, EKSTRAUTGÅVE: Nye reglar for årets spelar-kåringa
|
Vagn Scheide Mork, årets Hareid-spelar i 2003. |
Vi har i det siste fått ein del tilbakemeldingar på at måten vi hadde tenkt å kåre årets Hareid-spelar på ikkje held mål. Planen var å kåre ein mann til dagens beste etter kvar kamp, og så telje opp etter 22 kampar kven som har flest bestemannspremiar - og kåre vedkommande til årets spelar. No har statistikkutvalet hatt ekstraordinært styremøte, og komme fram til at årets spelar blir kåra på denne måten:
* Vi kårar også i framhaldet dagens beste Hareid-spelar. Kvar bestemannspremie gir eitt poeng.
* Etter sesongen får spelarane og støtteapparatet stemme over kven dei meiner er årets Hareid-spelar. Dei får fem spelarar å velje mellom som blir plukka ut av statistikkutvalet. Vedkommande som får flest røyster får fem poeng, den som får nest flest fire etc.
* Den som til slutt får flest poeng, er årets Hareid-spelar i 2010 - offisielt!
Forstått?
Til no er det seks spelarar som deler førsteplassen i kåringa, med eitt poeng kvar:
Kim-Tore Husøy, Vagn Scheide Mork, Even Hansrud, André Egset Nupen, Ronny Jørgensen og Tore Johan Ytre-Hauge.
Kven som blir årets unge Hareid-spelar blir rett og slett bestemt av "komiteen". Årets unge spelar må vere 19 år eller yngre, og spele fast eller nesten fast i alle fall på a-laget.
22.05. Statistikkhjørnet: Keeper-Kim i fokus igjen
|
Kim-Tore Husøy har brukt hendene før. Her som keeper under Grendacupen i 2008. |
Statistikkhjørnet etter 3-1-sigeren mot Rollon.
* Hareid vann på heimebane mot Rollon for første gong i serien sidan 2006. Både i 08 og 09 vann Rollon på Hareidsmyrane stadion.
* Hareid har no vunne tre seriekampar på rad. Sist det skjedde var hausten 2008. Då var det Spjelkavik, FK Sykkylven og Langevåg som på rekke og rad fekk smake på Hareid-medisinen. Denne gongen var det Norborg, Stranda og altså Rollon som fekk unngjelde.
* Hareid har scora 19 mål så langt i årets serie. Berre Herd (22) har notert seg for fleire. Held Hareid fram på denne måten kan kasserar Vagn Scheide Mork gni seg i hendene over gode Måltips-inntekter:)
* Hareid har sluppe inn 12 mål så langt. Berre Herd (3), Bergsøy (6), Hødd II (8) og Spjelkavik (11) har færre baklengs.
* Kim-Tore Husøy vart den første Hareid-spelaren i år som vart utvist. Sist Husøy fekk det raude kortet var i fjerde runde i fjor mot Hødd 2. Også den gongen var det lange fingrar som sende Husøy i dusjen. Vi kan minne om at Husøy er ein ganske habil keeper. Dei to einaste gongane han har nådd Grendacupfinalen var begge som keeper (eit gull, eit sølv). Så at spissen av og til gløymer seg og nyttar hendene er kanskje til å forstå?
* Meir gledeleg for Kim-Tore Husøy er det at han for tredje kamp på rad scora to mål. Til saman har han ni seriemål, flest i avdelinga. 95 Hareid-mål totalt gjer også at det kanskje ikkje er så lenge før 100-målspokalen ryk ut av skuffa til statistikkføreren og ned på Solarium-bygget på Ytre Hareid. Men no blir det altså ein kamp på sidelinja før Husøy igjen får sjansen til å noterte seg på mållista.
* Hareid har spelt 21 kampar dette statistikkåret. Vagn Scheide Mork er den einaste som har spelt alle. Scheide Mork spelte forresten sin 285. kamp i går.
* André Nupen spelte sin 175. kamp, men Joachim Moldskred er aller nærast pokal for eit rundt tal kampar. Moldskred har ved 92 høve spelt a-lagskamp for Hareid.
Neste Hareid-kamp: Borte mot Hødd 2 måndag 31. mai.
21.05. Dykk i arkivet: Hugsar du denne gjengen?
|
Vi prøvar oss på alle namna. |
Vi skal tilbake til 1999. Hareid nådde eit i nyare tid historisk lågmål då dei tok to poeng i 3.-divisjon i 1998. Bjørge Worren (spelande) og Arne Klepp fekk det tøffe ansvaret med å prøve å byggje opp igjen laget. Det såg lenge svært lyst ut, men opprykket glapp og Hareid enda på 4.-plass i 4.-divisjon. Uansett var klatringa starta, for i 2000 rykte opp - og sidan har vi ikkje sett eller høyrt noko om 4.-divisjon. Som vi ser er det mange legender på lagbiletet. Egil Øvrelid herja ute på venstrekanten, sjølv om han ofte kunne virke litt frustrert fordi Bjørge Worren aldri sentra til han (eller var det omvendt?). Eiliv-Tore Howlid var ung og offensiv, mest brukande på midtbana eller som spiss. Men dei fleste på dette laget var endå yngre. Svein Inge Nesset var eit fast innslag på laget (som han framleis er), medan Peter Paus også fekk spele no og då. Begge er fødde i 1983. Det var stort sett berre hareidsdølingar på laget. Så vidt vi klarer å sjå var det berre Bjørge og broren Torbjørn som kom frå Ulsteinvik.
Biletet er funne i arkivet til årets Hareid-speaker (I 99 både speaker og materialforvaltar) Håvard Røyset.
21.05. 3.-divisjonsrunden
|
Kenneth Moldskred og Hødd 2 stilte eit ungt lag og tapte litt overraskande for Stranda. |
* Brattvåg - Herd 1-5
Mål Brattvåg: Torbjørn Grytten
Mål Herd: Andreas Ulvstad (2), Eivind Gjerde (sm), Jonas Ingebrigtsen, Finn-Erik Stavseng
* Hareid - Rollon 3-1
Mål Hareid: Kim-Tore Husøy (2), Svein Inge Nesset
Mål Rollon: Bjørnar Hoel
* Spjelkavik - Valder 3-3
Mål Vika: Martin Hansen, Vegard Nybø, Knut Arne Frostad
Mål Valder: Tom Gøran Jønsson, Ulrik Giske Holm, Emil Jensen
* Stranda - Hødd 2. lag 1-0
Mål Stranda: Martin Espelund
* Godøy - Volda 1-2
Mål Godøy: Lars Kristian Austnes
Mål Volda: Frantz Frantzen, Rune Haugen
(Ein del av infoen er henta frå voldasupporter.com)
Som vi ser tok Herd ein svært imponerande 5-1-siger mot Brattvåg. No har Herd 18 poeng av 18 moglege. På 2.-plass kjem faktisk Hareid (12 poeng), men Bergsøy på 3.-plass med like mange poeng og svakare målskilnad har Norborg tysdag - ein kamp dei etter alt å døme vinn. Også Hødd II med ni poeng har berre spelt fem kampar.
Vi merkar oss at Volda tok sin andre siger for året, og då har dei truleg starta "opphentinga" etter den svake sesongstarten med tre strake tap. Det er også verdt å ta ein kik nedst på tabellen. Både Rollon og Godøy har eitt poeng, og det har dermed faktisk blitt eit lite gap opp til Valder på 10.-plass.
21.05. Hareid opp på 2.-plass: 3-1 mot Rollon
Oppgjeret mellom Hareid og Rollon vart som venta eit innhaldsrikt oppgjer. Kim-Tore Husøy scora to, men vart også utvist. Svein Inge Nesset scora eit perlemål.
21.05. Bana er stengt
Entreprenøren på Stadionanlegget og Hareid Kommune varsla om at grasbana MÅ stengast for all bruk. Grunnen til dette er at dei no driv og rettar av banedekket for friidrettsanlegget, og då kan ingen gå over, og inn på grasbanedekket. Kolo Veidekke kjem i neste veke og skal avrette løpebanene med veihøvel. Ver vennleg å legg ut informasjon om dette på nettet, slik at ingen av laga i HIL går inn på anlegget i den fasen dei no er.
Helsing prosjektleiar, nye Hareid stadion
15 |